Jul i Oslo. Foto: Tore Bustad (CC BY-NC-ND 2.0)

Grubletur i førjulsgater

Fristar er sjeldan særleg fristande, men kan faktisk innimellom bidra til fine opplevingar. Som i stad, då eg innsåg at eg ikkje kom til å klare å levere noko til Panorama innan fristen viss eg ikkje fekk tid og ro til å tenkje på teksten.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Eg pakka meg inn i vinterjakke og skjerf og forlot eit altfor rotete kontor på Stortinget, der nye e-postar og oppgåver stadig tikkar inn, til fordel for julepynta gater og spektakulære lysjuletre på Tjuvholmen. Vakkert var dette i skumringa, og eg innsåg at eg etter å ha sitte på Stortinget i over åtte år tilsaman omtrent aldri går ut i byen anna enn når eg skal til og frå leilegheita. Eg kjente det litt som skulking, må eg innrømme.

Rusleturen fekk meg til å gruble over livet som stortingsrepresentant. Noko som forsterka denne grublinga, er det faktum at eg i helga fyller 40 år. Eg bruker å seie at eg ikkje bryr meg så mykje om alder, men det er noko rart med runddagar. Dei manar tilsynelatande ganske mange av oss til å gjera opp status og til å dvele ved kva vi vil med livet vidare.

Statusen min er at eg har ein son, ein sambuar, slekt og nokre vener, jobb, hus og bil. Attanfor denne opplistinga og som del av livssituasjonen min ligg eit hav av uuttalte ting: gleder og sorger, moglegheiter og avgrensingar, forhåpningar, bekymringar – og større og mindre problem.

Slik er det jo med oss alle. Vi er mykje meir enn det som visest utad. Og godt er det, viss ikkje hadde verda vore keisam. Eg veit at eg ikkje nødvendigvis er representativ for alle dei andre 168 som sit på Stortinget; til det har eg for mange sære trekk, har for lang pendlarveg til storbyen og talar for brei dialekt. Eg dristar meg likevel til å gje ei lita skisse over livet som stortingsrepresentant i førjulsstria i den grad det kan vera interessant for uinnvigde (apropos det eg skreiv om gleder og sorger og større og mindre problem).

Eg tek først førre veke som døme. Eg treng oftast 5-6 timar kvar veg frå Surnadal til Oslo, uansett om eg har tre flyplassar å velje mellom. Langt er det til alle tre, og det skal klaffe med ferjer. Så for å rekke stortingsmøtet på måndag, reiste eg heimafrå på søndag kl. 17.40 for å rekke fly frå Molde kl. 21.05. Dette flyet vart veldig forseinka p.g.a. skodde. Klokka vart 02.30 før eg endeleg fekk landa såpass sjølv også at eg kom meg til sengs. Så var det opp igjen kl. 06 fordi eg skulle til NRK på morgonen. Deretter gjekk det slag i slag heile dagen med ymse gjeremål, men eg hadde håp om at eg skulle kunne ta fri kl. 18. I staden ringte NRK2 og spurte om eg ville delta på Aktuelt, noko eg visste eg burde seie nei til fordi eg var så inni hampen trøytt og uopplagt. Å vita betre hjelper ikkje: eg takka sjølvsagt ja, og arbeidsdagen var såleis ikkje slutt før kl. 21.

Tysdag var det også mykje å gjera frå tidleg av, og eg reiste rett frå Stortinget til Oppland på lokallagsårsmøte der på tidleg kveld. Dette var veldig hyggeleg og motiverande, og vel verdt turen. Innan torsdagen var omme hadde dei fire arbeidsdagane tilsaman vart i 48 timar, og endå gjenstod fredagen. Då tvinga eg meg sjølv til å ta fri eit par timar på føremiddag fordi eg desperat trong å handle inn noko (eg var komen heim til Nordmøre kvelden før, via nok eit hyggeleg lokallagsårsmøte).

Eg gjorde noko så ufordrageleg som å leggje att mobilen i bilen med vilje. Eit lass med meldingar og ubesvarte anrop var det som venta meg etterpå, samt nye oppgåver å utføre. Eg klødde meg litt i hovudet, lurte på om eg skulle knuse mobilen med ein hammar og ta ein skogstur i staden, men tok fatt på oppfølginga.

Andre veker er ikkje arbeidsdagane så intensive og lange, men uføreseielege – det er dei. I løpet av helgene tikkar det stadig inn med nye meldingar og e-postar. Avsendarar er alt frå journalistar som lurer på noko, til folk som ønskjer å koma med innspel eller spørsmål, eller folk som vil fortelje deg at du er ein stor tosk. Eg har til og med fått beskjed om at eg er som «slimete oppkast». Problemet er at det finst ikkje noko filter for dette. Eg må lesa meldingane før eg bestemmer om dei må følgjast opp eller er mest eigna for å slette. Så når hyggelege framandfolk sender innspel på helg, er det eit stressmoment uansett, fordi eg jo ikkje veit kva som kjem før eg har lese det.

Vi stortingsrepresentantar er ei salig blanding av stort sett vanlege folk. Eg sjølv kan bli stressa, såra og sint, eg kan bli flirfull av tull og tøys, og eg kan servere grove vitsar, eg kan bli fornærma og sur og lei og oppgitt. Eg kan vera dønn seriøs – og dønn useriøs til tider. Med dette vekependlarlivet kan eg ganske ofte kjenne meg einsam, og eg saknar sonen min støtt og stadig. No som eg straks fyller 40, slår det meg at det er lov til å innrømme alt dette. Og at det er lov til å innrømme at eg treng avkopling frå arbeidet innimellom, og at å ta seg ein rusletur i Oslos gater med vakre julelys på alle kantar ikkje er å skulke, men å la seg sjølv få leva litt.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.