– Eg storkosar meg i arbeid for Vålerenga Fotball, seier sport management-student Jørgen Hveding Andreassen (27).
Av SARAVIN SADSARALINGAM
Andreassen har studert sportsledelse ved Høgskulen i Molde i tre år. Før studiane var tromsøværingen fotballspelar for Tromsø 2 og Fløya, og han jobba i sportsbutikk, barnehage og på psykiatrisk sjukehus. Han valte til slutt Molde for bacheloren, og er no på utplassering i Vålerenga Fotball.
No i desse dagar er han veldig opptatt med å skrive og levere bachelor-oppgåva, noko som har gjort at han har fått mindre tid på arbeidsplassen hans, storstua til Vålerenga Fotball, Intility Arena. Jørgen forteljar i intervjuet over Zoom at han eigentleg hadde søkt praksisplass i Norges Fotballforbund, men dei måtte trekkje tilbodet pga. korona.
– Etter at NFF trakk sitt tilbod, måtte eg finne meg ein ny plass. Etter samtalar med min veileiar, så meinte dei at det var ein trygg stilling å søkje om ein plass ved avdelinga i Vålerenga som jobbar med samfunnsansvar, seiar Andreassen, som har også har erfaring frå slikt arbeid i Molde fotballklubb.
Etter å fått positiv svar på søknaden han sendte nedover til Oslo, reiste han ned, og fekk jobbe ifrå januar med kontor på Intility Arena. Han har også fått samarbeida med dei andre avdelingane i klubben.
– Eg har blant anna fått ansvar for eit prosjekt med damelaget til Vålerenga, seier Jørgen om dei hektiske dagane i hovudstaden.
Utanom prosjekta han har med dei diverse andre avdelingane, så går mykje tid til å knyte merkevara Vålerenga inn mot samfunnsansvar som gatelag og integreringslag, og eit av måla deira er å knyte byen saman med klubben, seier han.
– Ein vanleg dag for meg kan vere at eg bidrar på treninga med gatelaget, så hjelpe til med matutdeling til spelarane der, også kanskje tida etter går til meir administrativ arbeid, som å planlegge og organisere dei kommande vekene. Vårt største prosjekt og fokus er gatelaget, eit prosjekt eg er glad for å bidra inn mot, seiar Andreassen i Zoom-intervjuet.
Han har også eit godt samarbeid med Fotballstiftelsen, som inkluderar alle gatelag i Noreg, inn mot arrangementar. Og han er assistent for Vålerenga G12 Elite, som blir leia av ein tidlegare sport management student ifrå HiMolde, så det gror godt av våre tidlegare studentar.
– Eg er offisielt ferdig med bacheloren min 30.juni, og då er eigentleg det optimale for min del å fortsette i Vålerenga. Eg har også søkt litt her og der, men kanskje blir det å flytte heim til Nord-Noreg. Det får tida og corona-situasjonen vise, seiar Andreassen, som ønskjer å takke medstudentar og ansattesom har gjort åra i Molde minneverdige .
Han seier han håpar det kanskje ein gong kan bli ein retur til Rosenes by.