Stortingspresident Olemic Thommessen (H) talar om stortingsbygninga som er 150 år. Foto: Jenny Klinge

Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen

Eg visste ikkje at ei fredsdue har hengt i lysekrona i stortingssalen før, men eg veit at Lynet McQueen har hengt der oppe i taket rett ved den flotte lysekrona.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Eg skal snart fortelje om begge desse hendingane, men først litt om bakgrunnen for at eg fortel om dette:

Vi veit lite om kva framtida bringer oss. Den 6. november i 2006 vart eg oppringt av administrasjonen på Stortinget, som fortalte meg at eg som andre varamedlem for Senterpartiet i Møre og Romsdal måtte møte allereie same kveld for å vera klår til å delta på stortingsmøte dei komande dagane. Eg kom fram til Oslo før midnatt denne mørke og regnvåte haustkvelden, og ringte på der ute på Løvebakken. Medan eg venta på vakta som skulle leie meg inn og vise meg kor eg skulle sova den natta (det finst varamannsrom i eit bygg som er knytt til stortingsbygninga med tunnel), stod eg og var spent og litt uroleg for dei neste dagane.

No i mars feirar vi at Stortinget har heldt hus i den flotte stortingsbygninga vår i 150 år. Vi har feira med kulturinnslag av høg klasse, høgtidelege talar ved stortingspresidenten og med mat inspirert av menyen i samband med opninga i 1866. I tillegg var det eit talkshow som Anne Grosvold leidde, der ho tala med fleire personar om historia til og livet i bygget.

Bygget var særprega då det var nytt, og er det enno. Eg må innrømme at stolane i somme parlamentssalar i andre land som eg har fått prøvesitje har vore betre å sitje i enn stolane i stortingssalen vår. Og salane og bygga kunne også vera flotte i desse andre landa – og endå mykje større og på eit vis meir storslagne. Men stortingsbygninga vår har ikkje gått ut på dato. Tvert i mot er det både viktig og rett å la ho halde fram med å huse virket til Stortinget. Det fungerer godt i praksis, og vi har med oss historia vår inn i framtida på ein fin måte. Og vi er nær folkelivet.

Som stortingspresidenten sa i ein tale: «Den intime, men mektige stortingssalen er godt synleg frå utsida. Frå Karl Johan kan forbipasserande skimte folkestyret i arbeid.» Det er i halvsirkelen vi debatterer og voterer, og det er staseleg og fint der inne i salen. Men ein gong var det visst ei fredsdue som vart slept ut frå galleriet. Under det nemnte talkshowet til Grosvold fekk eg høyre om denne dua for første gong. Visstnok flaug ho rundt oppe i taket på stortingssalen etter at ein eller annan hadde slept ho laus, og nokon fekk oppdraget med å skyte ho ned.

Skoten vart ho, men ho datt ikkje ned – ho hamna oppe i lysekrona og vart hengjande der, stakkars lita. Oddvar Nordli kommentert då møtet starta opp igjen etter pausen at det ikkje var for å vera makaber han sa dette, men det kunne hende det kom til å drype blod ned frå taket, og det beklaga han i så fall.

Mange år etter hadde eg debutert på Stortinget. Og ikkje berre det – etter å ha vorte innkalla for å møte på tinget ei veke, viste det seg at eg vart der i åtte månader i strekk i den første omgangen. Såleis passa det jo å ta med seg den seksårige sonen til Oslo på 17. mai-feiring våren 2007. På veg til Stortinget maste han seg til ein gassballong med bilete av Lynet McQueen på, og eg tok bilete av han på Løvebakken med denne ballongen. Så var vi på kontoret mitt, der eg også knipsa eit bilete av den lille, gromme guten, framleis med ballongen svevande frå ein tråd knytt om handa hans. Eg burde jo ha tenkt betre, men denne ballongen vart deretter med opp i – ja nettopp – stortingssalen. Eg har eit bilete av meg sjølv der oppe ved stolane, og guten står midt på golvet nede i salen, framfor talarstolen, med ballongen framleis blidt svevande frå tråden.

Akkurat då dette biletet vart teke, høyrte eg eit vræl, og snudde meg brått. Og der såg eg ballongen flaug til vêrs, sakte og veldig sikkert, opp mot taket ved lysekrona. Der la han seg fint til, på nasjonaldagen i nasjonalforsamlinga vår, og eg sa gloser inni meg som eg absolutt ikkje kan gjengi her. Eg fekk overbevist guten om at det var viktig å finne ei vakt som kunne hjelpe oss, og ho eg tala med rynka ein smule skeptisk på panna då eg sa eg kunne prøve å skyte ned ballongen viss dei hadde ein luftpistol. (Gode råd er dyre, men dette var ikkje nødvendigvis eit godt råd, tenkte ho nok.) Eg fann så ut at det var like greitt å skugge banen.

Då eg nyleg fekk høyre historia om fredsdua under jubileumsmarkeringa, lo eg godt inni meg og tenkte på gassballongen. Og eg har tenkt ein del på dette Stortinget vårt, kva det er for ein institusjon og ein arbeidsplass. Grosvold nemnte at det har vore sagt at ein kan få gjort alt her inne, bortsett frå ein hårklipp. Då fortalte ein mann i panelet at det faktisk var ein betjent som klipte håret på folk her tidlegare. Det vi har no, er høve til å arbeide med allslags hjelpemiddel og kyndig bistand frå folk i administrasjonen eller i eige partiapparat. Vi kan kjøpe oss mat, vi kan trene og dusje, og er du vararepresentant, kan du sova her også.

Då eg var inne som vara (det vart til saman nesten to og eit halvt år), budde eg mesteparten av tida på eit lite hotellrom her, og oppdaga ein fredag då eg skulle reise heim at eg ikkje hadde vore ute av Stortinget sidan eg kom til Oslo på søndag ettermiddag. No som eg har vorte fast medlem og har eiga leiligheit, søv eg ikkje her lenger, bortsett frå når eg treng ein dupp på sofaen i løpet av lange arbeidsdagar. Men for mange av oss langpendlarar verkar det nok som om det i periodar berre er akkurat det å sova vi gjer andre stader enn på tinget.

Guten har vorte femten år og går ikkje rundt med gassballongar lenger. Både fredsdua og Lynet McQueen kom ned igjen frå taket i stortingssalen, og ting går sin vante gang. Det er greitt at noko består også, og det er fint at nettopp stortingsbygninga vår gjer det.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.