Hadia Tajik kan gjerne bli den første statsministeren med muslimsk bakgrunn i Noreg. I motsetnad til kva det synest som at somme i FrP gjer, finn eg ingen grunn til å mistenkje at Tajik har skjulte hensikter og står for noko gale, skriv stortingsrepresentant Jenny Klinge. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeiderpartiet (CC BY-ND 2.0)

Mot i brystet, vett i panna?

Massakrane og terroren som Den islamske stat (IS) står for i Irak og Syria er avskyeleg og skremmande. Skremmande fordi vi veit av utviklinga at stadig fleire uskuldige står for tur til å bli drepne, og skremmande også fordi folk frå Noreg reiser dit for å delta.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Korleis kan personar som har vakse opp i Noreg bli terroristar og drapsmenn, sjølvoppnemnte hellige krigarar? Ein ting er sikkert, det var ikkje slike gutar som dei som reiser til Syria det var tenkt på i denne barnesongen:

 Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,

ryggen rak og blikket fritt, se det er bra.

Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,

slike gutter det vil gamle Norge ha.

I Debatten på NRK1 28. august i år deltok fleire muslimar frå ulike miljø og med ulike roller. Diskusjonen handla om korleis ein kan førebyggje radikalisering, og kven som har ansvar for å gjera det. Og det handla om kvifor ting går gale med somme, som når ungdommar som har vakse opp i demokratiske og fredelege Noreg ender opp med å reise til Syria for å ta liv.

Abid Raja frå Venstre kritiserte Islamsk Råd for ikkje å ha vore raskt nok på banen for å fordømme ugjerningar, og dei ulike debattantane hissa seg godt opp til det som vart ein interessant debatt.

Ei av dei som deltok, var leiar av justiskomiteen, Hadia Tajik, som eit godt stykke ute sendinga utbraut: «Det eg syns er utruleg bra med denne debatten her, er at ein endeleg har ein offentleg skittentøyvask mellom muslimar. Det er så deilig å sjå på! Desse diskusjonane har ein til ein viss grad hatt internt i dei muslimske miljøa, men no har ein full frontal konfrontasjon, og ein har det i all offentlegheit. Det er fleire stemmar, det er unge stemmar, det er godt vaksne stemmar. Endeleg får ein det opp og fram. Det meiner eg er viktig både for den offentlege debatten, men det er òg ikkje minst viktig for andre unge muslimar, at ein har fleire førebilete å forhalde seg til.»

Tajik sette ord på noko viktig der, nemleg kor bra det er med ein open konfrontasjon som vi alle kan vera vitne til. For min eigen del, som skal ærleg innrømme at eg let meg skremme av religion som prøver å breie seg ut på kostnad av eit fritt samfunn, var det befriande at Tajik på dette viset også sa at det har vore nødvendig med ein skittentøyvask. Ein kan gjerne harselere med nordmenn som framstår som fulle av framandfrykt når dei er redde for at islam skal breie seg ut, men det kjem jo av at risikoen blir oppfatta som reell. Ein ser kva som skjer i andre land, og ein ser kva somme ekstreme menneske her i Noreg kan få seg til å meine, og så kjem usikkerheita om kva dette inneber for framtida vår.

Det var framheldt i debatten på NRK at imamar og Islamsk Råd må ta eit oppgjer med seg sjølv. Og språket i moskeane vart nemnt; at ein må formidle islam også på norsk språk for å nå fram til ungdommen. Men så kjem det ein kjettersk og mistenksam tanke i mitt ateistiske hovud: Er meir religion ein suksessfaktor i kampen mot fundamentalisme?

Jau då, eg forstår at det innad i religiøse grupper er viktig at den mest humanistiske versjonen av religionen vinn terreng over tolkingar som er ekstreme. Men kva med å slakke på dei religiøse krava? Og korleis er aksepten i muslimske miljø når nokon finn ut at dei faktisk ikkje trur på gud? Korleis blir det motteke, til dømes sett i forhold til om vedkommande skulle vorte ein religiøs fundamentalist? Er dette sett som verre eller betre enn å «vende ryggen til gud»?

Eg stiller desse spørsmåla fordi eg meiner at ein viktig del av årsaka til at Noreg har utvikla seg til å bli eit demokratisk og liberalt samfunn tufta på humanistiske verdiar, er at religiøse påbod og forbod ikkje står sterkt her. Frå miljøa med den mørkaste kristendommen eller frå sekter, er forteljingane sterke om kor vanskeleg det kan vera å vera barn og ungdom, kor kontrollerande og hardt religionen kan bli brukt. Men dette er ikkje utbreidd i Noreg, og staten vår er ikkje ein religiøs stat. Og måtte ein eventuell gud forby at staten vår nokon gong blir det.

Løysinga for å unngå religiøs ekstremisme, og at ungdommar med minoritetsbakgrunn reiser ut for å slutte seg til IS, er såleis ikkje nødvendigvis meir religion. Tvert imot, framtida ligg heller i mindre religion, mindre såkalla gudfryktigheit og meir humanisme.

Tilbake til NRKs Debatten. FrPs stortingsrepresentant Mazyar Keshvari tala om ein verdikamp mellom liberale, humane verdier på den eine sida og inhumane, intolerante verdiar på den andre sida, og ville deretter dra i gang ein innvandringsdebatt. Ja, vi kan gjerne tala om denne verdikampen. Men ved heile tida å laga eit skremmebilete av innvandring som fenomen, meiner eg FrP i verste fall bidreg til meir radikalisering og aukar problema.

For er det noko som byggjer avstand, som tilspissar konfliktar i samfunnet, er det å laga skarpe skilje mellom «dei» og «oss» og det å gjera at enkeltmenneske og grupper av menneske ikkje kjenner seg velkomne og inkluderte. Dei av oss som har opplevd å bli mobba, veit kva det gjer med kjensla av gruppetilhøyrigheit: Ho kan opphøyre å eksistere. Overført til debatten om radikalisering: Ein byggjer ikkje lojalitet til Noreg viss ein stadig blir omtalt som ein «jævla innvandrar» og nokon som uansett aldri blir god nok.

Samstundes som eg innrømmer at eg veit altfor lite om kva mekanismar som slår inn når nokon utviklar seg til ekstremistar, terroristar og drapsmenn i religionens namn, vil eg framhalde at det også må ha noko med korleis oppveksande ungar blir tekne vare på av familien og av samfunnet rundt. Det at vi alle har eit ansvar, er eit forslitt uttrykk, men like fullt gyldig.

Då Hadia Tajik mot slutten av Debatten på NRK1 konfronterte Keshvari med måten folk i FrP har trakassert ho på og brukt den religiøse tilhøyrigheita henner mot ho på, slo det meg at barnesongen «Mot i brystet» kunne passe slik for denne anledninga:

Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,
(…)
slike jenter det vil gamle Norge ha.

Tajik gjer meg meir optimistisk for framtida. For min del kan ho gjerne bli den første statsministeren med muslimsk bakgrunn i Noreg. I motsetnad til kva det synest som at somme i FrP gjer, finn eg ingen grunn til å mistenkje at Tajik har skjulte hensikter og står for noko gale.

Eg stoler på at ho ikkje vil at religion skal gå framfor politikk, og at ho ikkje vil ha ein annan type stat med andre typar verdiar enn det staten Noreg no er tufta på. Ho har vore ein del av framskrittet i dette landet vårt, ho har både mot og vett, og ho kjem til å vera ein positiv del av framtida også.

Ei anna jente vi har sett nyleg som har mot i brystet, er ei av initiativtakarane til den store demonstrasjonen mot IS som vart heldt i Oslo måndag 25. august. Ho har uttrykt verdifull motstand mot ekstreme handlingar. Men som Andreas Hompland skriv om ho i spalta «Sideblikk» i Dagbladet 30. august: «Den feira appellanten Faten Mahdi Al-Hussain vil også leva under ein islamsk stat – ikkje denne islamske staten, men ein riktig islamsk stat.» Nei takk til begge delar, seier no eg.

Mange har betryggande nok teke avstand til det IS driv med – og til det Profetens Ummah her til lands står for. Men spørsmål eg sit att med etter å ha sett reportasjar frå demonstrasjonen og etter å ha sett Debatten, er likevel mellom anna desse: Kor sterkt står religionen blant muslimar i Noreg og i andre land? Kva inneber dette i praksis? Kva er oppslutninga om sharia-lover og at religiøse forbod og påbod skal stå over humanistiske verdiar når desse er i konflikt med kvarandre?  Kor utbreidd er ønsket om ein islamsk stat? Eg håpar dette blir tema for ein seinare debatt.

Når det gjeld kampen mot ekstremisme, kan vi ta med oss den siste delen av «Mot i brystet»:

Vi skal lære, vi skal øve, vi skal krefter vinne,

krefter som kan holde ut en alvorstørn.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Kai A. Olsen og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama. 

  • Thor Alexander Michelsen

    Ohh wow. Muslimsk statsminister. Ikke en Norsk men en muslimsk en. Der er jo hele problemet. De er muslimer ikke nordmenn. Kristne er nordmenn som er kristne. Muslimer er muslimer som er nordmenn.