Turmat på hotellet og trim på ferjedoen. Det er valkampturné for for Jenny Klinge. Foto: Privat

Uhøfleg valkamp

Korleis skal ein unngå å vera uhøfleg i valkampen? Og korleis er eigentleg livet for nokon som driv  valkamp?

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Nyleg fekk stortingsrepresentant Trond Giske frå Ap overraskande kritikk frå rektor ved Molde vidaregåande skule, Oddgeir Overå. Rektoren meinte Giske verka uinteressert under eit besøk på skulen, fordi han fikla med mobiltelefonen i staden for å følgje med på presentasjonen hans. Sidan har somme ergra seg over Giske, medan andre har ergra seg over Overå. Dei i sistnemnte kategori meiner det var unødvendig av rektoren å gå ut offentleg med slik kritikk.

Sjølv er eg ein av dei tidvis (eller heller ofte) forhatte politikarane som rek land og strand rundt for å besøke skular, sjukeheimar, gardsbruk og andre store og små bedrifter, lensmannskontor, brannstasjonar, fiskebåtar, vegprosjekt, fengsel, sjukehus og domstolar  (puh!) med meir. Vi gjer dette heile året, men sjølvsagt aller mest under valkampane.

Min første valkamp var for seksten år sidan, og sidan har eg vore med i lokalvalkamp, fylkesvalkamp og stortingsvalkamp. Somme av oss som sit på Stortinget liker å drive valkamp, andre av oss hatar det. Felles for oss er at vi må gjera det uansett. Og felles for dei fleste av oss er at valkampen er inni hampen travel.

I tillegg til å reke rundt skal vi ta unna telefonar, meldingar og e-postar, vera aktive i sosiale media, følgje med i tradisjonelle media og aller helst koma med geniale medieutspel undervegs. Det er møte med lokallag eller paneldebattar etter at besøksopplegga på dagtid er slutt, og mange av oss har mange kilometer å leggje attom oss på veg mellom kvar stoppestad. Ferjetider må sjekkast, overnatting må vi hugse å bestille, og pinadø må vi ikkje ha mat innimellom også.

Berre dette siste kan by på store nok problem, for det er ikkje alltid lagt opp til at det skal vera tid til å eta. Og når dagens program endeleg er over, kan det hende ein skal køyre i tre timar til før ein når fram til hotellet, og ein innser at restauranten der vil vera stengt før ein kjem fram. Då blir det å eta pølse og brød på ferja, viss ein reiser med ei ferje som har open kiosk og viss ein tåler brød (det gjer ikkje eg).

Det eg i staden kan gjera på ferja, er å trimme litt. Eg håpar kvar gong at det ikkje skal vera eit skjult kamera på toalettet, for det er dit eg fer for å få litt etterlengta trim. Knebøy og andre øvingar på ferjetoalettet er undervurdert som fysisk fostring for travle menneske, men ein må innimellom sjølvsagt sjekke om det er kø utanfor.

Kveldsmat på hotell etter ei flyreise. Foto: Privat
Kveldsmat på hotell etter ei flyreise. Foto: Privat

Løysinga mi på matproblemet er å ta med seg kokte egg på tur, gjerne termos med varmt vatn og Real Turmat-pakkar. Gullbrød og mørk sjokolade er eit must. Eit av dei mest komiske minna eg har frå valkamp, er då eg for to år sidan hadde stoppa i ein vegkant og stod og kakka skalet på eit kokt egg mot autovernet for å få stappa i meg eit egg før neste post på programmet. Eg kunne ikkje like godt gjera dette medan eg køyrte. Med det same kom ein bil køyrande, og det forundra uttrykket i ansiktet på karen bak rattet gløymer eg aldri. Eg innsåg at eg måtta ha framstått som eit menneske som verkeleg trong hjelp. Og det trong eg også – eg trong hjelp til å få dekt grunnleggjande behov som mat, og også til å få dagane til å gå i hop. Men mange av oss reiser aleine på desse ferdene.

I historia om Trond Giske som sat og fikla med mobiltelefonen, vart det forklårt med at han ikkje hadde rådgjevaren sin med på reisa (han er nok ein av dei privilegerte som vanlegvis har med seg nokon på tur). Eg veit nøyaktig kor stressande det kan vera å vita at ein skulle ha gjeve beskjed om noko – eller at ein skulle ha fulgt med på telefonen fordi det kan koma ein viktig beskjed som ein må svara på raskt – samstundes som ein sit i eit møte der ein sjølv er hovudgjesten.

Eg bestemte meg tidleg i livet mitt som folkevalt for at telefonen min ikkje skulle vera synleg når eg var på slike besøk. Viss eg absolutt må fikle med denne telefonen, seier eg frå på førehand om kvifor, og avgrensar bruken til eit minimum.

Med dette kritiserer eg ikkje Giske-hendinga. For alt eg veit kan han ha hatt ein alvorleg sjuk slektning å oppdatere seg om. Eg kritiserer ikkje Overå for å ha reagert med kritikk heller, for eg kan forstå frustrasjonen viss hovudgjesten framstår som uinteressert. Eg veit berre at slike situasjonar best kan bli unngått dersom vi som kjem på besøk tydeleg forklårer det viss mobilen må vera framme, og dersom vi i dei fleste tilfella let mobilen få ein pause frå oss og vi frå han. Vi får heller gå glipp av informasjon der og då eller gå glipp av ein henvendelse frå ein journalist. Verda står til påske likevel.

Tilbake til dei praktiske sidene ved det å drive valkamp: Har vi familie og ungar, må desse heller ikkje gløyme at vi eksisterer. Den mest hektiske valkampen eg har hatt, var den gongen eg overnatta heime berre to gongar på fem og ei halv veke. Slikt skal ikkje gjenta seg, det har eg lovt meg sjølv. Eg kunne gå meg på hotellveggar då eg var oppe på do nattestid, fordi eg gjekk i surr om korleis hotellromma såg ut, og trudde veggen var på andre sida av senga.

I skrivande stund sit eg på nok eit hotellrom under nok ein valkamp, og er lukkeleg fordi eg tidlegare i kveld fekk lurt inn tid til å sjå sonen min og fotballaget hans spela kamp. Mobiltelefonen låg i lomma, på lydlaus. Eg stønna då eg såg på mobilen etter kampen, fordi eg såg det var mange som ville ha tak i meg. Eg fekk heldigvis svart alle på ferja over fjorden. Knebøy får vente til morgondagens ferjeturar. For å unngå å vera uhøfleg politikar på valkampturné då, skal eg passe på at ingen blir ståande i dokø på grunn av meg.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.