«Message From The Unseen World» Illustrasjonsfoto: R-P-M (CC BY-NC-ND 2.0)

«Hovudsakleg i jobb»

Då eg sist gong skreiv Kva er suksess?, gjorde eg det klart at eg meiner suksess ikkje skal koplast automatisk til høg utdanning og høg løn. Det er mange måtar å ha suksess på.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Denne gongen vil eg skrive om noko mange kvir seg for å fortelje om, nemleg om at dei er sjukemeldte. Vi har ordningar i dette landet som gjer at det er mogleg å bli løfta ut av arbeidskvardagen når vi er sjuke, for at helsa skal bli betre så fort som råd.

Det er mange som diskuterer dette temaet med det utgangspunktet at dei fleste som er sjukemeldte eigentleg ikkje er sjuke nok til å vera borte frå jobb. Ein kan jo bli frista til å tenkje dette om dei som har vanlege jobbar, at det er for lett å bli sjukemeldt, fordi dei som er sjølvstendig næringsdrivande har så mykje dårlegare ordningar at dei sjeldan tek ut sjukemeldingar.

Det er heilt sikkert somme som er heime frå jobb på måndag fordi dei festa for mykje i helga, og det er dumt. Rett og slett dumt. Men eg trur faktisk dei aller fleste som er heime frå jobb med legeerklæring har ein god grunn til å vera heime. (Og dei som er heime med eigenmelding for den saks skuld.)

Er det ein ting eg er sikker på, er det at eg ikkje har nokon føresetnad for å vurdere om andre menneske har gyldig grunn til sjukemelding eller ikkje.

Ei eg kjenner, som slit med meir enn nok til å «fortene» 25% sjukemelding frå jobben sin, klaga over at ho stadig måtte forklare seg på grunn av at ho var delvis sjukemeldt. Eg gjorde framlegg om at ho heller kunne seie at ho var «hovudsakleg i jobb» i staden for delvis sjukemeldt. Vi begynte å le begge to då eg sa dette, for det er ein så uvant måte å tenkje på. Likevel: Ho er jo nettopp det, hovudsakleg i jobb, og det inneber ein stor innsats. Det går an å snu på det.

Sjølv har eg pådratt meg vepsebol i bringa og armane som fører til at eg blir borte til jul. Eg kjem sikkert til å gå turar og sjå sprek ut. Eg kjem til å sjå sunn og frisk ut viss nokon møter meg på butikken. Eg kjem sikkert til å smile og sjå blid ut òg. Likevel er det slik at armane plagar vettet av meg for tida, og eg klarer rett og slett ikkje å gjera meir av det eg gjer no: Å skrive med kalde fingrar og vonde armar.

Det at eg veit mykje om kor stor skilnad det kan vera på oss menneske utvendig og innvendig, gjer at eg ikkje bruker ein kalori på å mistenkeleggjera andre som er sjukemeldte eller uføre.

Og apropos det med å ha suksess: Dette står ikkje og fell med om helsa er superstabil. Dei fleste opplever at kroppen og/eller sinnet ikkje speler på lag i løpet av deira yrkesaktive liv. Eg priser meg lukkeleg over at vi har desse ordningane som gjer det mogleg å ta vare på helsa si i dei periodane der det er viktigare enn å skjøtte jobben.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.

Én kommentar til “«Hovudsakleg i jobb»”

Det er stengt for kommentarer.