Frå Vår Frelsers gravlund i Oslo, sommaren 2016. Foto: Jenny Klinge

By og land kan gå hand i hand

Ja, vi nordmenn elskar landet vårt. Aller mest elskar vi den staden vi kjem frå. Ikkje alle sjølvsagt, men heimstaden betyr noko spesielt for dei fleste.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Sjølv om vi har uttrykket by og land – hand i hand, kan det likevel synast som om det er påfallande mange i byane som går ut frå at folk på bygda er sidrumpa og mot alle endringar (vi forstår visst ikkje vårt eige beste, som i kommunestrukturdebatten). Og på bygda finn vi haldningar om alt frå at byfolk er snobbete og trur dei er betre enn andre til det meir eller mindre hyggelege uttrykket «Fuck Oslo». Og eit anna uttrykk, asfaltjungelen, blir også gjerne brukt, forsøksvis nedsetjande. Også av meg, må eg med skam melde.

Eg har vekependla mellom Surnadal på vakre Nordmøre til hovudstaden sidan før jul i 2006. I sommar fekk eg ei aha-oppleving som eg vil dele med lesarane. Eg hadde hatt ferie heime i Surnadal, og gått ein del fine fjellturar i Trollheimen. Eg skriv «fine fjellturar» sjølv om eg eigentleg ikkje er fysisk eigna for slikt. Genetisk sett er eg betre utstyrt for å bryte handbak og løpe 60-meteren. Ergo er det tidvis smertefullt å dra seg sjølv opp bratte og altfor mange og lange lier, og eg lir også av at eg innimellom kjeder meg grenselaust undervegs. Dersom eg har med meg ein pratsam og blid turkamerat, går det mykje betre.

Hehe, aha-opplevinga eg nemnte i stad let vente på seg, eg talar meg jo bort. Men her kjem ho: Eg gjekk meg ein tur i 22-tida, og på den tida av året var det jo enno ganske lyse kveldar også i hovudstaden. Etter først å ha rusla opp det pittoreske Damstredet, gjekk eg inn på den store gravplassen Vår Frelsers gravlund.

Det var usannsynleg vakkert der den kvelden, med klematis og andre skjønne klatreplanter som vaks oppetter rynkete gamle trestammar, flotte blomar på mange av gravene, tente gravlys her og der, og store lønnetrær som verna over staden. Dette var ikkje asfaltjungelen.

Mykje av Oslo for øvrig og dei andre byane i landet vårt er ikkje berre asfaltjungel. Tvert i mot: det er vakre naturopplevingar å finne både i by og land, og dette vart for meg eit av sommarens høgdepunkt kva gjeld naturopplevingar. Og ikkje trong eg ein pratsam turkamerat for å oppmuntre meg opp bakkane heller. Eg gjekk heilt aleine og drøymte meg bort. Tullete og følsam som eg er, rann det sentimentale tårer nedover kinna mine då eg oppdaga grava til Oda og Christian Krogh, med eit einsleg tent lys framfor. Rett ved var Edvard Munch, og så Alf Prøysen, og tårene vart ikkje færre.

Etter desse snart ti åra som vekependlar mellom «huttiheita» og storbyen, innsåg eg at eg har brukt for mykje tid på å ergre meg over kva som manglar på begge stader i staden for å setje pris på det som finst der. Og i den grad eg har fått ein djupare visdom no, er dette konklusjonen: Viss vi bruker mykje energi på å prøve å få fram kva som er gale med andre stader, er det kanskje fordi vi ikkje er trygge nok på kva som er bra der vi oppheld oss. Vi prøver kanskje krampeaktig å forsvara vårt eige mot ein innbilt fiende. Dersom vi ikkje kan forstå kvifor andre menneske vel annleis enn oss, kan det hende det er vi sjølve som manglar kunnskap om vala dei andre tek og årsaka til dei. Det er ikkje nødvendigvis dei som vel feil.

Fleire byfolk burde gjerne prøve livet på landet. I og med at det truleg er relativt fleire frå distrikta som opplever bylivet enn omvendt, skulle vi hatt ein aksjon «ut på landet». Begge artar, byfolk og bygdefolk, burde leggje frå seg eventuelle fordommar mot bygd og by, og med ope sinn prøve å finne ut kva som er positivt og vakkert og flott der. Eg lover at det er mykje å finne begge stader, og at by og land faktisk kan gå hand i hand.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.

Motiv fra Vår Frelsers gravlund i Oslo. Foto: Jenny Klinge
Motiv fra Vår Frelsers gravlund i Oslo. Foto: Jenny Klinge