Emil Breivik (på kne) og Ola Brynhildsen (ryggen til kamera) frå MFK var frustrerte etter ein bom som oppsummerar kvelden for dei. Foto: Saravin Sadasaralingam

Gullkampen blei eit stort nederlag for byen

Molde FK tok onsdag kveld imot Bodø/Glimt til toppkamp i Eliteserien. Til pause sto det 0-0, men trener Kjetil Knutsen fekk lagt kjempetaktikkar i pausa. Bodøværingane vann kampen 2-0.

Av SARAVIN SADSARALINGAM

Blei årets norske serie avgjort i Molde denne onsdagskvelden? Sesongen skal uansett spelast ferdig, men Bodø/Glimt trakk det lengste strået onsdagskvelden.

Før onsdagens gullkamp skilte det bare eitt poeng mellom Molde FK og Bodø/Glimt. Mange var spente før kampen og det var arrangementer som øltelt blant annt utafor stadion før kampen. Etter Bodøs bragd mot Roma for ei veke sidan, kor dei slo José Mourinhos menn 6-1, var blant annet Patrick Berg ute med skade til onsdagens kamp. Dette var ingen hindring for bodøværingane som dro i land ein 2-0 seier etter ein taktisk smart andreomgang.

Erling Moe (t.h.) seier at feila dei gjorde, gjorde at Bodø var kliniske foran mål og det endte i mål for dem. Kjetil Knutsen seier at dagens seier var ein fantastisk seier og at gutta gjorde eit kollektivt godt arbeid. Foto: Saravin Sadasaralingam

– Etter å lagt om til ein fembackslinje i andreomgangen, fann vi meir fasongen i spelet vårt, og dette var ein fin strukturell endring som gjorde at vi vann kampen, seier Bodøs trenar Knutsen.

– Det er skuffande at vi slapp inn mål når vi var i balanse i etablert forsvar, og det er sånn fotballkampar blir avgjort av og til, og sånn blei det i kveld, seier Moldes trenar Erling Moe.

Esben Hansen instruerer ballhentarane for arbeidet som venta dei. Foto: Saravin Sadasaralingam

Høgskulestudentane Esben Hansen (26), Peder Kaasen (23) og Viktor Johansen Westgaard (21) har fått ansvaret for ballhentarane under MFKs kampar, og fått den sylfrekke tittelen ballhentaransvarleg.

– Etter at vi blei spurt om å jobbe som ballhentaransvarleg, takka vi ja. Dette er ein fin erfaring å få, og det er ikkje alt for komplisert, og vi får også eit innblikk på diverse ting som skjer på kampdag, seier tredjeårsstudent Kaasen.

Peder Kaasen tar med seg ballene og følgjer ballhentarane ut på banen. Foto: Saravin Sadasaralingam

Etter onsdagens kamp, er det spelt 24 kampar i Eliteserien og dermed er det fortsatt seks kampar å spele, og 18 poeng å kjempe om. Sjølv om Bodø/Glimt har fire poengs luke på toppen, er ingenting avgjort før siste spark på ballen er tatt.

Store pyrosakar har kommet opp i Noreg i år, og Moldes supportergruppe Tornekratten stilte med pyroshow før kampstart. Foto: Saravin Sadasaralingam
Moldespelarane under røyken frå pyroshowet var klare til gullkampen onsdagskvelden. Kvelden endte like grått for MFK som røyken etter pyroshowet. Foto: Saravin Sadasaralingam
Moldespelarane under røyken frå pyroshowet var klare til gullkampen onsdagskvelden. Kvelden endte like grått for MFK som røyken etter pyroshowet. Foto: Saravin Sadasaralingam
Ohi Omoijuanfo hadde ein irriterande kveld framfor mål, kor han ikkje klarte å sette ballen på sjansane hans. Foto: Saravin Sadasaralingam
Moldefansen var gira under kampen, og Tornekratten sang for full hals. Foto: Saravin Sadasaralingam
Til gullkampen klarte Molde FK å samle 6551 tilskodarar. Foto: Saravin Sadasaralingam
Blant dei 6551 tilskodarane var det ein stor del studentar til stede, og blant dem var dei ivrige erasmusstudentane ifrå høgskulen. Foto: Saravin Sadasaralingam
Ohi Omoijuanfo seier at han var skuffet over å ikkje scora før pausen, men seier at ingenting er avgjort og at dei skal vinne resten av kampane som er igjen. Foto: Saravin Sadasaralingam
Moldes høgreback Erling Knudtzon holder ballen inne og kjempet for å slå eit godt innlegg. Foto: Saravin Sadasaralingam
Sheriff Sinyan var nær redusering i 2. omgang, men den solide målvakten Nikita Haikin stengte buret denne kvelden. Foto: Saravin Sadasaralingam
Bodøs kaptein Brede Moe spelte ein solid kamp og var ein kjempeviktig person i midtforsvaret til Bodø/Glimt. Foto: Saravin Sadasaralingam
Logistikkstudentane og MSI-spelarane Håvard Åkre og Marcus Johansen var glade for Bodø/Glimt seier denne kvelden. Foto: Saravin Sadasaralingam
Bodøfansen hadde tatt turen frå fleire stadar i landet for å få med seg gullkampen. Foto: Saravin Sadasaralingam
Etter kampslutt feira Bodø/Glimt-spelarane saman med dei tilreisande tilskodarane. Foto: Saravin Sadasaralingam