«Leiv Eiriksson oppdager Amerika», maleri av Christian Krohg (1893). Kjelde: Nasjonalgalleriet

Draumen om Amerika

Den siste veka har det vore USA i alle kanalar, i Noreg så vel som ellers i verden. Det amerikanske presidentvalet har fylt alle sendeflater nesten døgnet rundt, og det kan verke som om interessa for Amerika er større enn nokon gong.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Dette er likevel på ingen måte første gong det har vore amerikafeber i Noreg. Sjølv om valekspertar og politiske kommentatorar spådde eit close race mellom republikanaren Donald Trump og demokratane sin kandidat Kamala Harris, vart det ein overraskande klar seier til tidlegare president Trump. Med det kasta tilhengarane i store delar av landet «Make America Great Again»-capsane sine i lufta i triumferande jubel, medan demokratane rusla noko meir slukkøra heim frå valvakene sine.

Det var nok også mange nordmenn som sat oppe gjennom natta for å få med seg  valresultata etter kvart som dei tikka inn frå stat etter stat, eller om ikkje anna var litt spente på å sjekke resultatet i nyheitskanalane så snart dei vakna dagen etter. For det er noko med denne interessa for USA i Noreg. Eller Amerika, som me kanskje like ofte seier.

Og den interessa, den har vore der i tusen år!

Make Leiv Eiriksson Great Again

Sjølv om det er Kristoffer Columbus som har fått æra av å ha oppdaga Amerika i 1492, er det jo slik at han eigentleg var 500 år for seint ute. Leiv Eiriksson sette som kjent sin fot på det amerikanske kontinentet allereie rundt år 1000, om me skal tru sagalitteraturen og dei arkeologiske utgravingane til Helge Ingstad frå 1960-talet.

No var rett nok ikkje Leiv Eiriksson norsk, men rettare sagt norskætta. Leiv var son av den norskfødde Eirik Raude som hadde utvandra til Island, og Leiv vart truleg fødd der. Familien flytte så til det nyoppdaga Grønland, der Leiv vaks opp på høvdingsetet Brattalid. Ifølgje Eirik Raudes saga reiste Leiv til Noreg i år 999 og vart teken opp som hirdmann hos Olav Tryggvason, før han atter sette segl vestover att.

Ifølgje den same sagaen kom Leiv ut av kurs på veg tilbake til Grønland, medan Grønlandingenes saga fortel det heile var ein planlagt ekspedisjon. Same kva: Leiv Eiriksson landa på det amerikanske kontinentet, i eit område som dei kalla Vinland. Og allereie på denne tida blir Amerika beskrive som eit forjetta land i dei norrøne kjeldene, for her fann dei visstnok sjølvsådde kveiteåkrar og tre med vindruer. Ikkje rart dette var freistande for nordmenn, islendingar og grønlendingar frå steinrøysa oppi bakken!

Amerika

Familie og andre i kretsen rundt oppdagaren Leiv utrusta snart nye ekspedisjonar, ifølgje kjeldene, men heile prosjektet døydde ut før det vart snakk om noko eigentleg kolonisering.

No gjekk det mange hundreår utan norsk-amerikansk kontakt, før det braka laus att frå 1825. Det vil me nok få høyre mykje om til neste år, då det er 200års-jubileum for den norske utvandringa til Amerika. Og dette er vel verdt eit jubileum, då det var få ting som prega det norske 1880-talssamfunnet så mykje som den store utvandringa over Atlanterhavet.

Og kan hende kan me finne noko av svaret på kvifor Amerika framleis fasinerer oss så mykje, nettopp i denne omfattande emigrasjonen som gjorde at nesten alle framleis i dag har meir eller mindre fjerne slektningar i USA?

Frimerke av den første utvandrarbåten «Restauration» i anledning 100 års-markeringa i 1925. Kjelde: Wikimedia commons

«Restauration»

Den norske utvandringa til USA starta med at båten «Restauration« la ut frå Stavanger i 1825. Utvandrarane bestod primært av kvekarar og religiøse dissentarar, og var med det typiske eksempel på dei som søkte the Land of the Free – med religionsfridom og moglegheit til å bli ein self made man. Men sjølv om det gjekk litt trått med utvandringa til å begynne med, skulle det snart komme fleire etter.

Til saman var det rundt 750 000 nordmenn som utvandra til USA fram mot 1915, og landet vart med det av dei landa i Europa med desidert størt utvandring i forhold til folketalet. Utvandringa gjekk føre seg i heile denne perioden, men særleg i tidsbolkane 1866-1873, frå slutten av 1870-talet til byrjinga av 1890-talet og frå 1903-1910.

Push og pull

Det blir så ofte snakka om draumen om Amerika. Og kanskje var det nettopp dette som trekte alle desse nordmennene til det forjettede land i løpet av nokre tiår? Eller kanskje ikkje. Som i så mange andre samanhengar, landar forskarane på ulike synspunkt. Og då er det særleg debatten om push eller pull det har vorte fokusert på.

Litt enkelt forklart, er push-faktorane det som dyttar folk vekk frå der dei bor. I Noreg kunne dette til dømes vere fattigdom, få arbeidsplassar og overbefolka bygder med lite ledig jord.

Pull-faktorane var derimot det som trekte folk til seg. Dette var altså moglegheitene i USA – sjølve mulighetenes land. Der var det ledig landbruksareal, jobbar i dei store byane, høgare løner og rikare moglegheiter.

Ja, alt var stort i Amerika – som dei sa!

Ei viktig hending her var nok den såkalla Homestead Act frå 1862, då den gav retten til 650 mål landbruksjord til odel og eige for alle som ville busette seg i USA. Slikt lokka nok dei yngste barna på gardar og husmannsplassar i Noreg!

Alt er stort i Amerika, vart det sagt. Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Amerikabrev

Det er nok likevel ikkje noko enkel årsaksforklaring bak utvandringsbølga, og svaret ligg nok i ein kombinasjon mellom push- og pullfaktorane. Dette kjem også fram om me går til ei svært spennande kjelde me kan finne både i private heimar og i ulike arkivinstitusjonar, nemleg dei såkalla amerikabreva.  Desse breva utgjer førstehands kjelder til korleis både utvandrarane og dei som var att heime opplevde livssituasjonen sin, både når det galdt familie, arbeid, økonomi, tru og von.

Som det har vorte peika på av historikarar, er både amerikabrev og breva andre vegen ei skriftleg kjelde som ofte går ut over det me gjerne legg i omgrepet brev. Med eit brev tenker ein ofte på ein privat korrespondanse mellom ein avsendar og ein mottakar, medan den transatlantiske brevvekslinga som gjekk føre seg i tiåra med masseutvandring til USA, gjerne også er noko «meir», der det kan vere vanskeleg å trekke grensene mellom private og offentlege brev. Granskingar har vist at mange privatbrev frå norske utvandrarar tilbake til slektningar heime i Noreg ofte fekk ein tilnærma offentleg status, der ei heil grend kunne samlast når eit amerikabrev vart lese opp.

Enkelte forskarar har til og med hevda at dette var meir som eit mønster, der breva ikkje berre var meint for familien, men at dei også var ein slags offentlege nyhendeskriv. Ein kan kanskje med det kalle ein del av amerikabreva for ein slags korrespondentbrev.

Transatlantisk brevveksling

Det me kan kalle for korrespondentbiten av breva, galdt ein vid tematikk, og var gjerne meint for ein større lesarkrins enn den nære familien. I desse bolkane av breva blir samfunnsutviklinga meir generelt skildra, slik som til dømes jarnbaneutbygging og dei nye automobilane som trafikkerte vegane.

I desse bolkane kan me også lese om alt frå møte med dei såkalla indianarane i Amerika til dei økonomiske tilhøva i gamlelandet. Variasjonen var stor, der me må rekne med at mottakarane såg på dette som interessante nyhende frå andre sida av havet. Samstundes var det nok slik at ein del av denne informasjonen gjerne var skrive for å freiste andre til å ta turen etter til Amerika, sjølv om det også gjekk føre seg ein parallell motdebatt heime i Noreg frå dei som ønskte å stoppe den omfattande utvandringa.

Kva no?

Frå Leiv Eiriksson via utvandringa på 1800-talet og fram til i dag, har det vore ei særs stor interesse for «Amerika» her i Noreg. Ikkje minst gjorde jo utvandringa av 750 000 nordmenn sitt til at det vart knytt nære band på tvers av Atlanterhavet for generasjonar.

Men kva vil me sjå no frametter? Vil me sjå eit meir isolasjonistisk USA som kuttar nokre av banda til Old Europe? Eller vil det kome ei revitalisert interesse for dette mulighetenes land?

Ut frå omfanget av mediedekning frå USA så er det berre å stay tuned, så får me nok svaret!

–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriv fast i Panorama.