Bastian Anastasius Dahl. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Bastian Anastasius Dahl – eit dandy liv blant bøker

Bjørnsonfestivalen  er godt i gang og studiestarten på Høgskolen i Molde vel overstått. Det kan då passe godt å trekke Bastian Anastasius Dahl opp av hatten. Eller kanskje rettare sagt; flosshatten!

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

For her snakkar me dandy livsstil, litterær eleganse og vitenskapelig tyngde.

Bastian Dahl vart fødd i Molde i 1851 og skulle trass i sitt korte liv – han døydde allereie i 1895 – sette djupe spor etter seg både i heimbyen, i inn- og utland og i bokhyllene. Bastian vaks opp i det me må kunne kalle eit privilegert handelspatrisiat, med ein far (Nicolay Peter) som dreiv alt frå ølbryggeri til tranbrenneri og mykje anna. Mora Louise Johanne Gørvell på si side, var hovudarkitekten bak den kjente Humlehaven rett ovanfor bysentrum, eit makelaust vakkert hageanlegg som dessverre ikkje eksisterer anna enn i namnet i dag. Mora var også kjent for å vere ei skjønnånd med ei rik poetisk åre, og kan hende er det frå henne Bastian arva sin hang til det skrivne ord?

Preseterist

Eller kanskje vart han påverka av skulekameratane? For både Olaus Fjørtoft og Kristofer Kristofersen var klassekameratar på gymnaset, der begge desse også skulle gjere seg bemerka som skribentar. Og både Bastian og desse stod bak invitasjonen til å danne SAGA, som skulle vere eit «lidet litterært Selskab» for disiplar på Latinskolen i Molde.

Bastian Dahl vart formann for den historiske avdelinga, Fjørtoft for den naturhistoriske og Kristofersen for utvalget for framande språk. Friskt satsa av unge, fremmadstormende menn! Og kanskje for friskt? For berre to år etter står det følgjande å lese i møteboka: «Selskabet blev opløst paa Grund af indre Uenighed»! Bastian Dahl overrekte med det protokollen til skulebiblioteket, og arkivering av viktige dokument skulle han kome tilbake til også seinare i livet.

Bastian Dahl som student. Foto: J. Lindegaard / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Same kva, latinskulelivet gjekk mot sin ende og eksamen vart avlagt ved Universitetet i Oslo, slik det var på denne tida. Og av 184 som bestod eksamen, var vår venn Bastian blant dei tre såkalla «preceterister»  – altså frå det latinske «prae ceteris», som tyder «rosverdig framfor andre».

Filologistudent

Tida var no endeleg kommen til å kaste seg over bøkene på universitetet, der Bastian valte den klassiske filologien med studier både i Oslo og København. Og med romersk litteratur og fordjupning i latin som spesialfelt, men også med studier i både historie, arkeologi og geografi .

Den unge studenten Dahl var heime i Molde om sommarane, etter kva me veit. Og det kan virke som om byen alt hadde blitt stolt over sin sprenglærde latinstudent. Me veit i alle fall at då han reiste tilbake til Oslo etter sommarferien i 1871, vart det skrive ein hyllestsang til han av rektoren på hans gamle skule, med tittelen: «Molde Skoles Hilsen til Stud. Philol. Bastian Dahl ved hans Afreise frå et Besøg i Hjemmet».

Dei var litt meir rause med pompøsiteten på denne tida, enkelt og greitt!

Flamboyant vitenskapsmann

Etter studieåra vart han tilsett som lærar på Aars og Voss’ skole som lærar i latin, historie, geografi, gresk, tysk, fransk og norsk. Og som ein av hans elevar skreiv i eit minneskrift om då dei møtte den nye læraren for første gang: «Døren går op, inn træder en liten mann med en stor, bred panne, nokså stor nese med en liten knebelsbart under, smilende og blid og – o under! – klædd i en hvit linddrakt!»

Eller som det heiter i ein anna omtale: «Han havde Øie for Farver, Øre for velklang og Rhytmer, kritisk Smag og historisk Pietetsfølelse; han var en begeistret Ven af natur og Blomster, en kræsen Eklektiker i Valg af Omgivelser, enten det gjaldt Mennesker eller Bøger, men fremforalt et stedse vennesælt, tjenestvilligt, fordomsfritt Menneske.»

Forfattaren

Dei store kunnskapane til den meget beleste Dahl gjorde at han fekk eit statsstipend, noko som førte han til vidare studier ved universiteta både i Leipzig og Bonn. På denne tida byrja han også publisere ei rekke bøker, med «Om udtalen af latin i ældre og nyere tid» som den første. I 1885 nådde han nye høgder i det akademiske livet, då han gav ut den prislønte og internasjonalt annerkjente boka «Om partikkelen UT, dens betydning, utvikling og syntastiske bruk». Dette arbeidet over latinsk gramatikk vakte visstnok stor oppmerksomhet i latinmiljøa over heile Europa, og overstrømmande bokmeldingar var å lese i fagtidsskrift i mange land. Med dette vart det også vidare studier ved universitet i Berlin, Paris og Leyden, før han kom heim til Noreg og vart tilsett som stipendiat på universitetet i Oslo.

Dahl var forresten med på å starte Grafisk-teknisk foreining på same tida, glad som han var i bøker. Og som det blir sagt: han hadde ein både kresen og raffinert smak når det kom til bøker, og gav mellom anna ut det som blir sagt å vere ei rein luksusutgåve av den romerske diktar Horats’s oder.

Kort universitetstkarriere

Men tida på det som då heitte Det Kongelige Frederiks Universitet i hovudstaden Kristiania skulle blir kort, sjølv om dei fleste hadde sett føre seg at Bastian Dahl sjølvsagt skulle få det første professoratet i latin som vart ledig.

På denne tida må me hugse på at det berre var eit visst tal på professorat, slik at ein professor måtte fråtre, for at ein ny skulle kome inn. Men då den fremste latinprofessoren døydde i 1886, var Bastian Dahl allereie ute av universitetet. Og som det heiter seg i norsk biografisk leksikon, så var årsaka til dette «hans forhold til en last som ikke var ukjent i antikken».

På denne tida var jo ikkje homofili akseptert, og var altså nok til at Dahl misste stillinga si.

Tyngande lærdom

Etter at universitetskarrieren gjekk ad undas, gav Dahl likevel ut fleire bøker. Mellom anna «Latinsk Litteraturhistorie for gymnasier og filologiske studerende» – ei bok som visstnok vart ståande på universitetspensum i fleire tiår.

Den kjente «Om Molde og Romsdalen» (1892) er også ein klassikar frå denne tida, og viser Dahls evige kjærleik til heimbyen og heimtraktene. For den som ikkje har denne boka liggande på nattbordet, kan det seiast at det er både ei romsdalshistorie og ei detaljert reisehandbok med eit uttal av opplysingar om området, og som gjerne kan brukast den dag i dag.

På denne tida gjekk mannen som i heile sitt liv hadde hatt slik ein kjærleik til historie og til det skrivne ord verkeleg «back to basic» og byrja med arkivarbeide. Først ved Statsarkivet i Trondheim, sidan ved Riksarkivet i Oslo. Men som det heiter seg i det latinske ordtaket (som ein liten, velfortent hommage til vår venn Bastian!): «Quai gladio ferit gladio perit» – altså: «Den som lever ved sverd, dør ved sverd».

Eller i vårt tilfelle: den som lever ved bøker, dør ved bøker. For i februar 1895, medan han satt neddykka i arbeide ved skrivebordet sitt i Riksarkivet, vart han ramma av slag og døydde kort tid etterpå. Og som det heiter seg i nekrologen Aftenposten publiserte kort tid etter: «Vor klassiske Filologi har i ham tabt en af sine talentfuldeste Dyrkere.»

Bastian Dahl er nok av dei mest boklærde me nokon gong har hatt frå Molde og Romsdal. Og visstnok alltid velkledd, alltid vennleg.

Så for dei som ikkje har fått nok av bøker og litteratur etter at Bjørnsonfestivalen snart er ferdig, er det berre å springe til biblioteket og sikre seg «Latinsk litteraturhistorie for Gymnasier og filologisk Studerende» av vår gode Bastian Anastasius, før ein annan boklånar snappar boka rett framfor deg!

–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Mads Langnes og Knut Peder Heen skriv fast i Panorama.