HiMolde-studentar på ekskursjon til Brunvoll AS i Molde. Foto: Privat

Studentar besøkte Brunvoll

Fredag 6. november var studentar på bachelorstudiet i logistikk og SCM på ekskursjon til Brunvoll AS i Molde.

Av OLAV HAUGE, amanuensis og studieleder

Vi blei møtt av ein tidlegare masterstudent frå Høgskolen i Molde, Arne Akselvoll, som er logistikksjef der. Studentane fekk presentert utviklinga i selskapet, og korleis produksjonen skjer på to stadar i byen. Alle er tilsette i Molde, og alle operasjonar er styrt frå Molde frå fabrikken på Årø, den framtidige lokaliseringa.

Kravet til tett kundekontakt gjer at selskapet må kunne nå kundar veldig raskt for å følgja dei opp ute. At alle tilsette og alle funksjonar er samla i Molde gjev god oversikt og den naudsynte innsikta som må til. Største delen av kundane er i Asia. Det gjer at det blir krevande å ha rask nok oppfølgjing når noko skjer.

Siste delen av ekskursjonen var ei omvising i fabrikklokala der studentane fekk sjå produksjonsprosessen. Robotisering gjer at ein del av prosessen føregår på natta for å utnytta tilgjengeleg kapasitet best mogeleg. Dei nye thrustarane gjer at selskapet kan skifta ut dei gamle hydrauliske thrustarane og få betre framdrift. Vi er godt nøgde med at Brunvoll set av ein heil fredags ettermiddag godt utover arbeidstida.

Neste ekskursjonsmål ser ut til å bli Hydro Aluminium på Sunndalsøra i februar i 2016.