Matsvinn. Foto: Foerster (Wikimedia/CC0 1.0)

Matsvinn er ikkje vinn-vinn

Vi skal helst ikkje kaste mat, men vi gjer jo det likevel. Altfor mykje mat blir kasta. Det kan vi bli motlause av viss vi hugsar at folketalet veks og at behovet for meir mat veks i takt med dette.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Vi kan rett og slett ikkje halde fram med å hive matressursar i ei verd der det er mangel på mat. Også vi relativt rike menneske her nord kan koma i ein situasjon der vi ikkje lenger får kjøpt alt vi vil.

Eg kjenner likevel eit godt håp når eg ser TV-program som Matsjokket på NRK, der kapteinen på Kokkelandslaget entusiastisk viser fram korleis vi kan bruke det som ligg att i kjøleskapet i staden for å kaste det. Det var også veldig kjekt å sjå eit innslag på Dagsrevyen nyleg der kokk og soussjef Øyvind Tiller ved Britannia hotell tala varmt for å redusere matsvinn. Han forklarte korleis han sørgjer for at gjestane får kjempegod frukost på hotellet sjølv om det ikkje ligg enorme mengder forskjellig mat framme altfor lenge, slik vanleg er.

Med ein ny frukostfilosofi som fremjer kvalitet meir enn kvantitet, og som reduserer matsvinn effektivt, har hotellet i Trondheim klart å vinne sølv i kåringa av landets beste hotellfrukost berre halvåret etter at hotellet gjenoppstod etter ei større renovering.

Skal vi skjemmast for å kaste mat? Ja, det kan godt hende det hjelper på motivasjonen vår for å unngå å kaste så mykje mat. Men det viktigaste er kanskje nettopp det programmet Matsjokket gjer – å lære oss korleis vi på ein god måte kan bruke opp den maten vi trur er for gammal.

Skam er inne i tida i klimasamanheng. Såkalla «kjøttskam» er ein variant. Å påleggje oss å skulle skjemmast for å eta kjøtt og særleg raudt kjøtt er ganske absurd i eit land som Noreg. Skal vi vera ansvarlege må vi sørgje for å forsyne vår eiga befolkning med mest mogleg av den maten som trengst.  Vi må òg sørgje for å ha ein best mogleg matvareberedskap til framtidige krigar og økonomiske kriser som kjem til å påverke oss anten direkte eller indirekte.

Vi lever i eit land der gras- og beiteressursane legg til rette for husdyrhald i store delar av landet, medan kornproduksjon er stort sett avgrensa til berre somme delar av landet. Vi må derfor importere store mengder mat, og endå mykje større mengder mat må vi importere dersom vi legg ned husdyrhaldet. Vi bør definitivt auke bruken av gras- og beiteressursane her til lands heller enn å  la dei gro att.

I staden for å grava oss ned i skam for det eine eller det andre, er det betre om vi begynner å bli meir opptekne av å eta opp mest mogleg av den maten som blir produsert som nettopp menneskemat, i staden for at han går i søpla etter nokre vekers eller månaders formålslaust opphald i kjøleskapet vårt.

–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.