I dag opna Snakkbar – eit nytt tilbod til studentane ved høgskulen i regi av SiMolde – i 90-meterskogen i A-bygningen på Molde campus.
Av SARAVIN SADASARALINGAM
Frivillige studentar bemanna Snakkbar for å vise fram konseptet og det blei ein åpningsfest kor det blei servert brus og godteri. I tillegg var det også musikkinnslag.
– Snakkbaren er eit gratis tilbod til alle studentar, og på tysdagar, onsdagar og torsdagar kvar veke vil det vere bemanna her og servert alkoholfri drikke, seier oppfinnaren av snakkebaren, student Sander Holmen (25).
Sander Holmen forteljar at han etter samtalar med studentrådgivar Eva-Merete Otterlei Børstad ved SiMolde kom opp med konseptet Snakkbar.
Han seier Snakkbar er meint som ein møteplass for at nye og gamle studentar kan snakke saman og bli betre kjend. Han peikar på at området snakkbaren er på, er ein skjermfri sone, sånn at man lettare kan snakke med kvarandre og følgje betre med.
Sander, som går tredje året på IT og digitalisering, skal saman med Jasetha Pushparajah (26) som går andre året på masteren i logistikk og Guro Ringstad (27) som går tredje året på IT og digitalisering, vere dei tre som bytar på å bemanne Snakkbar i åpningstida 12-14 på tysdagar, onsdagar og torsdagar.
– Dette er eit veldig nytt konsept. Om det blir veldig populært og folksamt her i baren, så kommer vi til å ta nye vurderingar på utviding av tilbodet, seier Sander.