Ferjer på E39 mellom Molde og Vestnes. Foto: Arild J. Waagbø

Eit eventyr utan ferje

Eit ferjefritt eventyr ventar på kyststamvegen E39 frå Kristiansand til Trondheim dersom alt går som det skal. For Møre og Romsdal sin del inneber dette tre store ferjeavløysingsprosjekt.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Møreaksen ligg fremst, og førebels ser det ut for at rekkjefølgja vidare her i fylket blir Halsafjorden og så Hafast.

Sjølv har eg ingenting mot ferjene – når eg rekk dei vel å merke. Verre er det når ein mistar flyet eller det viktige møtet fordi ferja var full, eller når det skjer bilulukker fordi stressa sjåførar tek for mange sjansar i forsøket på å rekke ferja.

Ja, det går an å disponere tida si betre, men nei, folk kjem aldri til å slutte å bomme på avreisetidspunktet for å nå desse ferjene. Sjølv har eg tidlegare ein gong blogga om den forskrekkelege frustrasjonen ved å miste ferja.

Den samfunnsøkonomiske effekten av ferjefri E39 er ikkje enkel å rekne på, men det blir likevel gjort kvalifiserte forsøk frå ulike aktørar. Går ein ut over dei samfunnsøkonomiske analysane som transportetatane brukar, og ser på samfunnsnytte i vidare forstand, er konklusjonen klår: effekten er stor. Kor stor den berekna effekten er, varierer med analysemodellar og med kva utbyggingsalternativ som blir valt. Mellom anna BI har sett på næringsklyngeeffektar, og har vurdert effekten av ein ferjefri E39 til mellom 20 og 40 milliardar kroner årleg.

For fylka der vegen ligg, er det sjølvsagt kjekt å få stadfesta at utbygginga er lønsam for dei aktuelle regionane her. Det er likevel også bra at det viser seg at ferjefri E39 vil gi samfunnsøkonomisk gevinst for resten av landet og særleg Austlandet sin del i tillegg.

Dette er bra fordi det forhåpentlegvis vil gjera det lettare å få overtydd fleire om at pengane må på plass til dette viktige – og enorme – prosjektet. Det er ein evig kamp om pengane, og det finst nok av store prosjekt på det folkerike Austlandet å konkurrere mot. Det næringsrike Vestlandet er likevel også viktig å satse på.

Sjølv pendlar eg til Oslo kvar veke i store delar av året, og mange av desse turane går om anten flyplassen i Kristiansund eller Molde. Eg skal ærleg innrømme at eg kjem til å sakne å bli møtt av trivelege ferjematrosar den dagen ferjefri E39 er på plass, så den delen av eventyret er borte. Tissepause og beinstrekk er også fint, og vil bli sakna.

Men når eg veit kva kostnader ferjeturane – og ikkje minst det å vente på ferjene – medfører for næringslivet, og når eg veit kva ferjefrie samband betyr for vekst og utvikling i regionane og for samfunnsøkonomien i stort, er konklusjonen klår likevel: Vi står framfor eit ferjefritt eventyr langs kyststamvegen dersom Stortinget vel å gå fullt inn for prosjektet dei komande åra.

Ambisjonen om ferjefri E39 i løpet av 20 år er rimeleg tverrpolitisk, og viss ein i tillegg til å ha ambisjonar har reell vilje og gjennomføringskraft, blir dette bra.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.