Den første Pride-paraden i Ålesund ble arrangert høsten 2018. Arkivfoto: Arild J. Waagbø

Pride og paradetvang

Pride-paradane handlar om å feire skeiv kjærleik, stoltheit og mangfald. Mange som deltek i paradane feirar forhåpentlegvis også at haldningane til dette er rausare og varmare enn dei var for nokre år sidan.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Samstundes vil dei markere at samfunnet enno har ein veg å gå før verdiane likeverd og likestilling er merkbare for alle. Dette støttar eg, slik eg i artikkelen Kvinnekrøll og homosurr tidlegare har teke til orde for at kommunane rundt om i landet må vera flinkare til å ønskje folk med ei anna seksuell legning enn fleirtalet tilbake til bygdene.

No skal eg likevel problematisere ei side ved Pride som eg meiner ikkje høyrer heime viss målet er meir toleranse og friheit for oss alle. Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad frå KrF har vorte uthengt fordi han sjølv har valt å ikkje gå i Pride-parade, heller ikkje etter han fekk ministerposten. Medlemmar av KrF og KrFU som faktisk gjekk i paraden i år fekk tilrop som «Kor er Ropstad?». Ikkje akkurat ein bodskap om at dei sjølve var velkomne, og dei opplevde det som at tilropa var planlagte.

Det Pride står for er fenomenalt. Så er det då heller ikkje målet om toleranse og respekt for ulike former for kjærleik eg kritiserer. Men eg meiner faktisk at det er umogleg å fremje toleranse på ein overbevisande måte samtidig som ein ikkje aksepterer at ulike folk gjer ulike val om å gå i paradar og tog.  Dersom vi alle for å bli aksepterte skal måtte gå i tog og i ytterste instans gå i takt, vil vi nærme oss eit type samfunn som vi burde ønskje aldri kom tilbake i Europa. Så ja, stå på for skeiv kjærleik og mangfald, konfronter sneversyn, nedlatande haldningar og vonde handlingar, men ikkje uglesjå folk i toleransens namn som av ulike grunnar ikkje går i eit opptog. For min del drit eg i kva legning andre har berre dei er snille og greie menneske og helst også artige. Då kan vi ikkje vera så lite artige sjølve at vi rakkar ned på dei som ikkje vil gå i ein parade.

I fascistiske samfunn i Europa tidlegare vart folk straffa om dei ikkje var ein del av massane i opptoga. Det å «mobilisere til felles og samstemt innsats» (som Det norske leksikon skildrar som viktig for fascismen) høyrest jo i utgangspunktet fint ut, men eit samfunn av frie menneske er ikkje eit samfunn der alle meiner det same, kjempar for det same og går i same tog eller parade. Poenget er at dette siste må vera sjølvvalt, ikkje eit resultat av press eller tvang.

Ingen bør hengjast ut for ikkje å delta på markeringar som andre har teke initiativ til, både fordi ein svært gjerne kan støtte føremålet med markeringa utan å delta i ho, og fordi folk kan ha ulike gode grunnar til ikkje å delta. Om det er sosial angst som held dei borte eller det at dei ikkje liker å gå i paradar reint generelt, er det uansett deira eige val. Og er grunnen til at nokon ikkje går i Pride-parade det at dei av religiøse årsaker tykkjer det er problematisk, går det an å ta diskusjonen med dei på ein annan måte enn å hengje dei ut for ikkje å gå i tog.

Mange i samfunnet vårt ønskjer å fremje gode haldningar som toleranse og openheit og mange oppfører seg ordentleg overfor menneske av ulik legning. Det er mogleg å oppnå eit varmare samfunn utan at alle går i takt – dette siste er heller ein viktig føresetnad for eit varmt samfunn.

Då er det eit anna interessant spørsmål som dukkar opp, nemleg spørsmålet om flagging. Er det «noko gale med» parti og enkeltpersonar som ikkje ønskjer at regnbogeflagget skal heisast på Stortinget? Sjølv støttar eg fullt ut kampen for toleranse og likeverd. På same tid meiner eg at flagging med regnbogeflagget på taket til nasjonalforsamlinga ikkje kan vera det ultimate kravet for å vise – og kjenne – at ei gruppe menneske med anna seksuell legning enn fleirtalet er godtekne.

Når det blir framstilt av somme som at den verkelege framgangen for skeiv stoltheit og kjærleis står og fell med om statsrådar deltek i paraden og om regnbogeflagget blir heist på taket til Stortinget, kan ein oppnå det stikk motsette av auka toleranse. Folk som er rause og gode kan tenkje at det heile blir for dumt når einsretting blir eit misforstått middel for meir toleranse. Det norske flagget har si eiga tyding og sin eigen verdi som symbol for fellesskapet og nasjonen. Regnbogeflagget er eit fint symbol, men det er ikkje det norske flagget.

Om nokon ønskjer at regnbogeflagget blir heist på kommunehuset den dagen dei giftar seg med nokon av same kjønn, har eg forståing for ønsket om å markere og feire legninga si. Samstundes meiner eg jo den ekte likestillinga og sjølvaksepten kjem den dagen alle som giftar seg kan gå ut på trappa og vera glade medan eit flagg i raudt, kvitt og blått blafrar for dei – uansett legning på det nye ekteparet.

Alt dette kokar ned til ein ting: Kva type folk ønskjer vi å vera? Den harde kampen for friheit for menneske av ulik etnisitet, bakgrunn og kjønn på til dømes femti-, seksti- og syttitalet handla jo om likeverd, respekt og like moglegheiter. Derfor er det absurd at somme av dei som no tilsynelatande er mest for friheit bruker hetsing som middel for å oppnå det motsatte for dei som ikkje går i tog og paradar av ulike grunnar. Ein kan vera frista til å tenkje at det er same type folk som hetsar andre som ikkje går i tog som dei som hetsa svarte og homofile tidlegare.

Heldigvis oppfører ikkje fleirtalet av dei som deltek i Pride seg slik, men dei som gjer det burde gå inn i seg sjølve og vurdere kva dei held på med. For dette handlar om enkeltmenneske som har trang til å bestemme kva andre skal meine, føle og gjera. Vi kan ikkje ta friheita så mykje for gitt at vi angrip andre i friheitas namn.

–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.