Desember er månaden der sjølv mange av dei mest progressive hipsterane brått dyrkar tradisjonar og kjenner på ein lengsel tilbake til barndommens julehøgtid.
Kombucha og sushi blir med det ofra på nostalgiens alter, til fordel for ei hylling av pinnekjøtt, julepynt frå barndommens kunst- og handverkstimar og juletre frå heimgarden.
Same procedure
Det er slike kjensler me må kunne kalle ein slags form for nostalgi. Mange drøymer om å gjenskape jula både slik den var i barndommen, slik den alltid har vore, og slik den alltid må bli. Og gjerne med julepynten plassert på same stad som den alltid har vore, med nesten kongehusaktiv presisjon på dei faste, familiære programpostane ein skal gjennom på julaftan. Og ikkje minst ein millimeterpresisjon på julematen – om det så er jakta på den perfekte sprøhetsfaktoren på ribbesvoren eller saltgehalten på pinnekjøtet, for å få det nettopp slik det alltid har vore. Om far bestandig salta pinnekjøttet for mykje eller mor serverte for tynn risgraut, så er det gjerne slik ein gjer det sjølv også, i nostalgiens salige namn!
Men har det bestandig vorte gjort nøyaktig slik? Truleg ikkje. Juletradisjonane har også vore i kontinuerleg endring, sjølv om det for mange smertar litt i marsipangrisflesket å innrømme nettopp det.
Nostalgi
Når me brukar begrepet nostalgi i dag, tenker me gjerne på ei form for romantisk, ofte vemodig lengsel etter tidlegare tider, og gjerne eigen barndom eller andre periodar ein gong i nære eller fjerne «dei gode, gamle dagar».
I den framifrå boka «Nostalgia – en känslas historia» av den svenske kulturhistorikaren Karin Johannisson kan me lese meir om kva nostalgi er for noko, og at det opphavleg var ein medisinsk diagnose. Det var eit par sveitsiske medisinarar, Johannes Hofer og Jean-Jaques Harder, som først tok i bruk begrepet på 1670-talet, og då mest i tydinga sjukeleg heimlengt. Dette forstår ein også av etymologien til ordet, då det er danna av det greske nostos («heimkomst») og algos («smerte»). Nostalgia som ein seier på latin og engelsk, var med det den medisinske diagnosen på den smerta eit menneske kunne kjenne på av å ikkje vere i eige heimland, eller den frykta ein hadde for å aldri få sjå det att.
Det var forresten ikkje utan grunn diagnosen vart oppdaga av medisinarar frå Sveits. Tilstanden hadde nemleg vore særleg vanleg å oppdage mellom soldatar frå fjelldalane i Sveits, der dei gjerne miste alt livsmot og gjekk inn i ein nostalgi-fase når dei måtte kjempe på dei flate, tyske slettene utan «dei gamle fjell i syningom».
Barndomens jul
Nostalgi forsvann som medisinsk heimlengt-diagnose utetter 1800-talet. Og det blir sagt at det var filosofen Immanuel Kant som var den første til å dreie forståinga meir i retning av at nostalgi var ein lengt etter eit då, og ikkje eit der. Altså ei lengt etter ei fortid som har vore, ikkje nødvendigvis ein fysisk stad. Og der er kanskje her me kan seie at lengtinga etter barndommens jul med det også er ei form for nostalgi?
Kontinuerleg endring
Det er likevel interessant å peike på at nostalgien med det også potensielt står i fare for å vere ei løgn, eller kanskje rettare sagt ei livsløgn. For det første så er det jo ofte slik at me ikkje hugsar heilt rett, og så er det også slik at det stort sett har vore større endringar gjennom åra enn kva me trur det har vore.
Tenker ein til dømes på eit av dei fremste stemningsgarantistane for jul i stova; nemleg juletreet, så er det jo interessant å vite at dette er ein forholdsvis ny oppfinnelse. I Tyskland byrja dei med det allereie på 1500-talet, men til Noreg kom dette først godt ut på 1800-talet, og her i Romsdal truleg ikkje før århundreskiftet mot 1900-talet. Dei første tiåra var det heller ikkje eit val mellom gran eller furu som i dag, men ein tok det ein hadde: dei som hadde einer tok det, frå kysten høyrer me om bruk av korallgreiner og nokre brukte andre treslag. Og sjølv om det byrja bli vanleg med juletre tok det si tid før dette vart ein allmenn tradisjon, men veit til dømes at det først var utpå 1920-talet juletre vart akseptert i kyrkjene. Og i våre dagar ser me ein rask overgang til plastikktre. Så ingenting er statisk, heller ikkje juletrea.
Frå vottar til vipps
Tilsvarande har det vore med julegåvene. Alt etter kva generasjon ein høyrer til, har ein kanskje ein nostalgisk lengt tilbake til «gode gamle dagar». Men kva tid desse dagane var, og kva innhald dei hadde, det avhenger altså etter kven ein spør. For julegåvetradisjonane har sjølvsagt også vore i kontinuerleg endring, likt med det meste anna.
For hundre år sidan laga kanskje gutane ei treskei og jentene eit vevd strømpeband som dei la under treet som gåve, medan ein i åra etter andre verdskrigen såg at det vart meir fornuftsorienterte handelsvarer å finne som julegåver, som til dømes kvardagsklede ein trengte. Og i dei siste tiåra av 1900-talet slo forbrukarsamfunnet over oss for fullt, med eit breitt utval av alt frå akebrett og skiutstyr til fjernstyrte bilar og Barbie-hus under treet. For nokre år sidan var det også in med gåvekort på eit tre i Sahara eller ei geit i ein landsby, medan mange dei aller siste åra enkelt og greitt løyser heile gåveproblematikken med ei straksoverføring på vipps.
Julenostalgi
Desember er altså ei tid der mange gjerne ønsker å gjenskape ei jul som var, i lys av ein nostalgisk tanke om at jula bør vere tufta på tradisjonar. Men desse tradisjonane har nok vore i meir kontinuerleg endring enn kva mange ønskjer å ta inn over seg.
Og kanskje det nettopp er det som er julenostalgi: dette handlar like mykje om draumar og om ønskje, som om realitetar. Og det er vel nettopp slik desemberen skal vere.
God førjulstid!
–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriver fast i Panorama.