Kategoriarkiv: Mads Langnes

Jernbanestrid

Raumabanen – Møre og Romsdals einaste jernbanetilknytting – har akkurat feira 100 år. Markeringa  var sjølvsagt lagt til logistikknutepunktet Åndalsnes, endestasjonen for banen. Ja, på Åndalsnes, av alle ting! For viss me går litt kontrafaktisk til verks – altså tenker oss historia slik den kunne ha vore, og ikkje slik den faktisk vart – så … Fortsett å lese Jernbanestrid

Bastian Anastasius Dahl – eit dandy liv blant bøker

Bjørnsonfestivalen  er godt i gang og studiestarten på Høgskolen i Molde vel overstått. Det kan då passe godt å trekke Bastian Anastasius Dahl opp av hatten. Eller kanskje rettare sagt; flosshatten! For her snakkar me dandy livsstil, litterær eleganse og vitenskapelig tyngde. Bastian Dahl vart fødd i Molde i 1851 og skulle trass i sitt … Fortsett å lese Bastian Anastasius Dahl – eit dandy liv blant bøker

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd på Nordvestlandet?

Møre og Romsdal har ei rik næringslivshistorie. Gjennom historia har det vore store og små aktørar som har drive produksjon innanfor ulike næringsgreiner både for den lokale, nasjonale og internasjonale marknaden. I dag er også fylket landets nest største eksportfylke målt i eksport av varer frå Fastlands-Noreg. Men kva er årsaka til dette industrieveventyret? Og … Fortsett å lese Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd på Nordvestlandet?

Ferietips til lausrivne landområde 

Sommaren nærmar seg, og med det spørsmålet om kvar ein skal reise på ferie. Skal ein velje miljøriktig heimeferie, gatesmart storbyferie, kulturelitistisk gallerirunde i Sentral-Europa eller gå for ein klassisk «beach and boogie» på Ibiza? Både landa og moglegheitene er mange. Og nokre land ligg til og med utanfor sitt eige land, for å komplisere … Fortsett å lese Ferietips til lausrivne landområde 

Forbanna vere den som flytter grensesteinar mellom seg og grannen!

Verda lever i ei uroleg tid, som så ofte før. Nyhetsbiletet er fullt av krangling og krig i Ukraina og i Midtøsten. Av og til dukkar det opp tvistar mellom dei forholdsvis nye statane på Balkan, og så har me alle dei tallause store og små krigane og konfliktane som me knapt nok høyrer om. … Fortsett å lese Forbanna vere den som flytter grensesteinar mellom seg og grannen!

Julekalaset som aldri vart

Advent er ei ventetid, men også ei tid for å forberede sjølve julehøgtida. Det blir hogge juletre, handla julegåver i søndagsopne butikkar, vaska, brygga og baka. Og alt i ein salig miks av gamle og nye tradisjonar, kyrkjekonsertar og kommers. Mange nyttar også tida til å handle inn mat og drikke til juleselskap med familie … Fortsett å lese Julekalaset som aldri vart

Islandness — songen uti øyan

Molde og Romsdal er kjent for å tiltrekke seg naturglade folk med hang til toppturar både sommar og vinter. Med tinderekka ein ser frå Molde er dette heller ikkje til å undrast over, med kjente fjelltoppar på rekke og rad. Mindre kjent, men kan hende enda vakrare, er øyane i Romsdal. Der råder ei stemning … Fortsett å lese Islandness — songen uti øyan