I mai var Eva Šlaichová frå avdelinga for økonomi ved Det tekniske universitetet i Liberec i Tsjekkia på Høgskolen i Molde.
Av OLAV HAUGE, amanuensis ved HiMolde
Opplegget er ein del av utvekslingsprogrammet for dei som underviser og skjer med norsk støtte via EØS-avtaleverket.
Ho landa i Molde 16. mai og budde hos ein privat familie som tok ho med på 17.mai-feiringa dei hadde med venner av seg. 18. mai fekk ho først høyra om Kunnskapsparken og iKuben før heldt ho ei gjesteførelesing om temaet reservedelslogistikk.
Temaet var avtalt før ho kom og tilsette, stipendiatar og studentar som har teke emnet internasjonal logistikk i vår var der. Midt i eksamensperioden var det ei utfording, men vi ville visa at reservedelar er viktig å ha på plass for selskap som må sikra god internasjonal logistikk. Eva Šlaichová brukte bilprodusenten Skoda som eksempel, eit selskap ho samarbeidde med.
Etter førelesinga sende vi henne saman med følgje på ein tur til Varden på eiga hand, då dei var ivrige turgåarar begge to. 19. mai tok Olav Dyrkorn oss gjennom produksjonen på Brunvoll AS, der vi også møtte logistikkansvarleg Arne Akselvoll. Han viste seg også å vera ein av vennene til vertsfamilien som dei to også hadde møtt og feira 17. mai saman med. Etter Brunvoll sende vi dei til Tusten, og endeleg fekk dei sett skikkeleg moldepanoramet i langt betre ver enn på lenge.
Den 20. mai avtalte vi med Kitty Eide i Shell om at dei skulle få ei kort omvising for å sjå oppbygginga av Ormen Lange-anlegget. Sidan alle guidane var i Stavanger, og dei er midt i ombyggingsfasen, måtte dei sjå sjølve anlegget frå eit utsiktspunkt rett ved. Det fungerte heilt topp ifølgje begge. I tillegg fekk dei sjå rådyr på nært hald, utan at det var avtalt på førehand. Bussjåføren var den same som henta dei og losa dei trygt attende til avgangen med Fram Express til Ålesund. Der var dei heile ettermiddagen den 20. mai.
21. mai hadde dei fri til å finna seg til rette i Molde sentrum, kl 18 hadde vi skaffa dei billettar til kampen Molde – Brann. 2-0 til heimelaget var ønskjeresultatet for oss, for dei var det ein opptur etter at Tsjekkia tapte for USA i ishockey-VM. Kor ille det er for Tsjekkia å ryka ut i ein kvartfinale i VM, kan samanliknast med at det lokale fotballaget alt er ute av NM.
Attedemeldingane frå Eva Šlaichová var trivelege, no planlegg vi å ta med oss ein frå Logistikkforum til Tsjekkia til hausten. Planen er å få til eit opplegg med Skoda som studentane i Logistikkforum skal gjennomføra våren 2017. Panorama vil bli oppdatert når vi veit meir om opplegget.