Bøndene på garden Benæs i Nordfjord hadde rundt 100 innmarksteigar kvar i 1875, liggande i eit lappeteppe mellom kvarandre. Kjelde: Jordskifteverket gjennom 100 år (Utsnitt)

Teigar og teoriar

Fram til siste halvdelen av 1800-talet låg dei fleste gardane på Vestlandet i det både politikarar og jordbruksautoritetar gjerne omtalte som ei «forderveleg» teigblanding.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Var dette eit resultat av irrasjonelle og stuttsynte bønder, eller låg det rasjonelle økonomiske og agronomiske val bak denne jordeigedomsstrukturen?

Det såkalla jordfellesskapet og teigblandinga var den rådande jordeigedomsstrukturen på dei fleste gardane i Vest-, Sør, og Nord-Noreg. Under denne organiseringa kunne kvar enkelt gardbrukar ha innmarka si oppdelt i mange titals små og store teigar, liggande i eit lappeteppe samanblanda med dei andre brukarane på garden sine teigar.

Dette medførte at teigane dels vart så små at ein ikkje kunne bruke dei nye landbruksreiskapane på dei, at det var vanskeleg tilkomst til teigane, mykje daudareal og ein viss grad av driftstvang for bøndene. Utetter 1800-talet vart dette sett på som ei mindre og mindre fornuftig organisering av gardsskipnaden, og i løpet av få tiår vart det som følgje av jordskiftelova av 1857 og opprettinga av Utskiftingsvesenet (Jordskifteretten) utført innmarksutskiftingar som medførte ein overgang til langt meir konsoliderte eigedomar.

Bøndene på garden Benæs i Nordfjord hadde rundt 100 innmarksteigar kvar i 1875, liggande i eit lappeteppe mellom kvarandre. Kjelde: Jordskifteverket gjennom 100 år

Grensedeling og teigdeling

Denne jordeigedomsstrukturen hadde oppstått når to eller fleire arvingar skulle dele eit gardsbruk, og delte det på det viset at dei i staden for å nytte grensedeling (altså enkelt og greitt dele bruket i to med ei grense), delte på det viset at dei alle fekk sin eigedom utlagt i fleire teigar. Ved seinare bruksdelingar kunne så teigane bli delte ytterlegare, og ein fekk ein meir og meir innvikla teigstruktur for kvar deling. Reint praktisk kunne dette medføre at bøndene hadde innmarksarealet sitt oppslitta i fleire titals teigar – og i einskilde høve høyrer me om både 100 og fleire teigar til kvar bonde.

Teigar og teoriar

Forskarar innan ulike fag har prøvd å forklare kvifor bøndene valte å organisere jorda og jordbruksdrifta si i eit innfløkt fellesskap med ulike former for jordfellesskap både i Noreg og i andre land, og teigdelinga sitt opphav og omfang har vorte omtalt som eit av dei klassiske, agrarhistoriske problema.

Me kan seie at me kan finne fleire hovudkategoriar av forklaringsmodellar bak kvifor bøndene organiserte jordbrukslandskapet i ulike former for jordfellesskap både i det nasjonale og det internasjonale teoritilfanget.

  • Den første forklaringa har vore etnisk grunngjeve, der skilnadene i busetnadsformer og sosiale organisasjonsformer på gardane har vorte forklart med etnisk opphav og folkevandringar.
  • For det andre har systemet har også vorte forklart med at bøndene ikkje visste sitt eige beste, og at dei difor ofte valde ineffektive organisatoriske løysingar. Ein har då vurdert bøndene som sterkt prega av konservative drag i høve eigedomsrett og bruk, og at dei berre hadde fokus på å løyse vanskane for dagen, utan tanke for framtida.
  • Ei tredje forklaring har vore at bøndene var prega av ueigenytte, og at teigblanding var vald grunna at dei ønskte å fordele jorda på ein mest mogleg rettferdig måte. Bøndene tydde då til det lettaste og mest rettferdige viset å dele garden på, der dette innebar at ein følgde eit partikularisk prinsipp der kvar einskild brukar på ein gard skulle få ta del i kvar lita eining på garden, om det var ein åker, ei eng eller anna, der matrikkelskylda avgjorde storleiken på den einskilde brukar sin tilgang til ressursane.
  • Den fjerde moglege forklaringa har vore at bøndene visste sitt eige beste og var individualistisk kalkulerande, der teigblanding var vald i tilfelle der denne delingsmåten var naudsynt for å sikre den einskilde luteigar sin part av den jorda som var best eigna til ulike driftsformer. I ein slik meir materialistiske forklaringsmodell har ein lagt vekt på at teigblandinga var eit resultat av ei lang, økonomisk retta utvikling, der rasjonelt tenkjande bønder har vore viktige for utbreiinga av systemet. I ein slik modell blir bøndene vurdert slik at dei visste sitt eige beste, der teigblandinga må ha vore eit produksjonsfremjande system i det førindustrielle jordbruket. Organisasjonsforma var på det viset kalkulert ut frå at den lønte seg frå bøndene si side. Forklaringsmodellen legg vekt på effektiviteten i at alle driftseiningar fekk tilnærma like naturmessige produksjonsvilkår ved at dei alle fekk tilgang til den gode jorda, sjølv om dei også måtte ta til takke med noko av den dårlege, og systemet var med det sosialt utliknande og gav større produksjon enn om ein valde ei organisering der berre nokre av bøndene fekk tilgang til den beste jorda.

Omgrepa ”risikominimering” og ”lagelighetskostnad” skal nemnast i samband med den siste forklaringa, med utgangspunkt i teoriane til Donald McCloskey og Stefano Fenoaltea. Båe desse har hevda at bøndene var individualistisk kalkulerande og at teigblandingssystemet ikkje var ufornuftig, men dei nyttar ulike forklaringsmodellar bak kvifor dette var ei rasjonell tilpassingsform. Teigspreiinga kunne ifølgje McCloskey forklarast ut frå eit ønske om å stabilisere kvart hushald si avling frå år til år med ei risikospreiing og riskikominimering.

Visst førte teigstrukturen til meirarbeid, men dette vart likevel vege opp att og vel så det av at ein stabiliserte avlingsvariasjonen frå år til år med å ha teigar spreidd utover eit større areal. På det viset kunne kvar luteigar få teigar i alle variantar av jordkvalitet i høve drenering, vatning, sol og vind, kjemisk struktur osb.

Jordbruksareal som var gunstige i regntunge år, kunne vere dårlege i tørkeår og omvendt. Hadde ein teigar i «alle» slags bonitetar og jordartar var dette meir som ein «forsikringspremie» som bøndene var villige til å betale. McCloskey reknar at ei slik spreiing av risiko ville føre til om lag 10 % lågare utnytting enn maksimalt, men at dette var ein forsikringspremie bøndene godtok for å eliminere katastrofeavlingar.

Var bøndene rasjonelle eller irrasjonelle i sine handlingar? Den eldre bondestanden i Romsdal får her vere representert ved Peder og John Meringdal, begge født tidleg på 1830-talet. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Som svar til dette hevda Fenoaltea at bøndene kunne nytte langt betre strategiar for å stabilisere mattilgangen enn gjennom stabilisering av produksjonen ved hjelp av teigspreiing, med utgangspunkt i teoriar om ”lagelighetskostnad”. For det første kunne dei spare korn frå gode år til dårlege år. Dei kunne også i dårlege år låne korn av bruka som det året sat på dei «gode» partane av garden. I tillegg til dette hadde ein m.a. kyrkja si tiendeordning som kunne fungere som ei slags kollektiv forsikringsordning. Eit anna argument for teigblandinga kunne då vere at spreiing av teigane var økonomisk rasjonelt ut frå ein agronomisk synsstad, der ein vurderte det som fordelaktig å ha teigar der jordbotn- og lokalklimatiske tilhøve varierte. På det viset vart det optimale jordarbeidings- og haustingstidspunkt fordelt over lengre tid. Om bøndene hadde hatt meir einsarta areal, ville dei anten måtte gjere våronn, så og hauste delar av arealet på mindre heldige tidspunkt, eller alternativt bruke meir innleigd arbeidskraft for å få utført arbeidet til rett tid.

Dette synet vart igjen motsagt av McCloskey som stilte spørsmål ved om lagring av korn frå år til år kunne fungere som ei god «forsikringsordning», då ein måtte rekne med monaleg lagringssvinn ved bruk av tradisjonell lagringsteknologi, og då særleg i fuktig klima.

McCloskey sette heller ikkje noko stor lit til at kyrkja ville spele noka stor rolle i å dele ut korn til dei som var ramma av avlingssvikt.

Rasjonelle val og irrasjonelle verknader

  • Ei femte og siste forklaring har vore at bøndene som nemnt ovanfor gjorde rasjonelle val, men at dei langsiktige verknadene av eit valt system likevel kunne bli irrasjonelle. Utstykking i teigblanding blir då sett på som ei rasjonell tilpassingsform, ut frå det synet at alle måtte sikrast moglegheit til å dyrke korn gjennom fordelinga av jordressursane på ein gard, og teigblanding var same kva eit stort framsteg i høve den eldre organisasjonsforma total samdrift. Det var heller ikkje noko ulempe at teigane var små så lenge jorda vart opparbeidd ved hjelp av handreiskap, og ei slik organisering av jordbrukslandskapet var trass alt den normale organisasjonsforma i jordbrukssamfunn over store deler av Europa gjennom hundrevis av år. Først når nye jordbruksteknologiar kom i bruk, vart organisasjonsforma ein klamp om foten til bøndene. Ein ibuande dynamikk i denne organisasjonsforma gjorde også at den ikkje stoppa opp når ein først hadde byrja. Med det vart resultatet meir og meir irrasjonelt, under den føresetnaden at det var vanskeleg, kostbart eller tidkrevjande å gjennomføre makeskifte som forenkla teigstrukturen før den nådde eit for irrasjonelt nivå.

Ole Brumm

Så for å byrje å byrje å avrunde, så har me altså sett at det har vorte nytta fleire ulike forklaringsmodellar for å forklare framvoksteren av det ein utetter 1800-talet byrja omtale som «den fordervelege» teigblandinga.

Kart over teigblandinga på garden Follestad i Ørsta i 1803. Kjelde: Riksarkivets kartsamling

Men kvar låg så eigentleg årsaksforklaringa bak dette fenomenet? Tja, sei det!

Dei fleste av teoriane er jo høvesvis smalt retta, og om me skal finne ei meir fullstendig forklaring, så må me nok nytte ein kombinasjon av desse teoriane – mest som ein slags «jordeigedoms-struktur-teoretiske-olebrummar». Det norske jordfellesskapet og den norske teigblandinga er jo, likt med så mykje anna, nett eit resultat både av kva natur og kva kultur som låg til grunn i eit samfunn – og for vår del er det ikkje sikkert at dei nemnte teoriane til korkje økonomar, agronomar eller historikar fangar opp totaliteten i dette.

Eg tru difor at teigblandinga på dei norske gardane må vurderast og forklarast ved å kombinere fleire av dei sosiale, økonomiske og kulturelle samfunnsvariablane som er lagt vekt på i desse årsaksforklaringane. Og det skal me jo ikkje sjå vekk frå at me skal gjere ein dag – for kombinasjonen av teigar og teoriar, det er jo nett ei, bokstaveleg talt, jordnær tilnærming for å nytte generelt teoritilfang for å granske sjølv den mest lokale vestlandsgard!

Les meir:

Langnes, Mads: Utskiftingsrett og gardsskipnad. Innmarksutskiftingar, tun og teigblanding i tre ulike landslutar. Instituttet for sammenlignende kulturforskning, Serie B: skrifter Vol. CLXI. Oslo 2018.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.