William Coucheron-Aamot. Foto: Fra boka Det Norske Folk på land og sjø/Romsdalsmuseet

Kongsemnet frå Romsdal

Kong William av Noreg? Dette er historia om kosmopolitten og eksentrikaren William Coucheron-Aamot – kongen til Veøy.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Då Noreg braut ut av unionen med Sverige i 1905, vart det spørsmål om ein skulle gå for monarki eller republikk som styringsform. Den nye, frie nasjonen valte som kjent å halde seg med eit kongehus der den danske prins Carl vart valt som norsk konge under namnet Haakon. Men visste de at ei avis her i Romsdal kom med framlegg om eit langt friskare til kongsemne enn ein dansk prins?

Avisa Jordbrugeren

Avisa Jordbrugeren – med undertittelen Frisindet Blad for den norske Bondestand – må kunne seiast å vere ei avis for seg sjølv i den romsdalske bladheimen. Avisa vart nemleg gjeve ut både langt frå tettstader og utan noko fast politisk tilknyting. Mottoet til avisa var nokre ord av Welhaven, og dette stod på tykk rett under avishovudet: Din Odel, Bonde! Er en hellig Grund. Hvad Norge var, det skal det atter vorde paa Land, paa Bølge og i Folkerang.

Det første nummeret av avisa vart gjeve ut i 1896 med gardbrukaren Erik Lerheim (1859-1950) som både utgjevar og redaktør heilt til avisa gjekk inn i 1928. Avisa vart frå først av trykt i Molde, men var snøgt flytta til redaktøren sin heimgard Lerheim i Eid herad; no ein del av Rauma kommune.

Det heiter seg at Lerheim var ein særeigen person, sjølvlært, men med god ålmennkunne og med ei dyktig og kvass penn. Vidare veit me at redaktøren hadde sympatiar til bondevenstre i ungdomen, men at han etter kvart meir og meir gjekk sine eigne vegar – med eit program som peika fram mot det seinare Bondepartiet.

Verdsvant kosmopolitt

Ein av dei mest særmerkte innbyggjarane i Romsdal på 1900-talet, kom flyttande til området nett i unionsoppløysingsåret 1905. Det var marineløytnanten, historikaren, forfattaren, føredragshaldaren og det ein må kunne omtale som eksentrikaren William Coucheron-Aamot. Det var på ein føredragsturne vinteren 1905 Coucheron-Aamot hadde fått nyss i at den gamle prestegarden ute på Veøya i Romsdalsfjorden var til sals. Prestegarden vart kjøpt på auksjon i februar 1905, og det var på ingen måte ein anonym mann som med kone og born flytte ut på den gamle kyrkjeøya utan anna busetnad.

Etter kvart som unionsspørsmåla stramma seg til, fann redaktøren av Jordbrugeren det på sin plass å presentere stamtavla til denne karen; og då med følgjande grunngjeving: Vi har ofte ønsket at kunne finde igjen i Folket direkte Ætlinger af Norges Glansperiodes Storætter og Kongestammer i Forvisningen om, at en hel Del af det norske Folke eier Adels- og Kongeblod i sine Aarer. Og det var ikkje stamtavla over noko husmannsslekt den nye herren til Veøy hadde gjeve til avisa! Me finn mellom anna Harald Hårfagre, Ragnvald Mørejarl, Håkon Jarl, Magnus Lagabøte, Vincent Lunge, fru Inger til Austråt – ei lang rekkje med franske adelsmenn, norske prestar og mykje meir! Sonen til godseigaren på Veøya vart til slutt presentert som Harald Hårfagres direkte etterkommar i 34. ledd.

Veøya

I ein større artikkel, ønskte Jordbrugeren å presisere sitt syn på kva kongsemne dei helst såg føre seg for det nye, frie Noreg. Artikkelen stod på trykk i slutten av august, og det kom fram at avisa helst ville ha eit monarki med norske røter. Om det var slik at ein peika ut ein dansk eller svensk prins, ja då kunne ein like godt velje republikk. Carl var då ikkje ein gong eit norsk kongenamn, og det var grunn nok til ikkje å vurdere nokon av Carl’ane, meinte Jordbrugeren. Nei, her måte ein satse på ei kongetrone med klåre band til Harald Hårfagres ætt! Og slike prinsar ville ein finne, om ein berre leita – det var visst. Og avisa såg føre seg to moglege val. Det eine var Tofteslekta på Dovre. Ein meinte at denne stamma frå Harald Hårfagre, og med nokre etterrøkingar kunne det vel førast prov for dette, hevda avisa. I denne slekta fanst det også ein 12 år gamal gut, kom det fram av artikkelen – så her var det gode moglegheiter.

Men det som avisa meinte det allereie var ført prov for, var at: … Coucheron-Aamot-slægten er en direkte Nedstamning baade fra den gamle norske Høiadel og fra selve Harald Haarfagre. Ingen har kunnet modbevise det. Skribenten gjorde det også klårt at han på ingen måte stod korkje i slekt eller venskap med denne slekta, sjølv om den no hadde flytt til Veøya like i nærleiken. William Coucheron-Aamot var rette karen, då han først og fremst var vitskapsmann på historiefeltet, dernest marineoffiser og verdsvant kosmopolitt. Jau, den reinaste norske patriot ein kunne finne, ein kar som inderleg elska sitt land! Og om ein gjorde eit slikt val, så var også neste generasjon sikra, då barneflokken allereie var stor. I barneflokken fann ein ikkje minst: … en liden Pode under Navnet Haakon. Om ein la ned like mykje midlar som nordmennene no overførte til Bernadottane, kunne ein godt sjå føre seg at denne barneflokken kunne oppsedast til kongelege prinsar og prinsesser med all mogleg kongeleg dygd og vyrdnad, i følgje Jordbrugeren.

Mildt sagt må ein vel seie at Jordbrugeren sitt framlegg om å gje Coucheron-Aamot den norske kongetrona var noko kontroversielt. Avisa var sjølv inne på dette, men såg det ikkje som naudsynt å ta slike innvendingar til etterretning: Vi lader os ikke anfegte af de Stik, som rettes imod os fra nær og fjern, privat og offentlig, for vort Arbeide for, at den gamle norske Kongeæt atter kan bestige den norske Kongethrone.

Og det var nok på eit humoristisk plan dei fleste utanfor avisredaksjonen på Lerheim oppfatta det som etter kvart må ha vorte eit vidgjetne framlegg til kongsemne. Utanom sjølve hovudpersonen, då.

«Kongen til Veøy» – William Coucheron-Aamot – ilag med to biskopar på trappa på Veøya, 1947. Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Dei beste krinsar

Coucheron-Aamot hadde etter han kom heim frå teneste i den kinesiske marine vanka i ”det Sarske hjem” i hovudstaden. Her møttest samfunnstoppane til toddi og drøs, og unionsspørsmålet var sjølvsagt av dei viktigaste spørsmåla i åra fram mot 1905. Ikkje minst hadde Coucheron-Aamot vore av dei ivrigaste agitatorane for ei unionsoppløysing, meinte han sjølv på sine eldre dagar. I eit intervju i Dagbladet i 1948 fortalte mannen ein då kjente som ”kongen til Veøy”, om åra før unionsoppløysinga. Om det vart sagt med humor eller ikkje, er vanskeleg å vurdere i ettertid, men i intervjuet kom det fram at Coucheron-Aamot såg tilbake på denne tida med tanke for at han hadde vore høgaktuell til kongetrona. Jo, det hadde til og med vore ”prøverøysting” i den Sarske heimen i 1904, der visstnok 17 personar hadde røysta for Coucheron-Aamot som konge. Dette trakk han også fram i føredraga han heldt kring om i landet, og bygde med dette opp under historia om at han sjølv hadde vore høgaktuell som ny, norsk konge i 1905.

Det viser seg at dei andre romsdalsavisene ikkje var like villige som Jordbrugeren til å by Coucheron-Aamot kongekrona. Truleg såg dei på framlegget mest som ein kuriositet, men litt spalteplass vart det då likevel ofra på marineløytnanten og føredragshaldaren.

I ei anna romsdalsavis, Romsdals Budstikke, fann me til dømes først i august eit lesarinnlegg skrive frå ekserserplassen Setnesmoen i Rauma. Her kom det fram at Coucheron-Aamot hadde vore på vitjing i militærleiren i juli månad, mest truleg for å halde føredrag om dei unionelle spørsmåla. Innsendaren, som skreiv under med Trønder, omtalte Coucheron-Aamot som sjølvaste ”Tronprætendenten” – vel og merke i humoristiske ordelag. Kongsemnet frå Veøya vart karakterisert som litt for teatralsk for dei ålmenne soldatane i leiren, men trønderen avviste han ikkje som framtidig konge for det. Nei, som han skreiv: Gudbevars, derfor kan han jo due som ”Gallionsfigur”!

Eit kontrafaktisk frimerke. Ill.: Syn og segn

Ein smågut

Jordbrugeren hadde heller ikkje konsentrert seg berre om den godast Coucheron-Aamot. Allereie i byrjinga av mars 1905, trykte avisa ein større leiar på framsida under tittelen Egen Konge. Redaktøren gjorde først greie for at avisa ikkje meinte monarki var den einaste moglege løysinga for eit framtidig, fritt Noreg. Ingen ringare enn professor Nansen, nasjonalhelten, vart løfta fram som mogleg president av Jordbrugeren. Redaktøren verka likevel ikkje overtydd når han skreiv om at republikk var eit framtidig styringssett ein kunne sjå føre seg i landet. Nei, ein måtte nok helst sjå seg om etter kongsemne av norsk ætt.

Som tidlegare nemnt, var det etterkommarar etter Harald Hårfagres ætt ein var ute etter. Og som det står å lese: Saaledes er det vist ikke tvivlsomt, at man paa Tofte paa Dovre ogsaa endnu finder en saadan Gut af ren Race. Men denne guten måtte nok regjere ved formyndarskap dei første åra, då han berre var tolv år gamal og farlaus. Men, skreiv avisa; Det var ogsaa Harald Haarfagre da han med Formynderskab blev Konge og begyndte sin Samling af Norge. Leiarartikkelen vart avslutta med at om ein gjekk for dette fullnorske framlegget, då måtte ein også leggje kongeresidensen til Trondheim.

Men dette var altså før Coucheron-Aamot kom flyttande til Romsdal med si eviglange ættetavle attende til dei gamle norske kongane. Med ein slik mann i grannebygda, er det ikkje rart Jordbrugeren gjekk vekk frå både polarheltar og smågutar frå Dovre.

Utetter sommaren var det stort sett Coucheron-Aamot som vart løfta fram som kongsemne. Men i slutten av juli var også ein engelsk prins aktuell, i følgje avisa. Dette var prins Arthur av Connaught, altså kong Edward sin brorson. Og nok ein gong kom den sterke norskdomstanken til redaktøren på Lerheim til kjenne. For også denne prinsen måtte då kunne seiast å vere av norsk ætt! Det vart gjort greie for det engelske kongehuset sitt slektskap attende til Ragnvald Mørejarl, Gange Rolf og Wilhelm Erobraren. Etter ei vidløftig oppramsing av slektskapstilhøve heilt attende til vikingtida, vart det difor konkludert med at: Da det i den engelske Prins rinder norsk Blod, skulde det derfor hue os bedre, at han blev norsk Konge end nogen af Bernadotterne. Alt i alt, kan me oppsummere, fekk ikkje den svenske kongefamilien mange positive orda i løpet av året.

Realpolitikk

Utpå hausten samla ein seg også i Jordbrugeren om dei meir reelle alternativa; og ikkje minst danske prins Carl som norsk konge. Ja, ein kunne einast om danskeprinsen trass i at ein hadde lidd harde år under Danmark, samt at ein under desse åra hadde mist både øyane i vest og landområde i aust. Vi har gjort, hvad vi har kunnet, for den indenlandske Stamme af Harald Haarfagres Æt – skreiv avisa i ein leiar i byrjinga av november. Ja, no måtte det vel eit mirakel til, om Coucheron-Aamot skulle kunne ikle seg kongekappa. Men avisa såg også slektskap mellom dei gamle norske kongeættene og den høgaktuelle danskeprinsen, og oppmoda difor lesarane om følgjande i samband med folkeavstemminga: Derfor tilraader vi all vore Venner den 12te November at give Regjeringa Fuldmagt til at sende Bud efter en Repræsentant af Harald Haarfagres Ættegren – prins Carl af Danmark som Kong Haakon VII.

Men, viser det seg, Jordbrugeren var nok slett ikkje glad for å sleppe tanken på Coucheron-Aamot på trona. Ein kunne i alle fall bruke dette kongsemnet til å markere usemje med kristiansundsavisa Romsdalsposten. Denne avisa hadde etter kva Jordbrugeren skreiv, sterkt forfekta eit republikansk syn utetter hausten 1905. Ei av årsakene til dette, var visstnok at dei ikkje ville importere ein utanlandsk prins. Jordbrugeren stilte til dette eit spørsmål ved kvifor kristiansundsavisa ikkje ville støtte opp under Coucheron-Aamot, som jo ”beviseleg” ætta frå gamle norske kongeslekter: Men Forfængeligheden er stor nok ogsaa i ”Romsdalsposten” til, at den ikke tør slutte sig til os med Anbefaling af Coucheron-Aamotslægten. Med å velje ut denne slekta meinte Jordbrugeren at ein valde ei slekt med tusenårs kongeblod i årane, i motsetnad til Bernadotteslekta som først gjekk ut frå folket for knappe hundre år sidan – og som ingen tilknyting hadde til landet: … og er af udenlandsk, kanske endog jødisk Race.

Avslutting

Coucheron-Aamot vart aldri konge over Noreg. Dei storpolitiske tingingane hadde ikkje teke omsyn til avisa Jordbrugeren sitt kongsemne, og godseigaren fekk ta til takke med å vere konge over Veøya i Romsdalsfjorden. I ettertid hevda då også Coucheron-Aamot at han ikkje hadde kjøpt prestegarden på Veøya på auksjon i 1905, men at Christian Michelsen hadde skrive til han og bydd fram staden som ei slags nasjonal påskjøning. Om dette nok ikkje stemte, kunne det mest ha vore på sin plass. Coucheron-Aamot hadde nemleg halde godt over 5000 føredrag om ulike historiske emne gjennom åra, der ingen av dei var på under tre timar. Og som han sjølv kunne fortelje: Alene for unions-oppløsningen holdt jeg 900 taler. Landet skulle være uavhengig som jeg selv.

Kjelde/les meir:

Langnes, Mads: Sæl er kvar den, som fekk vera med ein slik dag. 1905 i Romsdal. I: Hasle, Hyvik, Tafjord (red.): Lokale røyster i 1905. Volda 2005.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.