Vi var med Asgeir Hoel på trening på Pro Gym i Molde. Foto: Tonje Beate Torvik

Noregs sterkaste kokk

Asgeir Hoel (26), som arbeider som kokk på Høgskolen i Molde, er truleg Noregs sterkaste kokk. Les hans trenings- og mattips!

Hoel konkurrerer i styrkeløft for Fræna AK og vi fekk vere med han på treningssenteret for å sjå han i aksjon.

– Kvifor begynte du med akkurat denne sporten?

– Av litt forskjellige grunnar eigentleg. Eg har alltid villa drive med styrketrening.

Hoel fortel at han deltok i ein Strongman-konkurranse i 2008, men at det var ein del doping innanfor det miljøet – noko han sjølv synes er både unødvendig og useriøst. Han vil understreke at det er mange idrettar som derimot er seriøse med tanke på dopingtesting og null-toleranse for doping. Vidare hevdar han at innanfor rein styrkesport er styrkeløft og vektløfting dei sportane som er mest seriøse med tanke på dopingtesting – og at det er ein av grunnane til at han valde nettopp styrkeløft. Han er dessutan fascinert av det å trene styrke og ikkje så glad i kondisjonstrening.

– Eg er ikkje noko kondisfyr, eg likar heller å løfte vekter.

Her løfter Asgeir Hoel 260 kg i knebøy. Ein kamerat er med og sikrar og ser til at alt går bra. Foto: Tonje Beate Brevik
Her løfter Asgeir Hoel 260 kg i knebøy. Ein kamerat er med og sikrar og ser til at alt går bra. Foto: Tonje Beate Torvik

Konkurrerer mot broren

Broren til Asgeir konkurrerar også i styrkeløft, og var med i Nordisk mesterkskap på Island i august.

– Eg og storebror min konkurrerer litt mot kvarandre, sa han.

Treningsprogrammet Asgeir følger får han på e-post frå regionstrenaren, noko som gjer at han veit akkurat kva han skal løfte og kor mange repetisjonar han skal ta. Han trenar i hovudsak dei tre øvelsane han skal utføre i Midt-Norsk mesterskap i benkpress og styrkeløft den 27. september: Knebøy, benkpress og markløft.

– Kva for ambisjonar har du framover?

– Det komande mesterskapet håpar eg på å vinne. Eg håpar på å løfte 320 kg i knebøy. Tidlegare har eg fått godkjent 310 kg.

Vidare sa han at det hadde vore kjekt å vorte tatt med på regionslaget og representert Noreg i utlandet.

– Har du nokre gode treningstips til dei som vil begynne å trene styrke?

– Tren basisøvelsar. Knebøy, benkpress og markløft. Ikkje gjer ting for kompliserte. Snakk gjerne med nokon som har peiling. Det er også viktig å vite kva ein vil oppnå med treninga.

Jentemyte

Han synes at det er bra at fleire jenter har fått augene opp for styrketrening, men legg til  at dette med slagord som «Strong is the new skinny» er litt merkeleg.

– Det er ei myte at jenter blir store av styrketrening. Dei eg veit av som trenar styrke, ser heilt vanlege ut. Dei ser ikkje store ut i det heile tatt. Dei ser berre ut som at dei har trent.

Hoel sa at kosthold har mykje og si for resultata ein får. Sjølv et han mykje reine råvarer som kjøtt, tunfisk og kylling; i tillegg til å passe på å ikkje ete for mykje karbohydratar. Her er to enkle og sunne rettar signert Asgeir Hoel som ein kan laga og nyte anten aleine eller saman med andre:

Tunfisksalat med kikerter (lett lunsj):

(1 porsjon)

1 boks med tunfisk
1/2 raudlauk
1/2 lime
1 boks med kikerter
100 gram tomatar
2 hardkoka egg
Salt og peppar
Olivenolje

Svinebiff med ovnsbakt søtpotet (middag):

Svinebiff. Foto: Asgeir Hoel
Svinebiff. Foto: Asgeir Hoel

(1 porsjon)

200g Svinefilet (indrefilet eller ytrefilet)
100g cherrytomatar eller liknande
200g søtpoteter
50g purreløk
50g løk
50g squash
50g paprika
BBQ saus

Framgangsmåte: Kutt opp søtpotetane og steik dei i omnen på 220°C til dei er møre (ca. 20 min). Skjær kjøttet i biffstykker og steik på middels høg varme til kjøttet er gjennomstekt.
Kutt så grønnsakene og steik på høg varme. Tilsett tomatane på slutten av steiketida.
 Server gjerne med barbequesaus til.