Dampskipet Rauma legg frå kai i Molde. Foto: Axel Lindahl/Romsdalsmuseet

Mitt skip er laste med: smør!

For mange er vel oppfatninga at det gamle bondesamfunnet var stokk konservativt og lite endringsvillig.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

I same draget har vel tanken vore at bøndene stort sett dreiv det ein kan kalle eit sjølvbergingsjordbruk, meir eller mindre upåverka av eksterne faktorar. I dagens vesle innslag frå historikarkontoret skal me derimot sjå at innføring av ny teknologi og nye kommunikasjonsmoglegheiter ikkje berre endrar marknadstilgang og påverkar produksjon og sal i våre dagar, men var like relevante endringsfaktor også i det gamle bondesamfunnet. Og ikkje berre var dei relevante, dei kunne til og med (då som no), medføre ganske omfattande og kanskje overraskande brå skifte sjølv i eit gamalt bondesamfunn. Så lat oss gå om bord i ein dampbåt i Molde på slutten av 1800-talet, og bokstaveleg talt følgje steamen heilt til England! 

Ny teknologi

Me kan starte med innføringa av ny teknologi, og i dag er det nokre nyvinningar frå siste halvdelen av 1800-talet me skal ta føre oss.

Me kan først nemne dampbåtane som tok over for segl og åretak. Dampskipsfarta på romsdalsfjordane byrja så smått i 1858 med dampskipet Romsdal. Men først i 1888 vart det skikk på dampskipsfarten med opprettinga av eit nytt selskap og innkjøp av skipa Eira og Rauma, og til sist Nordfjord. Desse dampbåtane knytte fjordbygdene i Romsdal nærare både til kvarandre og til byen Molde.

Den andre nyvinninga me skal nemne, er separatoren. Dette er jo eit reiskap eg vil tru dei færraste av lesarane sveivar i gang dagleg, men var altså ein innovasjon som spreidde seg svært raskt på den norske landsbygda dei to siste tiåra av 1800-talet. Utan å gå i detalj, var dette eit sveivereiskap for å skilje ut fløyten frå mjølka ved hjelp av sentrifugering, noko som både var lettare og raskare og som gav meir fløyte ut av mjølka enn ved tidlegare teknologi. Ikkje minst var det siste viktig, då det var fløyte ein trengte for å lage smør. Og smør, det var igjen det ein trengte for å gjere fjøsarbeidet om til reine pengar! Ja, separatoren slo faktisk så om seg her i Romsdal, at det til og med vart tala om ein ”… separatorvækkelse i Romsdals Amt” frå talarstolen på Stortinget.

Samtidig som separatoren vart vanleg, vart det også oppretta meieri rundt om på bygdene. I 1885 fortel kjeldene at det var berre eitt meieri i Møre og Romsdal, medan det dukka opp stadig nye meieri mest som paddehattar i åra frametter, fram til det var heile 131 meieri i fylket i 1905. Bøndene hadde no fått teknologien til å produsere meir smør, og med å opprette slike samarbeidstiltak, fekk dei også både ein større og meir profesjonell produksjon, samt eit meir målretta salsapparat. Utfordringa var derimot å finne ein salsmarknad, då det knapt var til noko stor nytte å selje smør til kvarandre. 

Annonse frå Romsdals Budstikke, 1891.

Kommunikasjonar

Det er klart at innbyggjarane i byane i fylket utgjorde ein potensiell marknad, men byane var små og det var mange smørseljarar om beinet. I 1889 tok difor landbruksselskapet i fylket kontakt med Stortinget for å få stønad til å opprette ei dampskipsrute direkte frå Møre og Romsdal via Bergen til England. Og med opprettinga av båtruta frå Vestlandet til Newcastle kring 1890, fekk i realiteten også bøndene ein mottakarmarknad for smørproduksjonen – først med fjorddampen til Molde, og vidare via Ålesund og Bergen til Newcastle med den såkalla «Englandsruta». Dette gav direkte tilgang til marknaden for salsproduktet smør, og amtmannen skreiv følgjande om ruta i 1895: «I saa Henseende har navnlig den statsunderstøttede Dampskibsforbindelse, Distrikterne har faaet med det store Marked i England for sit Smør, havt en ganske overordentlig heldig Indflydelse

Produksjonsomlegging

Det interessante er å sjå at den nye teknologien og dei nye kommunikasjonsrutene førte til ei mest overraskande brå omlegging av jordbruksproduksjonen i Møre og Romsdal, i løpet av berre få år. Altså slett ikkje noko endringsskeptisk bondesamfunn med motvilje til å prøve noko nytt! I tillegg hjelpte sjølvsagt dei gode prisane ein fekk for smøret i England på produksjonsomlegginga, der romsdalsbøndene gjorde seg feite på smørsvoltne britar. Me også kan sjå på denne brå produksjonsauken ved å granske eksporttala frå fylket, der det viser seg at det vart skipa ut 26 tonn smør frå Molde i 1893, men der dette hadde stige til nesten 200 tonn i 1899. Til saman kunne amtmannen fortelje at det vart eksportert 570 tonn smør frå fylket dette året, og me veit at smøreksporten frå Romsdal amt til England på denne tida, var større enn frå heile resten av landet til saman.

Annonse frå Romsdals Budstikke, 1895.

Reint praktisk førte dette også til store strukturelle endringar i jordbruket, der det vart lagt langt mindre vekt på den gamle kornproduksjonen. I staden vart det no satsa meir på engdyrking og betre krøterstell, der det saliggjerande målet var  å produser meir og betre mjølk med sikte på sal. Denne satsinga på kyrne og mjølkeproduksjonen førte i sin tur med seg ei motsvarande nedprioritering av sauane, og jordbruksteljingane fortel at talet på sauar vart godt over halvert i løpet av dei to siste tiåra av 1800-talet. Og som geografen Amund Helland skreiv få år etter (1911), så var det nett dei nye kommunikasjonane og tilgangen til dei utvida salsmarknadane som hadde medført denne brå omlegginga: ”En grund til, at antallet af sauer aftog, var den, at meieridriften trængte igjennem saa voldsomt, at der blev nedgang i kornavlen; og sauen blev rent overseet. Den ved englandsruten aabnede adgang til udførsel af fedevarer til udenlandske markeder har virket med til omlæggningen.”

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.