Emil Breivik (på kne) og Ola Brynhildsen (ryggen til kamera) frå MFK var frustrerte etter ein bom som oppsummerar kvelden for dei. Foto: Saravin Sadasaralingam
Molde FK tok onsdag kveld imot Bodø/Glimt til toppkamp i Eliteserien. Til pause sto det 0-0, men trener Kjetil Knutsen fekk lagt kjempetaktikkar i pausa. Bodøværingane vann kampen 2-0.
Av SARAVIN SADSARALINGAM
Blei årets norske serie avgjort i Molde denne onsdagskvelden? Sesongen skal uansett spelast ferdig, men Bodø/Glimt trakk det lengste strået onsdagskvelden.
Før onsdagens gullkamp skilte det bare eitt poeng mellom Molde FK og Bodø/Glimt. Mange var spente før kampen og det var arrangementer som øltelt blant annt utafor stadion før kampen. Etter Bodøs bragd mot Roma for ei veke sidan, kor dei slo José Mourinhos menn 6-1, var blant annet Patrick Berg ute med skade til onsdagens kamp. Dette var ingen hindring for bodøværingane som dro i land ein 2-0 seier etter ein taktisk smart andreomgang.
– Etter å lagt om til ein fembackslinje i andreomgangen, fann vi meir fasongen i spelet vårt, og dette var ein fin strukturell endring som gjorde at vi vann kampen, seier Bodøs trenar Knutsen.
– Det er skuffande at vi slapp inn mål når vi var i balanse i etablert forsvar, og det er sånn fotballkampar blir avgjort av og til, og sånn blei det i kveld, seier Moldes trenar Erling Moe.
Høgskulestudentane Esben Hansen (26), Peder Kaasen (23) og Viktor Johansen Westgaard (21) har fått ansvaret for ballhentarane under MFKs kampar, og fått den sylfrekke tittelen ballhentaransvarleg.
– Etter at vi blei spurt om å jobbe som ballhentaransvarleg, takka vi ja. Dette er ein fin erfaring å få, og det er ikkje alt for komplisert, og vi får også eit innblikk på diverse ting som skjer på kampdag, seier tredjeårsstudent Kaasen.
Etter onsdagens kamp, er det spelt 24 kampar i Eliteserien og dermed er det fortsatt seks kampar å spele, og 18 poeng å kjempe om. Sjølv om Bodø/Glimt har fire poengs luke på toppen, er ingenting avgjort før siste spark på ballen er tatt.
"Panorama er Høgskolen i Moldes uavhengige nettavis. Panorama skal drive fri og uavhengig journalistikk i tråd med den frie presses idealer."