Vi smiler gjerne når vi ser babyar og småungar smile til oss. Vi lagar grimasar til dei for å få dei til å le, og seier eit venleg ord.
Vi gjer ikkje dette berre til ungar vi kjenner, men innimellom også til ungar som plutseleg ser på oss på butikken eller på bussen. Dei små blir såleis sett og får ein blid respons.
Dette bidreg til å gjera den oppveksande slekt tryggare på samfunnet rundt seg og tryggare på seg sjølve. Enn om ganske mange unnlet å smile og laga artige grimasar til den brune eller svarte babyen? Enn om endå fleire unnlet å smile til den vesle jenta som sit på bussetet rett overfor dei fordi ho både har ein framand bruntone i huda og attpåtil bruker hijab?
Eg liker ikkje hijab på småungar sjølv, og eg er meir enn skeptisk til religiøs fundamentalisme. Eg vil at vi skal halde fram med å ha ei kontrollert og ansvarleg innvandring. Eg forstår at dette er nødvendig for å kunne ta godt vare på dei innvandrarane som har kome og dei som skal få koma i framtida. Der det blir for stor ubalanse mellom opprinneleg befolkning og nye innvandrarargrupper, kan det forårsake framvekst av rasisme og konfliktar som ingen er tente med.
Når eg blir forbanna på nordmenn som ikkje oppfører seg fint mot innvandrarbarn eller barn av innvandrarar, er det fordi eg meiner det er fullt mogleg å vera eit godt menneske samtidig som ein ikkje er for fri innvandring. Og eg meiner hardcore innvandringsmotstandarar som spyttar etter jenter med hijab eller mot mørkhuda tenåringar, berre fordi desse går forbi dei på gata, gjer seg sjølve til eit større problem enn den innvandringa dei er i mot.
Eg vil heller ha blide og trygge ungar med ein annan etnisk bakgrunn saman med meg på bussen enn ein skulande og intolerant busemann med gusten hud som heller ville latt desse ungane brenne i helvete enn å ha dei i Noreg.
Polarisering og kalde frontar kan oppstå ved at somme tillet seg å vera rasistar og framandfiendtlege og behandle menneske med ein annan bakgrunn dårleg. Dette kan også skje ved at folk som er for å auke innvandringa mykje trur at alle som ønskjer restriktiv innvandring er rasistar og framandfiendtlege og omtalar dei deretter.
Som folkevalt for dette kalde landet i nord har det slått meg ofte at varmen vi viser kvarandre er viktigare enn temperaturen ute.
Det er fullt mogleg å ha eit varmt hjarte og oppføre seg på ein inkluderande og samfunnsbyggjande måte sjølv om ein ønskjer å oppretthalde ein balanse i samfunnet som tener både fleirgenerasjons nordmenn og nykomarar. Mange er derfor også, heilt uavhengig av synet deira på innvandring, gode menneske i møte med både ungar og vaksne med ein annan etnisk bakgrunn.
Sterkare integrering er eit mantra for mange. Dei som ikkje ser poenget med å smile og laga grimasar til den mørkhuda ungen som prøver å få augekontakt, tek paradoksalt nok frå seg sjølve sjansen til å bidra til den sterkare integreringa som dei gjerne talar så høgt om at må skje.
–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.