For ei tid tilbake hamna eg i ein samtale om barneidrett. Vedkommande gav uttrykk for at Barneidrettsbestemmelsane og det regelverket vi har for barneidretten var ein hemsko for den utviklinga hans barn eigentleg kunne ha.
Det vart i kampens hete hevda at i norsk idrett var det ikkje «lov» for barna å bli god, og at norsk toppidrettssatsing lid av at ein i «nisselue-landet» skal ha alle med. Parallellen vart trekt til andre områder, som til dømes musikk, der barna gjerne startar tidleg med øvingar og spesialisering. Kvifor er det ingen regulering på det området? Kvifor aksepterer vi det, men ikkje at ein startar med tidleg spesialisering i idretten?
Eg var ueinig med vedkommande, og prøvde å forklare kvifor norsk barneidrett såg ut som den gjorde.
Mitt inntrykk, etter å ha hatt fleire samtalar som denne, er at mange trur at idretten er pålagt dette regelverket. Der tek dei feil. Sanninga er at dette er sjølvpålagt av ei samla idrettsrørsle. Fyrst med å vedta retningslinjer for barneidrett midt på 1970-talet, og vel ti år seinare vart retningslinjene styrka og ein fekk bestemmelser for barneidrett. Hovudmålet var å verne barnet, blant anna ved å avgrense konkurranseaktiviteten og alvoret i barna sin idrett, og heller fremje allsidigheit og idrettsglede. Desse prinsippa ligg framleis som grunnlag også for dagens regelverk.
Frå løkka til stadion
Idretten er i dag ein barne- og ungdomsorganisasjon. Dei siste oversiktene viser at 35-36 prosent av aktive medlemmer i idretten er under 12 år. Dette har heldt seg stabilt dei siste seks åra. Inkluderer vi aldersgruppa 13-19 år, så er det i alt 50 prosent av dei aktive i norske idrettslag som er 19 år eller yngre. Men slik har det ikkje alltid vore.
Det er fyrst dei siste femti åra ein har sett at stadig yngre barn blir inkludert i idretten. Dei store “massane” av barn byrja delta i den organiserte idretten frå midt på 1960-talet. Det var stor vekst i medlemstala til NIF, og mange av dei nye medlemmane var barn under 17 år.
Barn hadde i større eller mindre grad vore idrettsaktive i tidlegare tider, men for det meste gjennom eigenorganisert løkkeaktivitet. Det nye på 1960-talet var at idretten lukkast med å føre “barna frå løkka og inn på stadion”. Den medisinske vitskapen hadde tidlegare lagt band på den organiserte idrettsaktiviteten fordi ein meinte å observere skadelege verknader på barns vekst og utvikling. Desse argumenta mista litt av si kraft etter andre verdskrig, og i løpet av 1960-talet er det fleire og fleire særforbund som endra konkurransereglane og senka aldersgrensene sine. Dette, saman med nokre år med store barnekull, gjorde sitt til at andelen barn som var innom den organiserte idretten auka. Barna vart gradvis svært viktige for ein medlemsorganisasjon som NIF.
Samstundes med at ein i idretten opna dørene for stadig yngre barn, diskuterte ein om idretten kunne være skadeleg for barna på andre områder enn det medisinske. Særleg i pedagogisk og psykologisk forsking fann ein argument for at denne tidlege organiseringa av barn inn i idretten og bort frå den uorganiserte aktiviteten på løkka kunne vere skadeleg, og at barn under 12 år ikkje var mentalt klar for den organiserte silinga som idrett kan vere. Dette, saman med observasjonar om at mange barn slutta med organisert idrett når dei kom til ein viss alder, gjorde sitt til at ein diskuterte om barna sin idrett burde regulerast.
Nedsida, med fråfall og potensielle skader ved for tidleg introduksjon til alvoret i idretten, syntest større enn oppsida med idrettsglede og tidleg rekruttering. Sidan det fyrste vedtaket vart gjort i 1976, har det øvste valte organet i idretten, Idrettstinget, ved fleire høve styrka vernet av barnet i idretten.
Er idretten rett plass for dei aller yngste barna?
NIF har avgrensa barneidretten til fyrst og fremst å regulere aktiviteten for barn i alderen 6-12 år, og med det har ein nok tenkt at dei under 6 år er for små til å drive idrett. Dette har vore i endring i løpet av 2000-talet. Fram til 2014 var det ein jamn vekst av aktive i alderssegmentet 0-5 år. Totalt sett utgjer ikkje desse yngste barna ein stor del av aktivitetstala for NIF, og i sine årlege rapportar legg ein frå NIF si side også vekt på at det er aldersgruppa 6-12 år som er den viktige. Samstundes er det, med utgangspunkt i aktivitetstala grunn til å hevde at for nokre særforbund er nok situasjonen litt annleis. I Norges Gymnastikk- og Turnforbund er 20 prosent av dei aktive i alderen 0-5 år. I Norges Svømmeforbund er det 14 prosent, og i Norges Danseforbund er det 10 prosent i alderen 0-5 år.
Spørsmålet som må stillast er om idretten er riktig plass for dei aller yngste barna? Går den frie leiken og eigenorganiseringa tapt? Eg trur faren for det er stor.
Eit interessant moment som det kan vere verdt å merke seg er at for aldersgruppa 0-5 år er det ein liten overvekt av jenter, og andelen er svakt veksande dei siste 5-6 åra. I alle andre aldersgrupper er gutane i overtal. Ein kan berre spekulere på kvifor det er slik, men at det kan henge saman med ulike oppfatningar om kjønn i idretten og hjå foreldra trur eg er sannsynleg.
Bli god, eller ha det godt?
I det norske ordskiftet har idretten vore sett på som eit gode, og sjølv om ein gjerne har diskutert skuggesidene ved idretten, så har ein likevel i det store og heile tenkt på idretten som noko godt. Difor har ein også vore opptatt av å legge til rette for at flest mogleg skal kunne finne sin plass i idretten. For barneidretten sin del betyr det at ein har forsøkt å tone ned fokuset på talentidentifikasjon og utvikling av framtidige toppidrettsutøvarar, da dette som oftast betyr ei avskaling og «drop-out» blant alle dei som ikkje når heilt opp. Ein har tona ned det som kan framstå som det logiske i konkurranseidretten, for å balansere med andre vel så logiske slutningar om at idretten også har eit ansvar for meir enn å legge til rette for konkurranseidretten.
Meiningsutvekslingar, som den eg refererte til i innleiinga er uttrykk for nettopp ei slik spenning. Og så lenge ein i Norge har ein modell der all idrett, topp og bredde, er samla under same organisasjon, så må ein akseptere denne type debatt. Bak denne spenninga som eg her har peika på, ligg det ein konflikt mellom å bli god, og det å ha det godt. Så kan ein alltid diskutere om kven som i så fall skal avgjere om det er nødvendigvis er ein motsetnad, og om det ikkje er barnet sjølv og foreldra som i så fall er best skikka til å ta ei slik avgjer.
Likevel, så lenge kollektivet organiserer idretten, må det finnast regler som alle må innordne seg. Norsk idrett har gjort det ved å vedta felles reglar for barns idrettsdeltaking.
********************************************
Associate professor Oskar Solenes:
I grew up in a family where sport was part of family life. Through my childhood and youth, I tried out different sports without ever making it to more than recreational level, but it was an important part of my social life. Today, I am interested in sport as a social and cultural phenomena, and try to understand the role sport plays in society.