Homo erectus-skalle. Foto: Jim Hickcox (CC BY-NC 2.0)

Latskap – last eller nytte?

Dette er ikkje ein vitskapleg artikkel om latskap, men mest synsing.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Eg tykkjer nemleg latskap er eit interessant fenomen, og eg lurer på om det driv verda framover eller om det hindrar utvikling. Nyleg las eg at latskap truleg er ein viktig grunn til at det tidlege mennesket homo erectus døydde ut. Etter arkeologiske utgravingar i det sentrale Saudi Arabia har forskarar konkludert med at den antekne latskapen til denne menneskearten gjorde dei ute av stand til å utvikle seg nok til å klare seg då klimaet omsider vart tørrare. Dei brukte berre det dei fann av steinar som reiskap i staden for å bruke energi på å forme noko betre sjølve.

No må det seiast at homo erectus var dei første til å lære seg å bruke eld og at arten eksisterte lenge. Forskarane slår likevel fast at dei ikkje stod på noko særleg for å skaffe seg betre tilgang på ressursane. Teikn til teknologiske framsteg var fråverande i utgravingane. Latskapen får derfor store delar av skulda for at homo erectus dukka under.

Men så kan ein jo snu litt på det, eller kva? Å gjera ei oppgåve på «gammelmåten» er ofte meir arbeids- og energikrevjande enn å gjera den med nye reiskap og ny teknologi – det ligg jo sakens natur. Så viss nokon dagleg må bruke kroppen sin til å drive ein reiskap eller ei maskin og absolutt ikkje er lat, vil dei vel halde fram på same viset som før utan å mukke.

Nokon som kjenner latmarken kryp i lemmane og ikkje har lyst til å slite seg ut, vil derimot begynne å pønske på korleis det er mogleg å gjera dette enklare.

Dersom vedkomande attpåtil har intelligens nok til å pønske ut korleis ein kan laga ei ny og betre innretning som kan gjera jobben raskare og enklare – då begynner vi å ane framsteg. Er det då latskap eller mangel på latskap som står bak dette framsteget? Er dette kanskje irrelevant å spørje om, kan vi heller spørje om det er evna til å ta nye initiativ som er avgjerande?

Eg nemner i fleng: Plogen, taljesystemet, motorsaga, dampmaskina, slåmaskina, potetopptakaren, vaskemaskina, oppvaskmaskina, hjulvisp, elektrisk visp og så bortetter. For ikkje å gløyme oppfinninga Fjordland…

Evolusjonspsykologisk blir latskap gjerne forklart med at vi som art har ein tendens til å prøve å spara energi, og at latskapen er nedarva frå forfedrane våre. Det er jo ikkje rart om ein vil spara kroppen frå strabasar dersom ein ikkje veit når neste måltid kjem, og det ofte er matmangel. I vårt moderne, vestlege samfunn er det ikkje matmangel som er problemet.

Latskapen er likevel med oss, i forskjellig grad frå menneske til menneske, samtidig som stadig nye oppfinningar blir lanserte. Eg oppmodar forskarspirer til å sjå nærare på dette. For eg har ein mistanke om at latskap i nokre former bidreg til utvikling, ikkje berre til slikt som at homo erectus døydde ut.

–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.

Én kommentar til “Latskap – last eller nytte?”

Det er stengt for kommentarer.