Reknes hospital slik det stod frå om lag 1715 til 1862. Kjelde: Romsdalsmuseets fotarkiv

Sjukehusbygging i Molde

I vinter legg bygningsarbeidarane siste hand på verket på det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, plassert på Hjelset. Sjukepleiarar og legar har alt begynt å flytte alt frå sjukesenger til røntgenapparat og medisindåser, i det som må vere det største flyttelasset på lange tider her i fylket.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

For dei som har fulgt med i samfunnsdebatten dei siste ti-tjue åra, veit ein at det ikkje var heilt utan ein liten dose av uenighet at ein valte ei løysing med eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal plassert på Hjelset, nesten på grensa mellom dei to fogderia.

Det er likevel ikkje første gangen det har vore debatt om byggekostnadar og sjukehuslokalisering i Møre og Romsdal, og truleg ikkje den siste. Ser ein til historia, veit me at slik var det også då Molde fekk sitt første sjukehus, tidleg på 1700-talet.

Lepra

Først på 1700-talet herja lepraen særleg på Sunnmøre, men også i Romsdal og på Nordmøre. Folk vart spedalske, som ein sa – eit ord som eigentleg tydde at ein måtte på hospital – då «spetalsch» tyder «den som ligg på hospital» på nedertysk. For folket i Møre og Romsdal var det lite hjelp å få, då næraste hospitala for spedalske låg i Bergen og i Trondheim. Dette var dagsreiser med båt unna, og då det også var kostbart å legge seg inn, veit me at mange spedalske måtte ty til tiggarstaven og levde under særs kummerlege kår.

Då Hans Nobel vart amtmann i Romsdals amt i 1704, tok han få år etter tak i saka, og la fram planar om eit leprasjukehus for fylket. Amtmannen kunne fortelje at det var 46 spedalske som gjekk rundt og tagg til livets opphald i amtet. Då flesteparten av desse pleietrengande var heimehøyrande på Sunnmøre, foreslo amtmannen difor at hospitalet burde byggast på Valderøya ved Ålesund. Grunna urolege krigstider vart planane likevel lagt vekk, og då Nobel tok dei opp att i 1713 hadde han forandra meining om plasseringa, då han no såg føre seg Reknes ved Molde som ei god tomt for eit hospital. Spørsmål knytt til plassering av sjukehus er altså ikkje noko nytt!

Pengespørsmål

Amtmann Nobel fekk tilslutning frå kongen i København til planane sine, og Nobel kunne setje i gang både med bygging av hospital og tilsetjing av ein hospitalforstandar og personale. Men problemet då, som no, var sjølvsagt pengane. Det er jo som kjent ikkje gratis å bygge sjukehus.

Nobel fekk difor innført ein hospitalskatt som vart lagt på innbyggjarane i amtet, i tillegg til at ein del handelsmenn og embetsmenn med filantropisk sinnelag la ut langt meir i skatt enn dei vart pålagt til hospitalet. Nobel arbeidde vidare med planene, og i 1713 vart det i eit kongeleg reskript bestemt at det skulle byggast eit hospital for spedalske på Reknes, rett utanfor Molde sentrum.

Utkast til Reknes hospital. Kjelde: Riksarkivet / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Det vart så teikna ei skisse til hospitalbygg som vart sendt til styresmaktene i København, der datidens Statsbygg sjølvsagt skulle ha sitt å seie både når det galdt utforming og kostnadar.

Men problemet var som sagt pengane, fram til dette løyste seg på eit makelaust vis.

Filantropi

Og kanskje litt overraskande, men løysinga på den økonomiske knuten skulle komme frå Ålesund. Der sat nemleg sokneprest Knud Knudsen Mann til Borgund og kona som barnlause, samtidig som dei var eigarar av det såkalla Hustadgodset i Fræna. Dette var ei samling av store landområde og eit stort tal gardar spreidd rundt om i Romsdal, og utgjorde samla sett ei svært stor formue.

Me veit jo ikkje kva argument eller lokkemiddel amtmann Nobel hadde nytta, men i 1714 så testamenterte i alle fall ekteparet Mann heile godssamlinga si til det planlagde Reknes hospital som ei gåve – og det var ikkje noko lita gåve!

Minnetavle frå Reknes hospitalkyrkje over ekteparet Mann. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Til heider for denne gjerninga vart det også, velfortent, seinare hengt opp ei minnetavle over presteparet i hospitalkyrkja.

Leprahospitalet

Med økonomien i orden sette ein i gang å bygge, og i løpet av åra 1714-1717 vart Reknes hospital reist. Dette var likt med dagens sjukehusbygging på Hjelset heilt sikkert fulgt med ivrige auge og stor interesse, då hospitalet i samtida må ha blitt sett på som ei gigantutbygging. Det store hospitalbygget i tre inneheldt både hospitalkyrkje, rom for dei leprasjuke, stover, kjøkken og sjølvsagt ei rekkje andre rom. I tillegg kom bustad for pleiarane, sjøbrygge, stabbur og andre bruksbygningar.

Hospitalkyrkje

Ein bygde sjølvsagt ikkje hospitalet berre som praktbygg, men for å ha ein funksjon for dei spedalske i fylket. Så med det same siste spikar var slått inn, kom sjølvsagt også pasientane haltande til. Og etter kva me kan sjå av arkivkjeldene, verkar det som om desse menneska som nesten var som utstøytte frå samfunnet å rekne, fekk eit godt stell på hospitalet.

Mellom anna veit me at hospitalkyrkja låg midt i bygningen, og at det var sjukerom på begge sider av denne – der det var vindauge inn til kyrkja for at også dei aller sjukaste skulle kunne ta del i gudstenesta.

Endra sjukdomsbilete

Reknes hospital bestod som pleiestiftelse i lang tid, finansiert av inntektene frå gardsgodset, løyvingar frå det offentlege og ikkje minst ved frivillige gåver frå folk som hadde vore i havsnaud og andre livstrugande situasjonar, og som hadde lova Gud å donere midlar til hospitalet om dei overlevde.

I 1855 overtok staten hospitalet med ønskje om å utvide det. Den gamle hovudbygningen vart rive i 1862, og ein tok samstundes i bruk eit nybygd hospital teikna av to av landets fremste arkitektar. Denne store trebygninga vart ståande fram til 1940, då den brann under den tyske bombinga.

Leprasjukdom, teikna av Ludvig Losting 1847. Kjelde: Lepramuseet St. Jørgens Hospital / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Tæringshospital

Som samfunnsforskaren Eilert Sundt skreiv på midten av 1800-talet, så var dei spedalske «… mennesker, hvem forrådnelsen har grebet, endnu førend de ere lagte i sin grav.» Men i løpet av siste halvdelen av 1800-talet vart lepraen mest utrydda, og det var ikkje behov for eit stort hospital berre til spedalske lenger.

Då doktor Edvard Kaurin overtok som forstandar på hospitalet i 1881, såg han snøgt at ein i staden måtte byrje konsentrere seg om dei tuberkuløse, då det var ein sjukdom med mykje fokus i samtida. Etter nokre år med førearbeid, vedtok Stortinget i 1894 difor at pleiestiftelsen for dei spedalske skulle nedleggast, og at ein i staden skulle drive sanatorium for tæringssjuke.

Tre år etter,  i 1897, vart så Reknes Tæringshospital innvigd som det første statlege sanatoriet i landet.

–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriv fast i Panorama.