Illustrasjon frå boka «Historia de gentibus septentrionalibus» («Historien om de nordiske folkene») frå 1555. I bakgrunnen ser me ein gapestokk i bruk, og i framgrunnen ein gut på veg i halsjarnet som straff for å ha drive terningspel.

Gapestokk og straff

Det blir sagt at sosiale medium og tv-kanalar fungerer som ei form for digitale gapestokkar i våre dagar.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Kjem ein med avvikande meiningar i samfunnsdebatten eller er involvert i politiske opp-, ned- eller barturar, kan ein stå lageleg til for uthenging i det ein kan kalle den globale, digitale landsbyen. Annleis for eit par hundre år sidan, då det var reint fysisk ein vart sett i gapestokk utanfor den lokale kyrkja om ein hadde trødd litt feil.

Gapestokken er eit kjent element både i historia og i folketradisjonen, og omgrepet «å stå i gapestokk» blir framleis nytta om ein person som meir eller mindre med rette blir hengt ut offentleg for ei eller anna misgjerning. På 1700-talet vart gapestokken eit vanleg nytta straffereiskap ved mindre lovbrot i Danmark-Noreg, fram til den vart avskaffa ved lov i 1848. Det var ikkje meininga at den straffedømte skulle ta fysisk skade av å stå i ein gapestokk, i motsetnad til andre straffereiskap frå same tida. Gapestokken må heller kunne seiast å vere tufta på eit skamstraffelement. Det var skamkjensla av å bli hengt ut ovanfor heile kyrkjelyden før, under og etter ei gudsteneste som skulle verke preventivt både ovanfor den dømte og tilskodarane, så dei ikkje fall i freistinga til å gjere tilsvarande lovbrot.

Ordet gapestokk har då også samanheng med ordet «begape», altså å bli glodd på.

Lovverk og religion

Gapestokken er eit reiskap me kjenner frå dei fleste land, særleg i Nord- og Vest-Europa. Reiskapen var truleg i bruk i Danmark-Noreg allereie i mellomalderen, men dei eldste lovføresegnene om bruk av gapestokk  i Noreg finn me først i Kong Kristian den Femtes Norske Lov frå 1683. I denne lova var det paragrafar om straff i gapestokk både for dei som let utgyte «Sværen og Banden» og dei som heldt leven på kyrkjegardane under gudsteneste.

Dei dansk-norske kongane som kom etter, følgde opp med eit aukande fokus på straff og disiplinerande tiltak for å overvinne sedlause og synder av ulike slag i riket. I tid fall dette saman med den pietistiske tidsanda som slo slik om seg i delar av Nord-Europa, og den pietistiske fromheita hjå dei dansk-norske kongane gav seg mellom anna utslag i ei rekkje forbod.

Den pietistiske anda var streng og førte med seg mykje refsingshug frå prestane si side, og strengare påbod og strengare straffer vart svaret på den paternalistiske otten både konge og presteskap hadde for dei syndige soknebarna sine.

Halsjarn frå gapestokken ved Tresfjord kyrkje i Romsdal. Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Straffeiveren først på 1700-talet medførte at gapestokken kom inn i ei rekkje forordningar og lover. Frå 1724-1725 vart til dømes gapestokken teke i bruk som subsidiær straff  til bøter i leiermålssaker, altså der dei straffedømte ikkje greidde å gjere opp bota si i pengar. Den vidgjetne heilagdagsforordninga eller sabbatsforordninga frå 1735 må også nemnast, som ei av dei sentrale forordningane frå Kristian VI si regjeringstid. Her vart det lovfest at bøndene måtte gå i kyrkja kvar preikesøndag og på andre heilagdagar. Om dei ikkje møtte var bota på tre lodd sølv, og om ikkje dette vart betalt, var straffa å stå i gapestokken frå ein til tre timar.

Ei forordning frå 1739 gav også gapestokkstraff til dei som nytta meir enn fem par fadrar ved barnedåpar, og likeeins til ugifte kvinner som fekk barn.

Dette var etter kva me veit ei disiplinærstraff som lensmennene kunne døme til utan at domstolane (tinget) var innblanda, slik føresegnene var for meir alvorlige straffemetodar som kakstrykning eller fengselsstraff. Den såkalla konventikkelplakaten frå 1741 kan også nemnast, då denne gav føringar for presteskapet si maktutøving og korleis dei kunne tvinge si vilje gjennom andsynes allmugen med bøter og gapestokk.

Straff

I ei forordning frå 1754 heitte det seg at alle innbyggjarar av bondestand i Noreg som ikkje brukte gardar eller husmannsplassar var pliktige til å ta seg teneste, og at dei ikkje skulle vere dagarbeidarar. Dei som tok seg teneste, men ikkje møtte til denne, skulle settast i gapestokken. Første gongen det skjedde slapp ein med å stå «i Gabestokken eller Halsjernet paa Kirkebakken i nogle Timer», men om ein braut denne forordninga for andre gong, då måtte ein stå der til spott og spe fleire preikesøndagar på rad.

Tek me føre oss kjente domar frå Romsdal, viser det seg også at gapestokken ikkje sjeldan vart nytta nett ved slike lovbrot. Eit døme på ei slik sak kan hentast frå Setnes i Rauma. Der hadde Brit Olsen tent på garden til kaptein Israel Olai von Sigholt ei stund, men tok seg teneste hjå Peder Andersen Setnes på grannegarden før tenestetida var omme.

Dette likte ikkje kapteinen, og då Brit hadde forlate sin gamle teneste utanom dei to årlege flyttardagane (14. april og 14. oktober), vart ho dømt til å leggje ut ein riksdalar i bot, dekkje saksomkostningane og ikkje minst å stå ein time «… udi halsjernet» under gudstenesta ved kyrkja i Grytten prestegjeld den 12. desember 1776.

Gapestokkar i Romsdal

Me kjenner til gapestokkar både av stein og av tre i Romsdal, som i landet elles. Kyrkjesongar og folkeminnesamlar Ivar Brovold (1823-1910) kunne fortelje om korleis gapestokkane i Vestnes prestegjeld såg ut frå gamalt av. Etter kva Brovold skreiv i 1904 var gapestokkane: «… en ved kirkeporten nedrammet mandshøi træstolpe med et halsjern øverst, og som bygdevægter og lensmand maatte føre den domfældte til en eller flere gange naar der holdtes Gudstjeneste i vedkommende kirke, omslutte synderens hals med halsjernet, som kunde lukkes uden at den dømte naaede til at aabne det.»

Om det var prestane som dømde til kyrkjetukt, var det bygdevektarane som stod for sjølve utføringa av straffa ved å setje folk i gapestokken. Gapestokkstraff var med det ei straff som både var enkel og rask å utføre og medførte små kostnadar, samstundes som den fungerte både vanærande og avskrekkande.

Gapestokk utanfor kapellet på Romsdalsmuseet, Molde. Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Eit konkret døme på korleis bygdevektarane involverte seg i slike saker har me frå Aukra. Peder Pedersen Hoksnes (1776-1857) var bygdevektar, og visstnok den siste som sette folk i gapestokk i prestegjeldet. Folkeminnesamlaren Mads Hukkelberg (1868-1957) kunne fortelje at han kjente fleire personar som hadde sett siste gongen gapestokken vart nytta, og at dette hadde vore ein ung mann som vart straffa for å ha fått barn med ei gift kone.

Å avle barn utan å vere gift var ei synd både etter lova og i presteskapet sine auge, sjølv om me veit dette hende både titt og ofte. Me må difor ikkje undre oss over at straffa var høg. Mannen vart dømt til å stå i gapestokken tre preikesøndagar på rad, heilt til alle hadde passert han på veg heim frå kyrkja.

Kyrkjelyden hadde også høve til å spytte på han, men me veit ikkje i kor stor grad slikt vart gjort. Bygdevektaren hadde likevel nytta dette høvet, ifølgje folkeminnet. Gapestokken var oppsett rett framom kyrkjeporten, og då bygdevektaren la jarnklaven kring halsen til den dømte blir det sagt at han samstundes sende ei diger ladning tobakksspytt rett i andletet hans, og med oppmoding om at dei andre måtte gjere likeins.

Siste gongen me kjenner til at det å bli sett i gapestokken vart idømt som straff i Noreg, var i 1846. Stutt etter vart bruk av gapestokken avskaffa ved Lov angaaende Forbrydelser av 17. august 1848, på same tida som ein fjerna ei rekkje eldre lover, forordningar og resolusjonar gjeldande strafferetten.

Les meir:  Mads Langnes: «Gapestokkane i Romsdal», i Romsdalsmuseet årbok 2013. 

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.