Professor Johann Roppen er kandidat til å bli rektor ved HiMolde. Foto: Arild Waagbø

Rektorkandidat Johann Roppen, frå A til Å

Som ekstern rektorkandidat reknar eg med at tilsette og studentar ved HiMolde har særleg behov for å vite meir om meg, korleis eg ønskar å arbeide som rektor, og kva utfordringar eg reknar som sentrale for HiMolde i framtida.  /Scroll down for text in English/

Av JOHANN ROPPEN, professor

Dette er mine hovudpunkt og fortel korleis eg ønskar å arbeide som rektor ved HiMolde:

  • Synleg: Både ved å vise igjen på relevante arenaer og gjennom aktiv informasjon, både internt og eksternt, deling av møtepapir og ha open kalender – for at tilsette og studentar skal bli godt orienterte.
  • Lyttande: Eg vil høyre på tilsette og studentar, kva dei seier og meiner.
  • Tydleg: Når det er tatt beslutninga vil eg vere klar og tydeleg på kva som har vorte vedtatt, og kvifor.

Rekkefølga på desse tre hovudpunkta er også viktig. Først synleg og orienterande, så aktivt lyttande og til slutt tydleg i beslutningar.

Nedanfor står ei alfabetisk liste med 40 tema, spørsmål og oppgåver som eg meiner er viktige for HiMolde. Lista har blitt til i dialog med tilsette og studentar. Lista er ikkje uttømmande og slike lister bør vere levande. Men eg håpar på å få arbeide for å finne svar på spørsmåla og å løyse oppgåvene i lag med tilsette og studentar ved HiMolde.

Arbeidslivsrelevans: Alle utdanningane ved HiMolde gir jobb og er dermed yrkesretta. Eller sagt på ein annan måte: Alle utdanningane ved Høgskolen i Molde har høg arbeidslivsrelevans.

Avd HS: Eg oppfattar det slik at her er det ei sterk og positiv utvikling, både i kompetansebygging, publisering, studietilbod og studentar.

Avd LOG: Logistikk har solid internasjonal posisjon, men har fått studieavgift-problema i fanget. Det er bra at dei ønskar å ta tak i dei sjølve. Det er dei som er best i stand til å finne løysingar.

Avd ØS: I lys av dei nye universitetskriteria kan det bli aktuelt å vurdere ph.d. på ØS i neste strategiperiode. Det burde ligge til rette for det med godt samarbeid med interne og eksterne aktørar.

Avdelingsstyra: Som rektor ønskar eg å bli invitert til alle avdelingsstyremøte, noko eg også har gjennomført i Volda.  Møta må også sjåast i samanheng med leiarmøte på avdelingane.

Biblioteket: Kritisk funksjon i organisasjonen. Oppløftande at studentane gir biblioteket gjennomgåande gode vurderingar i Studiebarometeret.

Campusutvikling: Studenthus, idrettshall, grupperom, nye arbeidsplassar, sykkelgarasje og eventuelle nybygg er tiltak som må planleggast gjennom ein Campusutviklingsplan. Molde har ein ufullført campusutviklingsplan frå 2019. Her er det meldt mange viktige behov og gode spirar til tiltak. Men planen peikar også på mykje planleggingsarbeid som er nødvendig å gjere. Til dømes reguleringsplan for høgskuleområdet og samarbeidsavtale med Molde kommune. Det bør vurderast å lage ein ny campusutviklingsplan, eller å revidere planen frå 2019. Frå Volda har eg erfaring med to campusutviklingsplanar som blant anna har ført til investeringar på ca. 425 mill. sidan 2015. For å gjennomføre slike planar trengst det prioritering og ressursar.

EVU: Etter- og vidareutdaning blir eit viktig vekstområde i framtida, men som eit supplement til hovudaktiviteten ved HiMolde.

Fellesadministrasjonen/Administrasjonen: I årsrapporten for 2022 står det at HiMolde har unytta midlar fordi det ikkje går fort nok å tilsette folk. På allmøte 12.4.2023 vart det presentert tal som syner at alle einingar er på etterskot med tilsettingar. Det trengst god leiing og fjerning av flaskehalsar for å betre situasjonen. Det har vore klart mindre vekst i administrative enn faglege stillingar dei siste åra – samtidig som det har blitt fleire studentar.

Forankring: Kompliserte eller vanskelege spørsmål må drøftast skikkeleg slik at alle involverte får høve til å delta i prosessen, og aller helst kjenne eigarskap til løysinga eller beslutninga. Strategiplan, handlingsplan og campusutviklingsplan er døme på slike prosessar.

Flytting/pendling: Eg vil bu i Molde i arbeidsveka og tilbringe helgane hos familien i Volda, men vil også kjøpe sesongkort frå MFK.

Heimekontor: Det må vere mest interessant og givande for både tilsette og studentar å møte kollegaer og studentar på jobben, og ikkje via video heimanfrå. Alle tilsette har einekontor, og burde då ha best arbeidsforhold på jobben, og det er også på jobben at ein kan møte andre fagfolk og medlemmer av forskingsgrupper. Saman skaper vi eit levande campus.

Idrettshall: Dette er lite omtalt i campusutviklingsplan, men bør vere eit viktig tema i strategi og ny campusutviklingsplan med tanke på å stadig betre studentmiljøet. Det kan vere aktuelt med ein fleirbrukshall med styrkerom, lager for MSI og andre grupper, og kanskje også andre fasilitetar.  Ein modell som bør utforskast er å bygge på kommunal grunn i samarbeid med SiMolde, Molde folkehøgskole og med bruk på dagtid frå Kvam skole. Hallen bør også kunne brukast som eksamenslokale for HiMolde og vere tilgjengeleg for andre store innandørs arrangement.

Jazz: Ja! Har sikra meg billett til Samara Joy-konsert på årets Moldejazz.

Kantina: Viktig arena som må satsast på. Det er bra at det er utviklingstiltak på gang.

Kommunikasjon: Internkommunikasjonen må bli betre. Som rektor vil eg ta ansvar for at det blir sendt ut nyhendebrev kvar veke, slik eg har gjort i Volda i mange år. Panorama er unik, men dekker ikkje alle behov. Det er eit mål at tilsette og studentar skal få informasjon om HiMolde før, eller samtidig, som det blir formidla i andre media, som Romsdals Budstikke eller Khrono.

Kompetansebygging: HiMolde bør undersøke fleire alternativ for intern kompetansebygging av tilsette, til dømes å gjennomføre ph.d. eller opprykk til toppkompetanse innanfor FOU-del av stilling, og dette krev nok ein viss sentral støtte til auka frikjøp og driftsmidlar.

Kristiansund/Campus Kristiansund: Eg har merka ei veldig offensiv haldning i kommune og region til utvikling av høgre utdanning på Nordmøre. Campus Kristiansund er svært ønska og det verkar som det er sterk vilje til å bygge infrastruktur og studentmiljø og -velferd rundt Campus Kristiansund, sist gjennom midlar til 40 nye studentbustader.

Molde kommune: I campusutviklingsplanen vart det bestilt samarbeidsavtale med Molde kommune. Det bør kome på plass. Og også med Kristiansund kommune som vertskommune for mange HiMolde-studentar. Trondheim og Ålesund kommune har inngått avtalar med NTNU om å bli «Universitetsbyar». Dette kan vere aktuelle modellar også i Molde og Kristiansund.

Motivasjon: Det er ei stor tillitserklæring å bli valt til rektor og eit privilegium å få arbeide med kunnskapsrike og kompetente fagfolk og studentar. Eg er svært motivert til å stille til val som rektor ved «Høgskolen i Molde – Vitenskapelig høgskole i logistikk», ikkje minst etter å ha hatt mange samtalar med tilsette og studentar ved høgskolen.

Møre og Romsdal: Fylket har for få med lang høgre utdanning og ei sterk orientering mot næringsliv, og då særleg maritimt og marint. Det kan vere einsidig i høve til dei jobbane og dei næringane som framtidas arbeidskraft treng. Høgskulane i fylket er i utdanningssamanheng lokomotiv som dreg samfunnet framover i kraft av å ha forskingsmiljøa med høgst formell kompetanse og auka kompetansenivå i staben og i utdanningane får dette positive ringverknader i fylket.

Pensumlister: Bør vere klar til studiestart til beste for studentane, bokhandel, administrasjon og fagmiljø.

Publisering: HiMolde må oppretthalde eit høgt nivå på publisering. Det er publish or perish i vår bransje og høg og god publisering er ein føresetnad for forskingsbasert undervisning og framtida som vitskapleg høgskule og eventuell universitetsstatus.

Reinhald: Reine lokale er viktig for trivsel og eit godt læringsmiljø og dermed for studentrekruttering. Eg høyrer at reinhaldspersonalet har blitt nominert til studiemiljøprisen fleire gongar!

Rektorkjedet: Kjedet er fint det. Men det bør henge mest mogleg i monteren. Det er ein relikvie frå ei anna tid på linje med svære kapper og liknande stas, så eg vil gå minst mogleg med det.

Rektorrolla: Eg støttar ordninga med vald rektor både på grunn av demokrati, akademiske tradisjonar, sjølvstende og nærleik mellom tilsette/studentar og leiinga.

Samarbeid, andre UH: Det er potensiale for meir samarbeid med Høgskulen i Volda om sosionom og barnevern og sjukepleie/vernepleie. Samarbeidet med NTNU og Volda på LIH (Leiing i helsesektoren) bør halde fram.

Samarbeid, utvikling/arbeidslivet: Samarbeid må skje på faglege premissar og vi må leite etter vinn-vinn-situasjonar. Høgskular skal ikkje vere ein slags gratis-konsulent for samarbeidspartar, så vi må søke partnarar som vil ha likeverdige og avklara partnarskap.

Samskipnaden: SiMolde er HiMoldes viktigaste samarbeidspart og avgjerande for studentmiljøet og utviklinga framover.

Språk: HiMolde må oppdatere språkpolitikken. No manglar det referanse til klarspråk, og det bør vere eit overordna mål. Ein brukar engelsk når ein må – og norsk når ein kan.

Studentdemokratiet: Må styrkast. Høgskolen i Molde bør vurdere å innføre / auke betaling for dei som stiller opp for demokratiet. Men det bør også gjerast eigne undersøkingar av korleis studentmiljøet kan styrkast.

Studenthus: Dette er eit viktig og modent prosjekt som må fullførast i tråd med campusutviklingsplanen.

Studiekvalitet:  Vi har store system for å arbeide systematisk med studiekvalitet, og det kan vere lett å gløyme at studiekvaliteten i stor grad blir skapt i møtet mellom studentar og fagtilsette. Studentanes medverknad, også i kvalitetsarbeidet, er avgjerande for kvaliteten også på studiekvalitetsrapportar.

Strategiplan, strategiske utfordringar: Nokre strategiske utfordringar: Møte universitetskriteria – uansett korleis dei blir sjåande ut; få eit tydeleg grep om satsinga i Kristiansund; møte forventningar om vekst på HS-området og avklare samarbeid med Høgskulen i Volda og avklare forholdet til fagskular; handtere  studieavgift på studentar utanfor EØS/Sveits. Gjennomføre campusutviklingsplanen og vurdere å lage ny plan. Arbeidet med ny strategiplan må starte hausten 2023 og bli vedtatt i 2024.

Sykkelhotell: Dette trengst også ved HiMolde. Kanskje er der plass under C-bygget?

Tellekantar: Det er bra at vi får bestemme sjølv korleis ein skal vektlegge tellekantane. Men: Insentiv fungerer. Samtidig så vil det alltid vere viktig for den einskilde å publisere for å få høgare kompetanse.

Universitets- og strukturdebatten: HiMolde har klart seg bra som sjølvstendig høgskule. Det er uaktuelt at Himolde skal «miste» status som vitskapleg høgskule, eller Specialized University in Logistics. Vi må følgje med på og forholde oss til regelverket som truleg blir vedtatt seinare i år.

Utviklingsarbeid med eksterne: Må skje på våre eigne faglege premissar. Samtidig foregår det mykje godt arbeid i samarbeid med arbeidslivet, og det bør både halde fram og utvidast.

Vekst, studentar: Fylket har færre studentar/studieplassar og statlege arbeidsplassar enn landsgjennomsnittet. Det burde tilseie vekst i Møre og Romsdal. Vekstområde bør springe ut av noverande fagområde og eventuell knoppskyting.

Åremål: Som valgt rektor sit ein på tilsette og studentars nåde, og om eg blir valgt til rektor ved HiMolde skal eg jobbe hardt for å gjere meg tilliten verdig.

Rektor candidate professor dr.polit Johann Roppen

Since I’m not employed by Molde University College I suppose employees and students of the University College would like to know more about me, what I think are the important tasks of a rektor, and what I think of the main issues for Molde University College in the future.

This is a short presentation in English, but I have also made a list of 40 key points for those who want to know more about my view on a range of topics which I consider important issues by the HiMolde after talking to employees and students. The list is presented in Panorama.

I’m currently rektor by Volda University College, where I’m also a professor of journalism. I’m a journalist by training, but in the academic world, I’ve been studying media science from different perspectives such as democracy, professional values, business and media politics.

As rektor in Volda, I’ve learnt to know Molde University College and its competent staff as good partners, especially by the establishment of the Molde/Volda joint doctoral programme in health- and social care.

Molde University College has made significant strides in terms of formal competence and publishing, not least because of its more than 20 years of experience with the doctoral programme in logistics. A high level of publishing must be maintained also in the future, and in this respect one must think: If it ain’t broke, don’t fix it.

These are important factors in making it an attractive institution for those aspiring to become the rektor of Molde University College. Specialized University in Logistics.

I strongly believe in leading by example. In my view, the leadership of a University rektor should be present, attentive and clear.

Present means to be available and accessible, participating in relevant arenas, and communicating via newsletters each week, as well as in other channels. Meeting minutes should be easily available and my calendar will be open.

Attentive because well-informed employees and students give a common ground for good talks, and the rektor should be attentive and mostly listening in such talks.

Clear in the sense that when decisions are made, the rektor must be clear, about what has been decided and why.

And the sequence of these three main points is also important: First information, then listening and analysis, and finally decisions – and not least: Also communicate what has been decided, and why.

I was quite shocked when tuition fees were introduced in Norway. I think this was a hasty decision with no analysis of the consequences. So I deeply regret this decision being brought upon us. But we must find ways to deal with it, and I’m sure we will be successful.

Regarding the future and more general challenges to Molde University College, a new board (styre) will be in place from August 2023. The board should start its work by planning a new strategy for the next 10 years, but important tasks in the current strategy also need to be carried out, especially in the plan for further development of the Molde campus (Campusutviklingsplanen).

Some main topics in a new strategy are how to carry out the plan for further development of the campus – maybe it’s needed to make a new plan; Molde University College will be facing new criteria regarding university accreditation – maybe a new ph.d. in the ØS-department is needed; MUC needs to get clear strategy on the development in Kristiansund; MUC needs to be clear about how to deal with national and regional expectations regarding growth in HS – included “fagskular” and Volda University College; face the mandatory introduction of tuition-fee by new strategies for international development and cooperation. But a good strategy is not made by a rektor alone – all employees and students will be invited – and expected – to contribute in defining crucial issues – and to find solutions.

If I’m elected rektor from August 1st, I will stay and work in Molde during the week but will spend weekends with my family in Volda. This is the way I’ve been working for the last few years, so it will not be much of a change for me. But I’ve started checking the prices of real estate in Molde and will buy seasons ticket to the matches of the Molde Football Club (MFK).

Please feel free to get in touch with me if You have questions, comments and not least: Ideas!

For now my e-mail is: johann.roppen@gmail.com. Mobile phone: +47 47 28 64 23.