Professor Johann Roppen er kandidat til å bli rektor ved HiMolde. Foto: Arild Waagbø

Dette vil Roppen gjere for studentane

Som ekstern rektorkandidat har eg hatt gleda av å møte studentar i Molde og Kristiansund og fått høyre deira meining om korleis Høgskolen i Molde bør utvikle seg vidare. /Scroll down for text in English/
Av JOHANN ROPPEN, professor
Eit gjennomgangstema både i Molde og Kristiansund er kommunikasjon. Eller meir presist: Mangel på kommunikasjon. Eg er heilt samd i at Høgskolen i Molde kan bli betre på dette området, og det meiner også mange tilsette. Dette er då også punktet eg vil prioritere høgst om eg blir vald til rektor. God kommunikasjon fjernar uvisse og gjer at vi alle kan arbeide meir effektivt.
Eg har tre motto som eg vil arbeide etter som rektor, og det er å vere synleg, lyttande og tydleg. Å vere synleg betyr også å informere aktivt om ting som skjer på Høgskolen i Molde, både i Molde og i Kristiansund. Eg har eit bestemt inntrykk av at det er for lite informasjonsflyt på tvers av dei to byane. Og det er eit leiaransvar å gjere noko med. Og å nå fram til studentane er både vanskelegast, og viktigast. Som eg har sagt både til Arbeidsutvalet i studenttinget ved Høgskolen i Molde i paneldebatten mellom rektorkandidatane så trengst det nok eit eit eige studentprosjekt for å finne ut korleis ein kan nå fram til studentane på betre måtar, men også for å restarte studentmiljøet etter pandemien.
I ein eigen artikkel her i Panorama har fortalt om andre ting eg meiner bør gjerast for studentane, og dermed for studiemiljø og Høgskolen i Molde. Her er stikkordmessig nokre av punkta:
Campusutvikling: Studentane treng fleire grupperom og andre arbeidsplassar
Pensumlister må bli ferdigstilt i god tid før studiestart
Idrettshall: Høgskolen i Molde må starte planlegging av idrettshall
Studentdemokratiet må styrkast og høgskolen bør vurdere å honorere tillitsvalde
Studenthuset må fullførast
Studiekvalitet: Studentane må bli høyrt i arbeidet med studiekvalitet
Sykkelgarasje («Sykkelhotell») manglar, og bør kome for å gi sikker parkering og også lading av elsyklar
Les meir om desse tinga og andre spørsmål i mi 40-punkts liste over kva eg vil arbeide med som rektor – om eg blir vald:
 

This is what candidate Roppen will do for the students

In my efforts to become the new rektor at Molde University College, I have had the pleasure of meeting students in Molde and Kristiansund and have listened to their opinions on how Molde University College should develop further.

An important topic brought forward by students in both Molde and Kristiansund is communication. Or more precisely: Lack of communication. I completely agree with the many students who say that Molde University College can do better in this area, and many employees have the same opinion. This will be my main priority if I am elected rektor, because good communication will reduce uncertainty and make us all more effective.

I have three mottos, which I want to work by if I’m elected as rektor. These are to be present, attentive and clear. Being present also means actively informing about news at Molde University College, both in Molde and in Kristiansund. I have a definite impression that there is too little flow of information between the two cities, making it two camps instead of one University college. And it is the responsibility of leaders to do something about it.

Reaching the students is both the most difficult and the most important. As I have said to the Studenttinget at Molde University College in the panel debate between the rector candidates, a specific project is probably needed to find out how to reach the students in better ways, and also to restart the student environment after the pandemic.

In a separate article in Panorama I have told about other issues I think are important for students, and thereby for the study environment and the whole of Molde University College.

Here is a key summary of the points:

Campus development: Students need more group rooms and other workplaces

Syllabus lists must be completed well in advance of the start of studies

Sports hall: Molde University College must start planning for a sports hall

Student democracy must be strengthened and the college should consider paying student union representatives

The student house must be completed

Study quality: Students must be strongly involved in the continuing work on study quality

A bicycle garage («Bicycle hotel») is lacking and should provide safe parking and also charging of electric bicycles

Read more about these topics and other questions in my 40-point list of what I want to work on as headmaster – if I am elected: