Alle innlegg av Jenny Klinge

Er du heilt på nett, eller?

Det kan bli både for lite og for mykje av oss politikarar. Men det som er sikkert, er at politikarar må rekne med å bli vurderte nøye, av media og veljarar. Om vi er ofte nok på nett, er eitt av målekriteria. Nyleg har Sylvi Listhaug fått veldig mange fleire følgjarar på Facebook. Ho har … Fortsett å lese Er du heilt på nett, eller?

By og land kan gå hand i hand

Ja, vi nordmenn elskar landet vårt. Aller mest elskar vi den staden vi kjem frå. Ikkje alle sjølvsagt, men heimstaden betyr noko spesielt for dei fleste. Sjølv om vi har uttrykket by og land – hand i hand, kan det likevel synast som om det er påfallande mange i byane som går ut frå at … Fortsett å lese By og land kan gå hand i hand

«Gutejente» eller «jentegut»?

Eg let meg stadig forbløffe over kor mykje rart som går føre seg rundt om i det vakre landet vårt. Nyleg var det ei nyheit frå ein skule i Trondheim som fekk meg til å himle med augene og riste på hovudet. Strengt tatt er ikkje eigne jente- og gutegrupper i skulefritidsordninga (SFO) ved Steindal … Fortsett å lese «Gutejente» eller «jentegut»?

Eit eventyr utan ferje

Eit ferjefritt eventyr ventar på kyststamvegen E39 frå Kristiansand til Trondheim dersom alt går som det skal. For Møre og Romsdal sin del inneber dette tre store ferjeavløysingsprosjekt. Møreaksen ligg fremst, og førebels ser det ut for at rekkjefølgja vidare her i fylket blir Halsafjorden og så Hafast. Sjølv har eg ingenting mot ferjene – … Fortsett å lese Eit eventyr utan ferje

Eit mangfald av bønder

Eg veit ikkje akkurat om jordbruksforhandlingane er vårens vakraste eventyr, men desse årlege forhandlingane høyrer i alle fall våren til. Og strengt tatt er det meir som eit eventyr at det finst jordbruk i nær sagt alle delar av dette kalde, bratte og våte landet vårt. Jordbruk og landbruk handlar om å bruke jorda og … Fortsett å lese Eit mangfald av bønder

Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen

Eg visste ikkje at ei fredsdue har hengt i lysekrona i stortingssalen før, men eg veit at Lynet McQueen har hengt der oppe i taket rett ved den flotte lysekrona. Eg skal snart fortelje om begge desse hendingane, men først litt om bakgrunnen for at eg fortel om dette: Vi veit lite om kva framtida … Fortsett å lese Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen

Språk er makt – og maktmisbruk?

Språket vårt, som vi uttrykkjer kjærleik og humor med, kan også nyttast som ufint maktmiddel. Slik er det berre. Men det er ein fordel om flest mogleg er klår over korleis ord og språk kan misbrukast, for då kan ein avdekkje dette og unngå å bli offer for maktbruken. Språket vårt er viktig – vi … Fortsett å lese Språk er makt – og maktmisbruk?