Fra gang- og sykkelvegen langs Molde campus, våren 2025. Foto: Arild Waagbø

Stramt budsjettforslag for 2026

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2026, og tala viser korleis løyvingane til universitets- og høgskulesektoren blir justerte. For Høgskolen i Molde (HIM) er det foreslått ei rammetildeling på 347 millionar kroner, mot 363 millionar kroner i saldert budsjett for 2025 som er ein nedgang på 16 millionar.

Førsteamanuensis Elin Mordal er rektor ved Høgskolen i Molde.

Budsjettet er prisjustert med 13 millionar kroner, men fleire andre postar trekkjer i motsett retning. Den resultatbaserte utteljinga gir ein reduksjon på –6,5 millionar kroner, fordelt på –3,9 millionar kroner for studiepoengsproduksjon, –2,0 millionar for doktorgradar, og –0,7 millionar for fullføring av gradsprogram.

I tillegg kjem ein reduksjon på 10,2 millionar kroner som følgje av utfasing av mellombelse midlar til studieplassar frå 2020–2025. Samstundes får høgskolen ein mindre auke på 0,8 millionar kroner ved at tilskotsordninga for bu- og reisestønad no blir lagd inn i rammeløyvinga. Budsjettet inneheld òg eit generelt kutt på 3,2 millionar kroner for å frigjere midlar til omprioritering. Under posten «andre endringar» er det trekt ut ytterlegare 10 millionar kroner.

Reduksjon i studieplassar i sjukepleie – Molde tek hovudtyngda

Det er særleg desse 10 millionane under andre endringar som kjem uheldig og uventa, fordi sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Molde hadde god rekruttering i 2025. Departementet foreslår at reduksjonen skal tilsvare om lag 100 studieplassar totalt ved Høgskolen i Molde, Nord universitet og UiT Noregs arktiske universitet. Høgskolen i Molde tek om lag halvparten av denne byrden, og blir dermed ramma hardast. Samstundes får høgskulen ikkje tilført nye studieplassar på andre fagområde, noko som forsterkar den samla effekten av kuttet.

Departementet legg til grunn at institusjonane ikkje skal redusere ambisjonane innanfor sjukepleiarutdanning, og skriv at dersom framtidige opptak viser at plassane kan fyllast, vil midlane bli vurderte tilbakeførte. For å ta høgd for dette blir berre halvparten av reduksjonen på sektornivå fasa inn i 2026.

Konsekvensar for tilgjenge og regional balanse

Forslaget inneber ei viss sentralisering av utdanningstilbodet. Studieplassar knytte til sjukepleie blir i større grad foreslått flytta til sentrale område, særleg Oslo, noko som svekkjer tilgangen på kvalifisert helsepersonell i distrikta og utfordrar ambisjonen om å tilby høgare utdanning i heile landet.

Høgskolen i Molde blir hardt ramma, både fordi reduksjonen er større enn for dei andre institusjonane som omfattast, og fordi vi ikkje får kompensert gjennom nye studieplassar på andre fagområde. Dette gjer at vi må vurdere nøye korleis vi som organisasjon skal handtere dei nye økonomiske rammene. Dette blir krevjande prosessar som må drøftast breitt i heile organisasjonen.

Som rektor er eg skuffa over at høgskolen blir ramma så hardt. Vi er ein relativt liten institusjon, og eit slikt nedtrekk får betydelig større verknad for oss enn for mange større aktørar i sektoren.

Ambisiøse mål og strammare rammer

Kunnskapsdepartementet har fastsett tre overordna mål for høgare utdanning og forsking i 2026:

  • Høg kvalitet i utdanning og forsking
  • Berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon
  • God tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet

Dette er ambisiøse og viktige mål som Høgskolen i Molde skal bidra til å nå. Samstundes er det krevjande når rammene blir kraftig reduserte.

Vegen vidare

For å handtere dei nye rammene vil vi no starte ein brei prosess i organisasjonen. Fagmiljø og administrative einingar skal drøfte prioriteringar, moglegheiter og konsekvensar av budsjettforslaget. Vi vil særleg setje søkelyset på dei delane av løyvingane vi faktisk kan påverke, for å bruke ressursane mest mogleg effektivt og målretta, og påverke komande budsjett på ein positiv måte. I tillegg må vi sjå på korleis vi kan auke inntektssida, til dømes gjennom meir ekstern finansiering, for å møte dei reduserte statlege rammene.

Målet er å finne løysingar som sikrar kjerneverksemda og oppretthaldar kvaliteten i utdanning, forsking og samfunnsrolle, samtidig som vi tek omsyn til dei nye økonomiske rammene. Prosessen vil vere avgjerande for at Høgskolen i Molde kan tilpasse seg budsjettutfordringane på ein gjennomtenkt måte, og sørgje for at alle delar av organisasjonen får eit eigarskap til dei vala som må takast framover.