NTNU (bildet) vil fusjonere inn Gjøvik nettopp fordi dei har vore innovative som små, skriv professor Håvard Teigen. Foto: Eirik Refsdal (CC BY 2.0)

Høgskulereforma: Utvikling eller avvikling av høgskulane våre?

Det kanskje viktigaste spørsmålet Oppland står overfor nett no er om Høgskulen i Lillehammer skal halde fram som sjølvstendig, fusjonere eller finne ei anna samarbeidsform.

Av HÅVARD TEIGEN, professor i regional økonomi og politikk ved Høgskolen i Lillehammer

Otto Kaltenborn reflekterer over dette under aktueltspalta i GD  (6.3). Han argumenterer for at HiL i likskap med Gjøvik burde orientere seg mot enten Oslo eller Trondheim, men i og med at fusjonsalternativet er borte foreslår han eit ei lausare tilknyting  og avsluttar med eit spørsmål: En slags EØS-avtale, kanskje?

Eg har forstått det slik at både Oslo og Trondheim er uaktuelle alternativ nå, men eg er samd i at slik alternativ tenking er kreativt og at det kan vere offensivt og jamvel innovativt. Mitt alternative forslag er: Ein slags sparebankmodell, kanskje?

Dei små ofte innovative

NTNU (bildet) vil fusjonere inn Gjøvik nettopp fordi dei har vore innovative som små, skriv professor Håvard Teigen. Foto: Eirik Refsdal (CC BY 2.0)
NTNU (bildet) vil fusjonere inn Gjøvik nettopp fordi dei har vore innovative som små, skriv professor Håvard Teigen. Foto: Eirik Refsdal (CC BY 2.0)

Først til nokre kjernespørsmål i den fusjonsprosessen som nå føregår over heile landet. Det blir påstått av rektor ved UiO at når det gjeld bidrag til innovasjon og næringsbygging, er størrelse heilt avgjerande. Heldigvis veit vi at denne påstanden ikkje er riktig. Samanhengen er heller denne: Små organisasjonar er ofte innovative. Mange av dei er også både innovative og gode i næringsbygging på grunnlag av innovasjonane. Når det gjeld dei store bedriftene med eigne forskingsavdelingar og dei store og rike universiteta, er samanhengane mellom kreativitet, innovasjon og utvikling meir kompleks – fordi desse institusjonane kan «kjøpe seg til suksess». Slike organisasjonar har ofte som strategi at dei finn små og kreative miljø (personar, bedrifter, osv) for så å kjøpe dei opp, eller fusjonere dei inn på annan måte. NTNU vil fusjonere inn Gjøvik nettopp fordi dei har vore innovative som små. Det er sagt og skrive eksplisitt og Gjøvik har med rette sett på dette som ei stor ære.

Kva skjer når dei små blir fusjonert?

Men kva seier forskinga om fusjonar generelt og innan forsking spesielt? Det er dette vi nå burde skaffe oss meir kunnskap om, men noko veit vi om utfall på lengre sikt når ein liten går inn i noko langt større. Det er tre alternative hovudutfall:

  1. Det kan gå som Gjøvik satsar på. At dei også i framtida blir nasjonalt leiande på eit felt og enda betre enn før gjennom å få tilført kompetanse og økonomi frå hovudbølet i Trondheim.
  2. Hovudkontoret vel å avvikle filialen (det var dette BI gjorde da dei la ned Gjøvik-filialen for nokre år sidan).
  3. Trondheim får den avanserte produksjonen og den strategiske kompetansen, medan filialen (Gjøvik) leverer enklare produksjonar og produkt. I dette tilfellet betyr det at Gjøvik vil utdanne BA-kandidatar (og truleg også MA-kandidatar) og forsyne Trondheim med det beste frå innlandet til doktorgrader og framifrå forsking ved hovudbølet.

Forskinga på feltet viser at det er alternativ 3 som ofte skjer på lang sikt. Dette er derfor kalla ein «regel» (Hymers regel).

Det vi altså veit, er at når ein liten aktør som Gjøvik blir fusjonert inn i ein langt, langt større – som NTNU, vil dei strategiske avgjerdene i framtida bli teke i Trondheim. Gjøvik blir avhengige og ikkje sjølvstendige.  Eg tvilar ikkje på at motivet til den nåverande leiinga i NTNU er ærleg og oppriktig, altså at den nåverande leiinga har ein strategi der Gjøvik også i framtida skal ha spisskompetansen på for eksempel informasjonsteknologi. Men ny leiing på NTNU kan i framtida utvikle nye strategiar. Da er alternativ 2 og 3 reelle alternativ, med alternativ 3 som den mest sannsynlege.

Sparebankmodellen

Derfor er det alternativ til fusjon HiL, i motsetnad til Gjøvik, bør vurdere som sitt alternativ. Det som HiL, Volda og Molde har byrja å tenkje på, er det som kan kallast «Sparebankmodellen», forstått som ein variant av den måten som små sparebankar har organisert seg på i Eika-gruppa, og mindre og til dels noko større sparebankar har organisert seg på Sparebank 1- gruppa. Sparebankmodellen har følgjande kjenneteikn som er spesielt relevante for høgskulesektoren:

  1. Dei sjølvstendige bankane ligg spreidd over heile landet og samarbeider   om spesialiserte oppgåver der kvar av dei er for små.
  2. Det er dei mange små og sjølvstendige bankane som eig fellesskapet, ikkje omvendt som i flyselskapet Norwegian (Holding-modellen).
  3. Dei einskilde bankane kan gå ut og på nytt bli sjølvstendige dersom dei finn at alliansetilknytinga ikkje lenger er tenleg.

Sparebankane har lang tradisjon for å samarbeide på denne måten. Det var hovudforklaringa på at dei mange, små sparebankane klarte seg best – og i praksis viste seg å ha den beste kompetansen – i den store bankkrisa omkring 1990.

Her i fylket valte dei fleste sparebankane å la seg fusjonere inn i det som seinare vart den største sparebanken i landet (NOR). Lovnaden var at dei tidlegare for små bankane skulle få tilført kompetanse og ny vekst. Det skjedde aldri. Først stagnerte dei og miste alle leiingsfunksjonar (Hymers regel), så vart dei nedlagde. Dei bankane som ikkje gjekk inn i NOR har hatt ein eventyrleg vekst (eks. Lom og Skjåk Sparebank og Gudbrandsdal Sparebank). Dei har oppretta filialar der storbanken som skulle gje så storarta utvikling, har lagt alt daudt. I motsetnad til i Oppland klarte Sparebanken Hedmark i siste runde å fristille seg frå storbanken. Vi har sett at dei derfor har vore i stand til å ha ei svært viktig rolle i utviklinga av Høgskulen i Hedmark. Lillehammer har derimot ikkje ein bank som løftar ein finger – eller langt mindre nokre millionar, for å hjelpe til med utviklinga av HiL.

Kva kan vi lære av sparebankane?

Bank og høgskule er to heilt forskjellige ting, vil mange seie. Ja, – men variantar av samarbeidsmodellen er kjent også for høgskular og universitet i andre land. Sparebankane har valt å samarbeide for å vere i stand til bli fullverdige finanskonsern som ikkje berre har reine bankfunksjonar, men også andre former for kapitalforvaltning som fond, forsikring, eigedomsdekning osv. Ikkje minst tek dei store utviklingsoppgåver med omsyn til utvikling av moderne tenesteteknologi (som nettbank). Høgskulane kan på same vis finne ut kva det svarar seg å samarbeide om: store forskings- og utviklingsprosjekt, felles sekretariat for EU-forskingsprosjekt, digitale læringsplattformer osv. Dette kan vise seg å vere eit langt betre alternativ enn fusjon.

Verken fusjonar eller partnarskap er uproblematiske – og kostnadene blir nesten systematisk undervurdert og gevinstane ofte overvurdert. Fusjonar mellom likeverdige partar der det blir etablert ein ny organisasjon med nytt namn, er noko heilt anna enn å la seg innfusjonere i ein stor organisasjon og underleggje seg denne. Å tru at Gjøvik er ein likeverdig part med NTNU, er å stikke hovudet djupt sanden, – eller kanskje jamvel nedi Mjøsa. Det kan oppstå pusteproblem av mindre.

 

RELATERTE ARTIKLER:

Vet vi hva vi vil?

Vi vet hva vi vil

Frykter at UH-sektoren i fylket blir filialisert

Slå sammen Høgskolen i Molde med NTNU

Én kommentar til “Høgskulereforma: Utvikling eller avvikling av høgskulane våre?”

Det er stengt for kommentarer.