Tysdag kveld møtte norske og internasjonale studentar frå masterprogrammane opp på Molde campus for pizza og mange aktivitetar.
Av SARAVIN SADASARALINGAM
Studentrepresentant Anna Voldseth (22), som er masterstudent i sustainable energy logistics ved høgskulen, sto for opplegget tysdag kveld. Ho seier at Get Together er eit opplegg for å samle internasjonale og norske studentar for å skape nye bekjentskap og vennskap.
– Studiet mitt er veldig kjekt, men vi ønskjer å inkludere fleire av dei internasjonale studentane inn i det norske miljøet, derfor synest vi dette opplegget passer perfekt, seier Voldseth.
Tysdag kveld var det 40 påmeldte til Get Together, og 40 prosent av desse var internasjonale studentar frå ulike retningar innanfor masterprogrammane i logistikk. Ein av dei var pakistanaren Mudassar Khalid (27). Khalid, som er frå storbyen Rawalpindi i Pakistan, seier det er stor forskjell på hans heimby og Molde.
– Det har vore veldig stille og roleg her i Molde, og det er eigentleg greitt med tanke på at stoffet vi har i masterprogrammet er veldig tøft, seier Khalid.
Khalid synes kvelden var veldig fin, og var glad for å finne seg nye vennar her i Molde som han skal halde god kontakt med. To andre som også var der, var Nittedal-guten Bjarte Stensby Nordhaug (24) og Kolkata-guten Mir Salim Ali (30), som begge var glade for å deltatt på denne fine kvelden.
– Denne kvelden har vi hatt veldig gøyale og fine aktivitetar, som har gjort at vi har blitt godt kjent med kvarandre og fått nye vennskap, seier Nordhaug og Ali.
Professor Arild Hoff (57), som er studieleiar for masterstudentane i logistikk, seier at denne kvelden var ein kveld for studentane. Han var glad for at koronarestriksjonane vart letta og at dei fekk arrangere Get Together i år, etter at det blei avlyst i fjor.
– Dette opplegget har vore ein tradisjon over lang tid, og eg er her som studiekoordinator for dette opplegget i kveld. Eg er glad for at så mange møtte opp, og håper på at fleire vil møte opp neste år, seier Hoff.
Voldseth oppsummerte kvelden som ein bra kveld, og var veldig glad for at så mange møte. Ho veit at dei fleste som møtte denne kvelden fekk skapa seg nye vennskap.