Leif Ringstad er fornøgd med kva samarbeidet har ført til. Her viser han stolt fram den nye Ulsteinhallen. Foto: Eirik Heltne

Ulsteinviks nye praktanlegg

ULSTEINVIK: Kystbyen som er kjent for å lage gull av gråstein har skaffa seg ei ny storstove. Fleire aktørar har jobba saman for å få til det unike anlegget for byens mange idrettstalent.

Av EIRIK HELTNE

Nye Høddvoll/Ulsteinhallen består av 200 meter løpebane innandørs, 35×40 meter sportsdekke og 105×70 meters utandørs fotballbane. I tillegg kjem spinningsal, styrkerom, garderobar, VIP-område og klasserom. Anlegget er tilrettelagt for blant anna fotball, friidrett, handball, badminton, tennis og basket. Då underteikna var innom, spelte ei gruppe jenter handball innandørs, medan ei gruppe gutar spelte fotball utandørs.
– Idretten i kommunen hadde stort behov for større hallkapasitet, i tillegg hadde Dimna eit stort ynskje om å få på plass ein innandørs friidrettshall. Når denne ideen kom opp, fant Hødd raskt ut av dei skulle hengje seg på. Hødd hadde samtidig planar om å byggje seg ein ny stadion som dekte behova for spel i Tippeligaen/OBOS-ligaen. Samarbeidet tente alle partar, smiler Leif Ringstad, kultursjef i Ulstein kommune.

Samarbeid er gull

Då ideen dukka opp våren 2011 hadde Dimna, den lokale friidrettsklubben, ein plan om å byggje ein ny innandørs friidrettshall ved sida av den gamle Ulsteinhallen. På likeins tidspunkt hadde Hødd, norsk fotballs oskeladd, planlagt eit nytt stort utandørs fotballstadion, som seinare viste seg å bli for dyrt. Etter at Dimna hadde hatt samtalar med idrettsrådet og fylkeskommunen, blei dei einige om å leggje fram forslag om å rive den gamle hallen, for så å byggje ein ny hall på likeins stad. Då Hødd seinare hengde seg på ideen, blei ein vitne til det einaste av sitt slag i Norge, ein kombinert innandørs friidrettshall/utandørs fotballbane.

Når hallen stod ferdig fire år seinare, viste det seg at prisen blei på totalt 153 millionar kroner pluss moms. Om hall og fotballstadion skulle byggjast separat ville prisen blitt nærmare 180 millionar kroner.

– Om hall og fotballstadion skulle byggjast kvar for seg, ville kostnadane fort auka med 20-30 %, seier Ringstad.

Samarbeidet mellom Ulstein kommune, fylkeskommunen, Hødd, Dimna og næringslivet viste seg å vere gull verdt. Gull kan ein også seie om anlegget i seg sjølv. Etter ei kort omvising av hall, kontor, styrkerom, spinningsal og fotballstadion, blei underteikna veldig imponert. Anlegget er fint, samtidig som plassen er godt utnytta.
Inga unnskyldning for å ikkje lukkast

Nils Erik Engen (midten), omkransa av lagkameratane Martin Mork Breivik (t.v) og Audun Øvrelid på eigentrening på Nye Høddvoll. FOTO: Eirik Heltne
Nils Erik Engen (midten), omkransa av lagkameratane Martin Mork Breivik (t.v) og Audun Øvrelid på eigentrening på Nye Høddvoll. FOTO: Eirik Heltne

Idrettstalenta Nils Erik Engen (18), som for dagen dreiv eigentrening med to lagkameratar på nye Høddvoll, og tidlegare verdmeister i mangekamp for U18, Karsten Warholm (19), er to av brukarane av det nye anlegget. I tillegg til å bruke anlegget på fritida, er dei også brukarar på dagtid gjennom idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule.

– Dei nye fasilitetane legg til rette for enda betre utvikling. Ny fotballbane, ny hall, i tillegg til nye garderobar og styrkerom, gir oss dei beste moglegheiter. Det finst inga unnskyldning for å ikkje lukkast, forklarar elev og hospitant på Hødds A-lag, Nils Erik Engen.

– Nye Ulsteinhallen gjer at eg kan ha kvalitetsøkter heile året. Også i vinterhalvåret. Den har i tillegg sikra meir og nyare utstyr, noko som er viktig for meg som driv mangekamp, smiler Karsten Warholm.

I vinterhalvåret, før nye Ulsteinhallen stod ferdig, dreiv friidrettslaget Dimna trening innandørs på vanleg parkett, eller under taket på gamle Høddvoll stadion, der dei hadde lagt ut matter. I tillegg dreiv dei løpetrening på Osnessanden i sentrum av Ulsteinvik, der sjøen gjorde forholda gode.

Ulstein vidaregåande skule meir attraktiv

Den vidaregåande skulen i kommunen har alltid vore ein attraktiv skule å søkje seg til, spesielt for dei som vil gå idrettslinje. Warholm påpeikar at anlegget er viktig også for skulen.

– Det at skulen ligg så nær gjer at eg fint kan kombinere idrett og utdanning. Eg får gjennomført fleire kvalitetsøkter om dagen, noko som er viktig for å halde fram utviklinga. Søkjartala, spesielt på idrettslinja, vil auke betrakteleg, trur Warholm.

Bård Ringstad, ansvarleg for idrettsfag ved Ulstein vidaregåande skule, kan bekrefte at søkjartala har auka og fortsatt vil auke i tida framover.

– Vi forventar at søkjartala aukar, spesielt dei fyrste åra. Søkjartalet har auka frå 48 primærsøkjarar i fjor, til 57 i år, fortel han.

Fotballtalentet Engen påpeikar at kombinasjonen skule/idrettssatsing no er optimal.

– Korte avstandar frå skule til trening gjer at det er enkelt å satse. Idrettslinja og Hødd har eit tett samarbeid som fører til at vi blir følgt opp på ein god måte. Det at skulen og Høddvoll ligg vegg i vegg er heilt perfekt, seier Engen.

Anlegget ligg så godt som vegg i vegg med skulen, som Engen påpeikar. Ein ti meter lang gang er det einaste som skil.

Unikt i Norge

Då ideen om anlegget dukka opp for snaue tre år sidan, var aktørane raske med sjå til Sogndal. Der ligg nemleg eit liknande anlegg. Forskjellen er at dei i Sogndal kombinerer fotballstadion med innandørs fotballbane. Også der er dei lokale skulane med som aktørar. Kultursjefen, Leif Ringstad, var med på denne utflukta i 2011.

– Vi såg raskt til Sogndal då ideen kom opp. Anlegget der er det nærmaste ein kjem anlegget vi har bygd. Turen vi hadde dit var til stor hjelp, fortel han.

Med alle øvingar for friidrett, utanom diskos, spyd og slegge, er anlegget perfekt for dei som vil satse innanfor denne idretten. Det at anlegget også har tre handballbaner, seks volleyballbaner, fire basketballbaner, to tennisbanar og heile tolv badmintonbaner, gjer anlegget attraktivt for både barn, ungdom og vaksne. Ringstad er både stolt og glad for kva samarbeidet har ført til.

– Utan alle aktørane ville vi aldri nådd i hamn med dette prosjektet. Fleire kommunar og idrettslag har vore på vitjing i etterkant der alle har fått seg ei a-ha-oppleving. Vi har allereie fått arrangert NM i ungdomsfriidrett, og neste år ser det ut til at vi også skal få arrangert landskamp i handball! Vi er godt fornøgde med det vi har fått til, avsluttar ein entusiastisk kultursjef medan han speidar utover anlegget.

—> Artikkelen er en arbeidsoppgave i kurset IDR105 Sport, media og journalistikk ved HiMolde. Panorama vil publisere studentinnleveringer fra dette kurset i uke 20 og 21.