Tigging. Foto: Danijel Sivinjski - https://creativecommons.org/licenses/by-nc/2.0/

Tigging og gullhår i ræva

Eg innrømmer det frå første setning: eg er lei av temaet tigging etter at debatten for og mot eit tiggeforbod har rast heftig ganske lenge no. Men eg kan ikkje klage. Eg har sjølv bidrege noko til at debatten har rast, og ikkje minst til at det frå før neste sommar ligg an til å koma på plass eit nasjonalt forbod mot tigging.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Før Stortinget tredde frå kvarandre i juni, vart nemleg dei to regjeringspartia H og Frp og Senterpartiet, som eg representerer, samde om dette.  Eit fleirtal på Stortinget ba regjeringa om å koma attende med ei sak om eit nasjonalt forbod, noko som inneber at vi jo får debatten i endå ein runde til (minst). Allereie frå i sommar av har kommunane høve til å definere heile kommunen sin som tiggefri sone, og i første halvdel av 2015 kjem det ei lovsak om eit nasjonalt forbod.

Eg har stilt meg sjølv mange spørsmål undervegs i arbeidet med å få på plass eit forbod. Kva er det med dette temaet som engasjerer oss så mykje som det tydelegvis gjer? Er det verkeleg, som det somtid blir påstått, ein skilnad i menneskesyn som gjer at somme konkluderer for og andre mot eit forbod? Korleis kan vi best hjelpe folk? Gjer vi tilhøva til dei svakaste verre om vi innfører eit forbod, eller vil det i sum bli fleire som klarer seg betre om eit tiggeforbod blir innført? Kvifor bruker så mange setninga «vi kan ikkje forby alt vi ikkje liker»? Og kvifor går forkjemparane for tigging ut i frå at motstandarane er fødde med sølvskei i munnen og gullhår i ræva?

Sjølvsagt har eg teke opp standpunktet mitt til ny vurdering innimellom, slik eg meiner alle politikarar burde gjera. Skråsikker er noko ein gjerne kan framstå som utad i paneldebattar, men inni oss bør tvilen få pirke borti frå tid til anna.

Eg skal ikkje prøve å svara på alle dei nemnte spørsmåla her. Men til spørsmålet om menneskesyn. Ja, kanskje handlar det litt om det. I så fall er det ikkje nødvendigvis slik det ofte blir påstått, at det å vera mot tigging er det same som å mangle respekt for tiggarane. Eg trur dei fleste tenkjer at det er ulike grunnar til at folk tigg, og at somme ikkje ser nokon annan utveg. Men når ein kjem til å tolke verkelegheita, til å leite etter større samanhengar og til å sjå kva mekanismar som verkar, skil vi oss frå kvarandre. Vi vurderer rett og slett årsakssamanhengane ulikt.

Eg meiner vi gjer ei bjørneteneste ved å tillate at folk får sitje på asfalten med ein kopp. Noreg bidreg økonomisk til prosjekt for at ungar av tiggarar skal få skulegang, men det er vanskeleg å få foreldra til å ta imot tilbodet all den tid tigging er lovleg. Dette kjem eg tilbake til nedanfor. Andre meiner at det å ikkje la foreldra få sitje med koppen vil føre til at ungane deira svelt. Uansett oppfatning om dette, er utgangspunktet ein omtanke for andre menneske, ikkje mangel på omtanke eller respekt.

For min del er eg oppteken av langtidsverknadene, kva det er vi legg til rette for ved å meine at tigging skal vera ok. Vi veit at omreisande grupper av tiggarar kan vera knytt til kriminelle nettverk, der folk blir tvinga til å tigge og stela, medan bakmennene – som gjerne også driv vinningskriminalitet undervegs på reisene –  får pengane. Hordaland politidistrikt har teke temaet menneskehandel på alvor, og har mellom anna rulla opp ei alvorleg sak som går på nettopp dette. I mitt menneskesyn inngår ei realitetsorientering om at ein del menneske faktisk utnyttar andre grovt.

Mange innan politiet meiner at eit generelt forbod mot tigging vil vera eit godt verktøy for å førebyggje og nedkjempe slik tvang, og til å førebyggje vinningskriminalitet. Som justispolitikar har eg valt å lytte til desse. I bakhovudet ligg det faktum at lommetjuveria i Oslo etter at tiggeforbodet vart oppheva i 2006 har auka så gale at vi no har like mange lommetjuveri i hovudstaden vår som dei har i Berlin. I den tyske hovudstaden er det sju gongar så mange innbyggjarar som i Oslo. Det seier kanskje mykje. Eller kanskje ikkje.

Vi spør gjerne ungar om kva dei vil bli når dei blir store. Og vi veit at foreldra og miljøet rundt påverkar kva draumar og framtidsvoner ungane har. I ein dokumentar om rumenske tiggarar på NRKs Brennpunkt for nokre få år sidan viste dei søskenflokkar som var aleine heime medan foreldra var i Noreg på månadsvis. Ungane passa kvarandre. Intervjuaren stilte spørsmålet «kva vil du bli når du blir stor?» til nokre av desse ungane. Svaret var tiggarar.

Foreldre som får tilbod om ein pengesum for å la ungane gå på skulen, takkar nei for heller å få tigge, og let tilværet som tiggar gå i arv. Og argumentet mange bruker, er at dette er «kultur». Kunne ukultur også vore ordet?

Forenklar eg verkelegheita når eg trekkjer fram dette? Eg gjer sikkert det. Men eg kan ikkje forstå at det å la tigging vera lovleg er eit hjartevarmt grep for å sikre folk ei betre framtid. Ingen har tigga seg til eit betre liv. Men dei som får gå på skule og ta utdanning som grunnlag for å få arbeid, kan skaffe seg eit betre liv. Viss vi på den eine sida gir hjelp til sjølvhjelp, og på den andre sida ikkje hindrar eit fenomen som let sosial naud gå i arv, sit vi att med same resultat: mangel på resultat.

Når det gjeld den sosiale dimensjonen ved dette, burde vi gjera meir for å gje ungane og ungdommane ei betre framtid. Ordninga med å gje økonomisk stønad til fattige foreldre for at dei skal la ungane få skulegang, er eit godt grep – føresett at ikkje argumentet om kultur og tradisjon blir brukt mot ordninga. Og føresett at det å tigge ikkje blir meir attraktivt enn det å la ungane få denne skulegangen, eller at ein blir tvinga til å tigge.

Internasjonalt er det mange tragiske historier knytt til dette siste. Foreldre sel ungane sine til bakmenn. Ungar får kasta syre på seg, blir gjort funksjonshemma og blir blinda for at dei skal vera meir økonomisk innbringande for dei som vil tene pengar på dei. Og det er mykje pengar i verksemda, overraskande mykje pengar.

Er det nokon som har gullhår i ræva, er det dei som klarer å utnytte andre på grovt vis, og særleg ungar.  Små og gjerne funksjonshemma ungar framkallar meir gjevarglede hos dei som meiner at det å gje til tiggarar er eit godt sosialt tiltak. Å leggje til rette for tigging, er på somme vis noko liknande som det å leggje til rette for prostitusjon. Det gjer det lettare for somme å utnytte andre, til å tene på menneskehandel og til å kombinere dette med andre typar kriminalitet. I denne samanhengen betyr det null og niks at eg er lei debatten om eit tiggeforbod.

Konklusjonen min etter all tvilsprøving er at umaken ved debatten kan vera verdt det om det reddar ungar og fattige menneske frå å bli utnytta, og om det fører til at fleire kan skaffe seg ei betre framtid.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Kai A. Olsen og Jenny Klinge er faste spaltistar i Panorama.

Én kommentar til “Tigging og gullhår i ræva”

Det er stengt for kommentarer.