I spørsmålet om tid har EU noe å lære av Russland, skriver Jenny Kling. Illustrasjonsfoto: Arild J. Waagbø

Slutt på klokketullet?

Eg har ein tendens til å irritere meg over slikt som eg meiner er unødvendig. Å stille klokka to gongar i året er noko eg lenge har meint er unødvendig.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Når ein er stortingsrepresentant, kan ein gjera meir utav eit irritasjonsmoment enn dei fleste elles kan i kvardagen. Vi kan til dømes stille spørsmål til ansvarlege statsrådar om det som ergrar oss.

Dette har eg gjort med klokkestillinga òg: Eg har avkrevd svar i spørjetimen på Stortinget frå to næringsministrar i to ulike regjeringar. Utan at eg vart så glad for svara, for så vidt. Det var Ap-statsråd Giske først og så H-statsråd Mæland. Begge gongar viste statsrådane til at vi er stuck med den ordninga som EU pålegg oss gjennom eit slikt EU-direktiv som det finst så mange av.

Giske og Mæland brukte sjølvsagt litt andre ord, men dette var essensen: Vi er stuck med klokkestilling to gongar årleg. No er det likevel håp, for EU har endeleg kome på banen i saka om sommartid.

Det er positivt av mange grunnar. Det er bra for trafikktryggleiken, særleg om våren når folk med dagens klokkestillingsregime mistar ein times søvn og blir farlegare bak rattet. Faktisk er det også fleire hjarteinfarkt i dagane etter at klokka blir stilt om våren, i følgje forskinga. Det er vidare bra for folk som bruker faste medisinar som må takast til same tid. Og så er det fint for alle som slepp å koma for tidleg eller for seint til noko fordi dei har gløymt å stille klokka.

Sjølv om eg set pris på at EU no ligg an til å endre dette EU-direktivet slik at vi slepp å stille klokka to gongar årleg, er det likevel grunn til å advare mot at sommartid blir valt til å vera den faste tida. I ei spørjeundersøking i EU-landa var det nemleg flest av dei som svarte som ønskte nettopp sommartid. Eg har vore av same meining før, men har snudd. Kvifor har eg det? Jo, det er ein  grunn til at normaltid heiter normaltid. Det handlar om solas gang og biologien vår heng saman med denne. Og normaltid er den tida vi no har i vinterhalvåret.

Då sommartid vart innført, påstod dåtidas forskarar at dette var betre for helsa vår. Som med mykje anna i verda har forskinga gått framover med tida, og no er konklusjonen til forskarane det motsette: Den biologiske klokka og døgnrytmen vår, og dermed også søvnrytmen, blir skipla av sommartid.

I praksis går sommartid ut på at ein må stå opp ein time tidlegare kvar dag viss ein er bunden til å stå opp til ei bestemt tid for til dømes å rekke skulen eller jobben. Må ein stå opp klokka 07 for å rekke skulen på vinteren, må ein brått stå opp klokka 06 når sommartida blir innført om våren. Sjølv om det naturlegvis står 07 på klokka etter at vi har stilt denne. Klokka er likevel 06 viss ein tek utgangspunkt i det som er normaltida.

Dette har mest å seie for B-menneske. Og ikkje minst for ungdommen, som i denne perioden av livet er meir B-menneske enn gjennomsnittsmennesket. For meg handlar denne saka om å leggje til rette for fleire timar god, helsebringande og prestasjonsfremjande søvn i løpet av året. Viss EU innfører sommartid heile året, vil det gi negative konsekvensar for mange enkeltmenneske, men også for samfunnet.

Ja, det er kjekt med den timen ekstra med meir lys på kvelden som vi har medan det er sommartid – viss vi skal vera oppe. Viss vi lettare skal sovne på kvelden og få kvalitetssøvn, er det likevel viktigare å ha lys tidlegare frå morgonen av, for dette påverkar søvnrytmen positivt. Arbeidsgivarar kan gjerne leggje til rette med meir fleksitid slik at folk får ha mest mogleg fritid når det passar dei sjølve. Når det gjeld kva staten skal vedta som fast tid gjennom året, bør det visast størst omsyn til folk med søvnproblem og til kva som faktisk er best for folk flest.

Det er supert at det kan bli slutt på klokkestillinga, men det er langt ifrå supert om det blir sommartid heile året. Russland har prøvd dette. Dei slutta først å stille klokka to gongar årleg og innførte sommartid nokre år. Så fann dei ut at det var betre med normaltid heile året. I denne saka bør EU faktisk lære av Russland. Men viss EU innfører sommartid som fast tid heile året, er det ikkje opplagt at Noreg må gjera det same. Vi kan innføre normaltid som fast tid og vente på at EU etter nokre år kjem til fornuft og gjer det same.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.