Maleri av Franz Philip von Langen frå kring 1740. Originalen heng på Gavnø Slott i Danmark.

Romsdalsmarknaden var varebyte og handel sett i system

I neste veke startar «Romsdalsmartnan» på Åndalsnes, tradisjonen tru. I våre dagar er dette ei samling av karusellar, elgpølse og – om ein er heldig – å få leie på det som i indre delar av Romsdal er kjent som fenomenet «martnakjæreste»!

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Frå gamalt av var derimot Romsdalsmarknaden, i langt større grad enn kva den i dag er, ein arena for eit omfattande varebyte. Så sjølv om fortida ikkje er kva den ein gong var, som det heiter det seg, kan me ta eit lite tilbakeblikk på den årvisse storhendinga Romsdalsmarknaden var, og sjå at det kan vise oss at ein har hatt tankar om korleis ein skal utnytte regionale handels- og produksjonsfortrinn og utnytte ferdselsvegane på effektivt vis, også i hundreåra før oss.

Romsdalsmarknaden var rett og slett varebyte og handel sett i system!

 Største markanden i landet

For at me skal forstå litt av kor stor Romsdalsmarknaden var på 16- og 1700-talet, kan eg nemne at dette var av dei eldste og største av dei mange marknadane som vart haldne kring om i landet frå mellomalderen og frametter – eller som det heiter seg i ei arkivkjelde frå 1701: «… dette market er det største her i Norges Rige holdes!»

Frå gamalt av var ikkje marknaden på sjølve Åndalsnes, men på garden Devold eit par kilometer oppetter elva Rauma. Her var det mest som ein heil by under marknaden, skreiv den lærde Gerhard Schöning då han vitja staden på 1770-talet. Me veit at det både var bønder og profesjonelle handelsfolk som disponerte buer på den faste marknadsplassen, der nokre av desse var permanente, andre vart sette opp i høve marknaden.

Det var også slik at mange av handelsbuene fungerte som kroer med skjenking av øl og brennevin. I tillegg til desse salslokala var det også mange som kom til marknadsplassen med mindre båtar, og så selde dei varene sine ved elvebredda, og kvelvde båten og nytta den til å sove under om nettene. I den grad det vart sove, sjølvsagt! For med så mykje folk og så mange skjenkestover, er det klart at nattelivet nok var ein vel så viktig del av marknaden som sjølve handelen, for mange.

Ikkje minst kan eit uttal av rettssaker om knivstikk, slåsskampar, tjuveri, drap og usedelighet, fortelje oss om det. Det var nok nett difor at det også var eit eige vakthus der, bemanna med soldatar gjennom  heile marknadsveka.

Romsdalsmarknaden på kart frå 1728.

Sjølv om me ikkje skal stole blindt på kjeldene frå 1700-talet, er det fleire arkivdokument etter amtmann og fut som fortel om at det var kring 150 buer på marknadsplassen på det meste, at det vart handla frå oppunder 100 båtar ved elva, og, ikkje minst: i ei arkivkjelde frå 1791 er det ramsa opp heile 49 ølbuer! Nokre av desse var til og med «danzerøl-boder» med spelemenn og dans, så det er jo ikkje rart det var moro på Romsdalsmarknaden! Alle desse ølbuene er nok også ei forklaring på kvifor det var naudsynt å skrive ut både løytnant, underoffiser og 40 soldatar for å halde orden på dei tusenvis av besøkande på marknaden.

Regionalt varebyte

Noko av årsaka til at Romsdalsmarknaden var så stor, låg i den sentrale plasseringa mellom Vestlandet og Austlandet, mellom kyst og innland. Handelsborgarar frå Molde, Kristiansund, Trondheim og av og til Bergen kom til marknaden med store båtar, hesteoppdrettarar og kveghandlarar frå Nordfjord og Sunnmøre dreiv flokkane sine gjennom bygder og over fjell, og frå innlandsbygdene på Austlandet kom ein gåande, på hesteryggen eller med vogn nedetter sjølve Romsdalen.

For romsdalingane var marknaden eit årvisst høgdepunkt ein nødig ville gå glipp av, og tenestefolk kring om på gardane hadde gjerne kontraktfesta at dei skulle ha fri denne veka. Sunnmøringane var også ivrige gjestar, medan det ikkje var like mange nordmøringar som møtte fram, etter kva kjeldene fortel. Sunnmøringane er jo også kjente for vareproduksjon og å like å gjere ein god handel, så denne skilnaden mellom fogderia er vel ikkje så overraskande!

Det var nok også slik at ein fekk selt ein del varer som elles var vanskeleg å selje, om ein tok dei med til marknaden. Til dømes veit me at sunnmøringane hadde med tørrfisk både av sei og av hå, og fekk selt den til opplendingane som ikkje hadde like store krav til fiskevarene som kystfolket og byborgarane. Og fjordbøndene frå både Romsdal og Sunnmøre kom med smør, ost, talg, huder, skinn, røykt og salta kjøt og flesk, humle, salt, never, krøtter og hestar som dei prøvde å selje eller å bytte i andre vareslag. Nokre bygder hadde også sine lokale føresetnader dei drog nytte av i vareproduksjonen og i salet, slik som at fruktdyrkarane frå Norddal kom med eple og bøndene frå Eikesdalen med tønneband og nøtter av hassel. Det var nok difor heller ikkje utan grunn at marknaden var lagt til hausten, om ein ser på bøndene sin sesongbestemte vareproduksjon. På denne tida hadde ein fått produsert opp mengder med smør, ostar og andre landbruksvarer gjennom sommaren og tidleghausten, og ein var då klar til å selje det overskotet ein ikkje sjølv trengte.

Mest av alt var det nok likevel silda som vart den mest omsette vara på marknaden, og som gav dei største inntektene for fjord- og kystbøndene. Silda vart salta og lagt i tønner på sommaren som såkalla bondesild, og dette var ei vare som var sterkt etterspurt av dei som ikkje hadde denne ressursen tilgjengeleg – altså dei store hopane med folk frå innlandet som kom til marknaden. Etter kvart vart det også vanleg at innlandsbøndene kjøpte meir sild enn dei fekk med seg heim, og at dei i staden betalte romsdalingane for å transportere silda til dei på sledeføre vinterstid. Etter kva me veit vart dette ei heil attåtnæring for mange, der dei fungerte som transportørar og mellommenn mellom sildeseljarane og kjøparane.

Det var også ei heil mengde med profesjonelle handelsmenn frå byane på marknaden, og me veit at det på det meste var kring 50 kjøpmannsskip frå Molde, Kristiansund, Trondheim, kremmarseta på Sunnmøre og ein og annan bergensborgaren. Desse kjøpmennene hadde med seg varer bøndene sjølv ikkje produserte, slik som tobakk, sukker, metall, krut og finare tekstilar. Bykjøpmennene hadde også med seg ein del luksusvarer, i ei kjelde omtalt som «… Speceri og Galanteri», som nok var lettast å selje til dei av bygdefolket som hadde vore innom ei av skjenkestovene ein tur først. Samtidig var det slik at bykjøpmennene også kom dit for å handle sjølv, då dei kjøpte inn slakt og andre varer frå bøndene som dei kunne ha med attende til byane. Dette var i all hovudsak handel med pengar, medan bøndene sjølve i stor grad dreiv bytehandel.

 Sesongbestemte byar

Opphavet til at marknaden var plassert nedst i Romsdalen, låg nok i geografien. Innlandsbøndene hadde trong til å skaffe seg varer frå kysten dei sjølv ikkje produserte, slik som fisk, salt, tran osb. Og tilsvarande hadde kystbuarane trong til å skaffe seg varer det var langt meir av i innlandet, slik som tjære, never, bark, pelsverk og anna. Og med sams interesse av å drive varebyte, oppstod den årvisse marknaden i grenselandet mellom kyst og innland, men utan at det voks fram noko by av dette.

Dei fleste norske byane låg jo stort sett på kysten, der mykje av varetransporten til og frå gjekk med båt. Noko av det spesielle med Romsdalsmarknaden var at den også var innretta for varetransport over land, då ein stor del av handelen på marknaden vart transportert opp og ned sjølve Romsdalen til og frå Oppland og Hedmark. Me kan difor seie at dei kortvarige marknadane som Romsdalsmarknaden, til ei viss grad fungerte som ei erstatning for manglande byar i fjellbygdene i innlandet. Der var det ikkje vilkår for permanente byar, og marknadane tente då som tidsavgrensa «byar» der innlandsbøndene fekk moglegheita både til å selje og kjøpe varer og å delta i eit varebyte mellom regionane. Og sjølvsagt; kanskje finne seg ein martnakjæreste!

Kjelder/les meir:

Døssland, A.: Romsdalsmarknaden som møtestad. I: Romsdalsmuseets årbok 2011.

Olafsen, O.: Romsdals Marked. I: Romsdal sogelag årsskrift 1934.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.