18-årige Alex Hegdahl (t.v.) var Gard Eskil Fraser (23) sin første klient. Foto: Privat

HiMolde-student starta agentbyrå

HiMolde-student Gard Eskil Fraser (23) på siste semester på bachelorprogrammet i sportsleiing har framtidsplanane klare: Fortsette drifta av eiget agentbyrå, Fraser Sport Management.

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Fraser Sport Management (FSM)er eit nyoppstarta agentbyrå av Gard Eskil Fraser som er CEO og agent. Med seg på laget har han Daniel James Hatfield (28) som er speidar og Oscar B. Aamodt (21) som er på praksis i agentbyrået. Desse tre har ansvaret for 16 spelarar rundt om i Norge, i tillegg til spelarar på Island, i Spania og England. Planen for framtida er stor seier Fraser, med blant anna mål  om auking av ansatte.

– Eg har samarbeid med mange sportsdirektørar, trenarar, speidarar, agentar, spelarar og andre forretningsmenneskar omkring heile verda, men eg håpar vi kan ansette ein person til så har vi fire ansatte som kan ta av seg arbeidet. Denne prosessen er vi i gang med, men ikkje noko som kan bekreftast enda, seier Fraser.

Gard Fraser seier at i dette yrker kan det oppstå mange utfordringar, spesielt når han er så fersk. Han seier at det han slit mest med er personanalyse, sidan dette er kjempeviktig i agentverda, når han møter mange personer i løpet av eitt år.

– I fotballindustrien er mennesker vanskeleg å lese, og dei er ofte sleipe. Det er viktig for meg å ha tunga rett i munnen når eg skal inngå samarbeid, sidan det er mykje løgn, dobbeltspel og utnytting i denne bransjen, seier Fraser.

Fraser Sport Management sin logo – forkorta til FSM.

FSM har ofte planar på tre, fem eller ti år dei jobbar utifrå for å nå måla for sine klientar. Fraser, som er frå Stange, og som har vore i klubbar som HamKam, Træff og Molde som spelar og trenar, vil framover hjelpe storklubbar i utlandet med spelarlogistikken, i tillegg til å legge til rette for fristilte spelarar i utlandet som skal finne seg nye klubbar.

– Vi legge til rette for treningsleirar i Noreg for spelarar som er fristilte eller som blir det, så kan speidarar frå klubbar plukke opp desse talentfulle spelarane, seier Fraser.

Frasers dag går ofte ut på å følgje opp sine klientar, byggje nettverk og nye kontaktar, og å jobbe med sine sportsprosjekter. Den siste tida har det vore mykje digitalt for Fraser i pandemien, men han seier at no som det har opna meir opp, så vil han vere meir tilgjengeleg fysisk, noko som er viktig i dette yrket meiner han.

– Eg er ofte i møter med klubbar i La Liga, så i neste augneblikk så er eg i møte med Championship-klubb også plutseleg kan det vere lag frå Australia på den andre enden. Det er dette eg elskar med mitt yrket, og eg håpar å vise for neste generasjon at dette er eit yrke å leve av, og at man kan jobbe med det man liker, nemleg fotballen, seier Fraser.

Gard Eskil Fraser (23) er ofte i fleire forskjellege møter om dagen. Foto: Privat