Kunne Molde vorte ein stille og fredeleg universitetsby i 1815? Akvarell av Molde frå først på 1800-talet. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Då Molde vart lansert som heile landet sin universitetsby

For over 200 år sidan vart eit Molde fritt for freistingar og krig lansert som kandidat til å bli heile Noregs universitetsby.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

I desse dagar er det studiestart både ved Høgskolen i Molde og elles i landet, med ei salig blanding av fadderarrangement og innføringskurs i å meistre overgangen frå elev til student. Sjølv om det blir lagt vekt på at dette skal skje i mest mogleg sømmelege former, er det vel ikkje fritt for at det kan bli ein og annan lystige kvelden når nye og gamle studentar tek til med eit nytt studieår.

For 200 år sidan var det derimot rolegare i Rosenes by. Den gong var det nemleg snakk om å leggje det første norske universitetet til småbyen Molde – nettopp for å unngå at studentane vart freista av «lystige adspredelser» i seine nattetimar!

I åra fram mot unionsoppløysinga frå Danmark i 1814, var det mykje på tale å få lagt sentrale institusjonar som ein nasjonalbank og eit universitet også til den norske delen av riket. Nokre argumenterte med at dette var naudsynt for å halde fram som ein likeverdig «bror» med vår gode unionspartnar Danmark, andre for å leggje grunnsteinen for ein sjølvstendig, norsk nasjon. Som me veit, munna dette ut med at Noreg fekk sitt første universitet i Kristiania (Oslo) i 1811 –  Det Kongelige Frederiks Universitet, oppkalla etter kong Frederik VI, den siste dansk-norske unionskongen.

Det er altså vel så to hundre år sidan me fekk vårt første universitet, under mottoet «Et nos petius astra» – «Også me søker stjernene!» Det var nok det mange vil seie var år med kamp mot «københavneriet» som låg bak opprettinga av det første norske universitetet, og det har vorte hevda at Noreg fekk dette som ei «gåve» som skulle vere med på å binde heilstaten Danmark-Noreg saman under dei urolege krigsåra først på 1800-talet.

Avisa Den Norske Rigstidende hadde I 1815 eit lesarinnlegg om å flytte det nyoppretta universitetet i Oslo til Molde.

Det interessante i vårt høve, var at det faktisk vart teke til orde for at Noreg sitt første universitet skulle leggjast til Molde! For berre få år etter at universitet kom i gang i den nye hovudstaden Kristiania, kom det nemleg på tale å flytte professorar og studentar frå den dyre og forstyrrande storbyen til ein rimelegare og fredelegare plass i den nye, sjølvstendige nasjonen. På det viset skulle ein sikre ro og konsentrasjon for studentane, med den vinning det kunne gje for læringsutbyttet.

Gruvebyen Kongsberg kom då mykje på tale i ymse diskusjonar i dei få avisene ein hadde i Noreg. Mindre kjent er det at det vart teke til orde for Molde som ny universitetsby allereie i 1815, då ein innsendar i avisa Den Norske Rigstidende skreiv at det måtte vere lite tenleg å velje ein bergstad utan skipsanløp og der røyken frå gruvene sverta både folk og hus så vel fysisk som åndeleg. Då måtte det i følgje (den dessverre anonyme!) innsendaren vere betre å sende studentane til den vesle kjøpstaden Molde på kysten av Nordvestlandet; «… den i liden men til Studeringer passende Kjøbstad Molde – hvis Beliggenhed er næsten at ansee som Centrummet i Landet». Og som det heiter seg i innlegget; der dyrkinga av vitskapane kunne skje i: «… Fred og Rolighed».

Vidare vart det argumentert med at dette var ei umåteleg fredeleg egn i eit meir eller midre konstant uroleg Europa, då ein kunne seie at; «End siger Verden; her er Fredens Helligdom»! I ei verd av uår og krig ville ein i kjøpstaden Molde finne ein fredfull plett der ingen kanonar forstyrra lesesalane, og der det ikkje var noko «… Anledning til Adspredelser» jamført med det ein fann i København og Kristiania.

Ja, så roleg var det i vår kjære og gode småby, at studentane heller ikkje ville kaste seg på «… lystige adspredelser» på kveldane, dei ville nok heller søke ei ekstra økt på lesesalen!

Romsdalsbygdene kring byen kunne også by på både byggematerialar, mat  og ei frisk luft å puste i for professorar og studentar, meinte innsendaren, så her låg alt vel til rettes. Ja, kan hende kunne denne byen bli eit «… norsk Göttingen», blir det sagt i avisspaltene i det som då var ei av dei få norske avisene, med referansar til dei små, men viktige, europeiske universitetsbyane. For var det ikkje slik at «… Den Smilende Egn, i hvis Arm Molde er indsluttet», gav grobotn for ein ny, norsk universitetsby?

Som den anonyme innsendaren til Den Norske Rigstidende avslutta med, var det slik at han: «.. har kun havt i Sinde, at lede de høie Vedkommendes Øie ogsaa den til dette Sted, forsaavidt det gjælder Undersøgningen om, hvor det rette Sted maatte blive». Noko universitet vart det som kjent likevel ikkje i Romsdal på denne tida. Og det på trass av at ei rekkje borgarar og embetsmenn i Molde støtta opp under eit nytt, norsk universitet med årlege, økonomiske løyvingar, etter kva me veit frå dei trykte stønadslistene i avisa «Budstikken» som vart gjeve ut av Selskabet for Norges Vel. Og ikkje minst vart det jo skipa til ein storstilt fest for å feire eit nytt, norsk universitet også i Molde i 1811, der dei fremste embetsmennene og borgarane i byen høgtida universitetssaka først i kyrkja, så ved å servere ein stor festmiddag for dei fattige i byen.

Ja, kva kan ikkje ein student utrette i eit slikt landskap, med vidsyn over fjordar og fjell – og midt i ein fredeleg nordvestlandsk småby, det som skulle bli eit norsk Göttingen!

Med det helsar eg også studentane i Molde til lukke med studiestarten og vonar dei finn eit godt studiemiljø fritt for kanondrønn – og med ein passeleg dose «lystige adspredelser»!

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Steinar Kristoffersen skriv fast i Panorama.