Kategoriarkiv: Jenny Klinge

Plexiglas for demokratiet

Koronatrusselen set grenser for menneskeleg kontakt og dei fleste respekterer dette. Likevel vart det baluba då plexiglas skulle setje grenser mellom stortingsrepresentantane i ein trong stortingssal. Eg tykkjer kritikarane kan ta seg kvar sin bolle med ein meters avstand. Vi skulle stemme over bioteknologisaka i Stortinget den 26. mai. I denne kontroversielle saka la KrF … Fortsett å lese Plexiglas for demokratiet

Jag trivst best i öppna kontorlandskap?

Songen Öppna landskap av Ulf Lundell begynner slik: ”Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo, några månader om året, så att själen kan få ro.” Spørsmålet mitt er om vi får arbeidsro av opne kontorlandskap. Sjela får i alle fall ikkje ro der. Opne kontorlandskap er statens løysing for framtidige arbeidsplassar. … Fortsett å lese Jag trivst best i öppna kontorlandskap?

Latskap – last eller nytte?

Dette er ikkje ein vitskapleg artikkel om latskap, men mest synsing. Eg tykkjer nemleg latskap er eit interessant fenomen, og eg lurer på om det driv verda framover eller om det hindrar utvikling. Nyleg las eg at latskap truleg er ein viktig grunn til at det tidlege mennesket homo erectus døydde ut. Etter arkeologiske utgravingar … Fortsett å lese Latskap – last eller nytte?

Debattkakling til å bli matt av

Under partileiardebatten på NRK1 12. august måtte eg blesa ut litt på Facebook. Det er sjeldan eg bruker store bokstavar i heile ord, men då skreiv eg: «Dersom nokon har lite kunnskap om politikk og ønskjer å lære meir, bør dei IKKJE sjå partileiardebatten. Dersom nokon har lågt stressnivå i kvardagen og ønskjer å auke … Fortsett å lese Debattkakling til å bli matt av