Natt til søndag skal klokka stillast ein time tilbake. Det syns ikkje spaltist Jenny Klinge noko om. Foto: Youssef Abdelaal (CC BY-NC-SA 2.0)

Når klokka skal stillast igjen

Til og med planter har døgnrytme. Men i motsetnad til mange menneske, let naturleg nok ikkje plantene seg irritere over at klokka må stillast to gongar årleg.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Verre er det med meg. Ein ting er at eg let meg irritere, i tillegg blir døgnrytmen skipla av dette også.

Som folkevalt arbeider eg for alt frå ferjeavløysingsprosjekt til tiltak mot vald og overgrep. Midt oppi alle dei større og mindre sakene eg bruker tid på, vel eg med eit halvt års mellomrom å ytre meg om klokka. Eg har vent meg til at det deretter kjem spørsmål frå somme om eg ikkje har viktigare ting å ta meg til. Då ber eg dei begynne å følgje med, og gjerne også å krype ut av hola si og støtte meg neste gong eg debatterer til dømes omskjering av smågutar.

Eg meiner at når noko framstår som unødvendig tull, må vi bli kvitt det. Praksisen med å veksle mellom sommartid og normaltid framstår som nettopp tull. I tidlegare tider var det for å spara straum at ein ville ha sommartid, men i dagens industrialiserte samfunn skal visst ikkje dette ha noko å seie lenger.

Eit godt argument for å slutte å stille klokka, er at særleg omstillinga på våren, når folk mistar ein times søvn, går ut over helsa vår. Studiar har vist til fleire blodproppar og hjarteinfarkt enn vanleg i dagane etter vi stiller klokka fram, likeeins fleire trafikkuhell på grunn av meir ukonsentrerte sjåførar. Folk som tek viktige medisinar og må ta desse til same tid kvar dag, får problem. Og har ein søvnproblem eller psykiske vanskar frå før, blir det ikkje lettare av at døgnrytmen blir skipla som følgje av at vi må stille klokka. Urmakarane har sitt svare strev med å stille alle klokkene, og vi andre, somme av oss er jo distré, kan ha vårt svare strev med å hugse å gjera det.

I åra mellom 1940 og 1965 stilte ein klokka til sommartid ganske ofte her i Noreg, men temaet skapte debatt og Stortinget vedtok i 1965 å halde fast på normaltid heile året. Det året eg fylte fem, i 1980, vart det dessverre innført på nytt. Vi samkøyrer no med EU si sommartid, så dei fleste land i Europa stiller klokka same helg. Det er jo ein fordel, når ein først skal halde på med dette.

Så er spørsmålet, bør det halde fram slik? Den oppvakte lesar har allereie forstått at svaret mitt er nei. Eg har teke opp temaet med to næringsministrar, i 2011 med statsråd Trond Giske frå den raud-grøne regjeringa, og no i vår med Høgre-statsråd Monica Mæland. Begge hadde dessverre same tilnærming om at dette er noko vi berre må leva med. Dei hadde ikkje nokon intensjon om å ta opp saka vidare med EU.

Eg meiner nemleg at det er slik vi må begynne, ved å høyre om EU-landa vil slutte å stille klokka, slik at ein kan oppnå at heile EU-området blir koordinert. Viss det er håplaus, kan vi uansett vurdere å slutte sjølv.

Eit anna spørsmål er, viss vi får slutt på at klokka skal stillast vår og haust, skal vi då velje normaltid heile året (det vi gjerne seier vintertid om) eller såkalla sommertid heile året? Her er det argument både for det eine og det andre. For oss som er B-menneske, er det truleg ein fordel om det er normaltid heile året.

Viss ein derimot framleis skal oppfylle eitt av føremåla med å stille klokka framover om våren, nemleg å få lysare ettermiddagar og kveldar, bør vi innføre sommartid heile året. Det ville føre til at mange fleire av oss fekk ein time ekstra med lys etter jobb og skule i større delar av året. Det er jo nitrist når vi no på hausten stiller klokka, for så å oppleva at tida ein hadde til å vera utandørs på ettermiddag og kveld krympar inn over natta.

Eg er mest oppteken av at vi sluttar å stille klokka. Dernest har eg førebels konkludert med at eg håpar på sommartid heile året. Sunn døgnrytme kjem eg truleg aldri til å kunne skryte på meg uansett, udisiplinert B-menneske som eg er, men du kor godt det ville vore å sleppe denne klokkestillinga meir.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Kai A. Olsen og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.