Sauer. Foto: Kjetil Fjellheim (CC BY 2.0)

Eit mangfald av bønder

Eg veit ikkje akkurat om jordbruksforhandlingane er vårens vakraste eventyr, men desse årlege forhandlingane høyrer i alle fall våren til. Og strengt tatt er det meir som eit eventyr at det finst jordbruk i nær sagt alle delar av dette kalde, bratte og våte landet vårt.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Jordbruk og landbruk handlar om å bruke jorda og å bruke landet. Slenger vi på skogbruk og det å bruke skogen i tillegg, har vi samla mykje praktisk arbeid, produksjon, vekst og utvikling inne i tre ord. Fellesnemnaren er ordet «bruk». Og for at noko skal kunne brukast, treng vi brukarar: bønder og skogbrukarar.

Verkelegheitsoppfatninga om situasjonen i og framtida for landbruket er svært ulik frå parti til parti på Stortinget. Vi kan dele målet om meir matproduksjon her til lands, men vi kan vera rykande ueinige i kva som skal til for å oppnå dette.

Vi kan vera ueinige om kva som er reell sjølvberging. Og om vi ikkje er ueinige i kva som ligg i omgrepet, treng vi likevel ikkje meine det same om kor viktig reell sjølvberging og matberedskap er. Somme trur jo at vi nordmenn til evig tid kan basere oss på å importere mykje både av innsatsvarer til matproduksjonen og ferdig mat.

I kampen om verkelegheita og om sanninga, står spørsmålet om struktur sentralt. Er smått det same som godt, eller er det stikk motsett, at det som er større også gjennomgåande er betre og meir effektivt?

Ein bonde eg nyleg tala med, meiner som eg at mange misforstår når dei påstår at det er meir effektivt med færre og større bruk.

40118 Klinge er oppkalt ettter Panoramas spaltist og bor i Rindal. Foto: Privat
40118 Klinge er oppkalt ettter Panoramas spaltist og bor i Rindal. Foto: Privat

Det som er særleg interessant med synspunktet til denne bonden, er at han sjølv driv ganske stort, men han ser likevel kritisk på utviklinga. Han veit nemleg kva ho fører til i praksis. Saman med foreldra driv han eit fellesfjøs, fordi foreldra har ein gard, og sjølv arva han ein gard frå ein slektning. Desse to gardane ligg berre eit steinkast unna kvarandre, og dei har bygd nytt, stort og felles fjøs. Utgangspunktet for gardsdrifta no er 900 mål fordelt på 18 bruksnummer og 7 gardsnummer, og det er ei mjølkekvote på 480 tonn. Avstanden frå fjøset til den jordteigen som ligg lengst unna, er to mil.

Gardbrukaren sjølv kallar dette «småbruk i stor skala», og absolutt ikkje effektivisering. Han meiner bestemt dei får mindre ut av kvart dekar enn dei tidlegare bøndene på desse nedlagte gardane – som dei no leiger jord frå – gjorde då dei dreiv kvar for seg. Han presiserer at dette ikkje er fordi han og foreldra hans er dårlegare gardbrukarar, men rett og slett fordi det ikkje er mogleg å drive alt dette like godt som dei som hadde betre tid til å stelle kvar ein kvadratmeter.

Dette nye, store gardsbruket får meir mjølk ut av kvar ku, såleis er det effektivt, men dei får mindre ut av areala. Fordi ytinga er høgare på mjølkekyrne blir det også mindre kjøtproduksjon av det.

Transportavstandane er ein kritisk faktor, ikkje berre for å frakte inn fôret, men i høgste grad også for å frakte ut møkka, presiserte bonden. I tillegg har dei alle vendingane for å pløye, horve, så og rulle, ha på kunstgjødsel, grøfte – og fylle diesel. Ting tek tid, og å sitje i traktor til og frå alt dette tek til saman veldig mykje tid.

Det er viktig å få slike konkrete eksempel på kva utviklinga mot stadig færre og større bruk fører til i praksis. Det er jo veldig lett å gå automatisk utifrå at samanslåtte einingar blir sterkare og meir effektive. Men vi må spørje oss kva mål vi skal nå med landbrukspolitikken. Og skal vi oppnå at fleire små og mellomstore bruk faktisk skal kunne overleva, må vi endre politikken.

I tillegg til han gardbrukaren eg no har fortalt om som driv med småbruk i stor skala, har eg tala med ein småbrukar også. Etter praten vår, sendte han meg ein e-post med desse tankane ein sein kveld:

«Eg er litt opptatt av alle dei tilleggstenestene vi småbrukarar ofte gjer i nærområda. Hadde eg hatt ti gongar så mange dyr, hadde eg ikkje hatt tid til noko anna. No brøytar eg, vedlikeheld vegar, driv skogen på ein slik måte at det skal vera triveleg å gå der, driv jord som eigentleg ikkje løner seg for å vedlikehalde kulturlandskapet, har dyra på beite mest mogleg av same grunn, yter tenester til hyttefolka rundt meg, osv.

Vi småbrukarar forvaltar kulturlandskapet på ein heilt anna måte enn dei som driv stort. Vi har reiskap og kunnskap som kan brukast til mykje, og eg veit kven som blir spurt viss nokon treng hjelp.

Det hadde vorte trist for hyttefolka og turistane her i landet om alle småbrukarane kom bort, trur eg – og også trist for mange naboar og lokalsamfunn.»

Kva kokar dette ned til? Jo, det kokar ned til at det må vera eit mangfald av gardbrukarar i dette vakre, men delvis vrange landet vårt. Ressursgrunnlaget er rett og slett forskjellig ulike plassar, og då må vi innrette politikken slik at det er mogleg å gjera det beste utav det i heile landet.

Viss målet er å auke matproduksjonen med ein prosent årleg framover, og viss målet i tillegg er at mest mogleg av dette skal produserast ved hjelp av norske fôrressursar, må vi ta heile landet i bruk.

Rovviltproblemet er reelt ein del stader, og det må gjerast målretta tiltak mot dette. Men til og med der rovdyr ikkje er noko problem, som store delar av kystlandskapet på Vestlandet, gror beitemarka også att. Det er eit stort og uutnytta potensial i å bruke utmarka endå meir, så økonomien i utmarksbeite må bli betre. Det er det opp til regjeringa å sikre.

Noko anna som må sikrast, er tollvernet og auka lønsemd til bonden. Samvirket og rolla samvirket har som marknadsregulator må halde fram. Tilskotsordningar til investeringar må stimulere til nybygg også på små og mellomstore bruk.

Og – stikk i strid med målet om stadig større bruk – meiner eg politikken også må leggje til rette for deltidsbønder og mangesysleri. Fordi ressursgrunnlaget er så ulikt i det kronglete landet vårt, må vi ta vare på dei som tek seg tid å drive med til dømes sau i tillegg til at dei er i fast jobb utanfor garden. Vi må dessutan begynne å ta godt vare på matjorda, for det er horribelt kor store areal som blir nedbygde kvart år.

Eg nemnte i starten omgrepa jordbruk og landbruk, som handlar om å ta i bruk jorda og landet vårt. Ja, landet vårt er kaldt og vått og bratt mange plassar. Men bøndene er eit folkeslag av arbeidssame stabeist med ein enorm omtanke for jorda og dyra, og med vilje og evne til å gjera det beste utav dei naturressursane dei har fått tildelt.

Då fortener desse bøndene også politikarar (og medborgarar) som anerkjenner dette og legg til rette for at gardbrukarane kan drive denne jorda til det beste for oss alle. Alle som driv gard fortener føreseielege vilkår, lønsamheit – og dei fortener respekt både om dei driv stort eller smått. Mangfald er ein stor verdi, og vi må sikre dette mangfaldet av bønder for framtida også.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.