Dei siste dagane har media vore prega av at den påtroppande amerikanske presidenten Donald Trump har rasla med sablane, i sin iver etter å overta Grønland frå danskane. Men han er ikkje den første som tenker slike tankar. Det er jo berre knappe hundre år sidan nokre overivrige nordmenn okkuperte delar av Grønland.
Trass i beliggenheten tett på det nordamerikanske kontinentet, vart Grønland lagt under det såkalla «Noregsveldet» i middelalderen. Noregsveldet er eit begrep som kom i bruk på 1800-talet, og viser til den tida i middelalderen då Noreg var som ei stormakt å rekne.
Noregsveldet omfatta i tillegg til dagens Noreg, område i Sverige og ikkje minst øyane i Vesterhavet, der folk frå Noreg hadde slått seg ned i landnåmstida. Dette galdt både Grønland, Island og Færøyane, samt Shetland, Hebridane, Orknøyane og Man.
Skattland
No skal me vere forsiktige med å legge dagens nasjonalstat-begrep til grunn når me seier at desse øyane var «norske» frå middelalderen. I samtida vart dei gjerne omtalt som skattland, meir som ei form for biland enn ein eigentleg del av norsk statsterritorium.
Det var likevel slik at den norske kongemakta hadde skatteinntektene frå desse øyane, og dei låg også reint geistleg under biskopen i Nidaros (Trondheim).
Då Noreg miste Grønland
Som kjent vart det ein union mellom Noreg og Danmark frå seinmiddelalderen, der Noreg tok med seg Grønland, Island og Færøyane inn som si «medgift» i dette meir eller mindre frivillige tvangsekteskapet. Men som i så mange unionar, kan det røyne på med tida!
Danmark-Noreg kom jo på den tapande sida av Napoleonskrigane som herja Europa først på 1800-talet, og unionen med broderfolket i sør vart broten i 1814. Dette var eit resultat av den såkalla Kieltraktaten frå 1814, der ein gjorde opp boet mellom taparane og vinnarane etter krigsåra.
Det interessante i vår samanheng, er at Danmark fekk behalde dei gamle norske områda Grønland, Island og Færøyane etter unionsbrotet, sjølv om dette altså hadde vore ein del av det norske kongedømet i middelalderen. Kva innbyggarane på desse øyane meinte om saka vart nok lite vektlagt, då dette altså vart avgjort med nokre pennestrøk i Kiel.
Grønlandssaka
Noreg gjekk frå 1814 inn i ein langt lausare union med Sverige, men frå unionsoppløysinga frå svenskane i 1905 vart Norege eit heilt fritt og sjølvstendig land. I forbindelse med dette vart det sjølvsagt ein bonanza for tankar om den gamle stordomen til Noregsveldet, og Grønland dukka rakst opp att i tankane til dei mest ivrige og ekspansive nordmennene.
At danskane skulle få behalde Vestgrønland var det ingen som var i mot, men dei mest nasjonalistisk innstilte nordmennene tok til orde for at Noreg burde hevde sin rett til Austgrønland. Dette vart nok både grunngjeve med gamal hevd tilbake til middelalderen, og at mange såg på dette nesten som eit ingenmannsland no – men der nordmennene likevel hadde sterke fiske- og fangstinteresser.
Me må hugse på at dette var i ein periode der kolonialisme og imperialisme framleis stod sterkt i Europa, og med dette heiv Noreg seg også på karusellen i ein draum om territoriell ekspansjon. Norges Grønlandslag vart med det etablert, med særleg støtte frå borgarlege kretsar og ikkje minst frå Bondepartiet.
Noreg som okkupant
I 1931 hadde draumen om å endeleg «ta tilbake» Grønland vakse seg så stor, at ei gruppering av norske fangstfolk under leiing av den sunnmørsætta Hallvard Devold foretok ein privat okkupasjon på Austgrønland, og namngav det okkuperte territoriet for Eirik Raudes land.
Okkupasjonen fekk også interessant nok tilslutning av den nyutnemnde Bondeparti-regjeringa, trass i at det på langt nær var alle som var einige i at det passa seg å ta seg til rette med høglytt argumentasjon, bygging av fangststasjonar og utpostar og planting av det norske flagget på austkysten av Grønland.
Me kan også nemne at det norske området vart ytterlegare utvida i 1932, då Finn Devold, bror til Hallvard, okkuperte eit nytt område og kalla det for Fritjof Nansens land. Okkupasjonane vart følgt opp av ishavsskuter og fangstfolk som busette seg i små buer, der mange av desse også kom her frå Nordvestlandet.
Som ein sikkert kan forstå, var ikkje Danmark så glade for at deira gamle unionpartner Noreg tok seg til rettes og okkuperte land som låg under den danske krona. Danmark tok difor prompte heile saka til den internasjonale domstolen i Haag, der Noreg ikkje uventa tapte på alle punkt.
Okkupasjonen vart med det også avslutta i 1933, og Stortinget måtte gå ut med ein smått pinleg beklagelse. Danskane for sin del omdøypte Eirik Raudes land til Kong Christian X’s land, oppkalla etter det som då var både den regjerande kongen i Danmark og i tillegg, kanskje som eit lite ekstra stikk til nordmennene, så var han jo også den norske kong Haakons bror.
Donald Trump
Ein må nok kunne seie at det var ein fargerik bukett som var involvert i okkupasjonen av Grønland. Om me nemner at eventyraren Helge Ingstad vart utnemnt til sysselmann over det okkuperte området i 1932 og at bondepartiminister Vidkun Quisling gav ordre til marinen om å støtte annekteringa, så seier det jo litt om kva for eit sirkus dette var.
Ja, det heile kan nesten minne litt om den kjente teikneseriehistoria «Donald Duck og gullhjelmen», der den velkjente anda brått kjem i stormannsgale tankar om at eit kart og ein gullhjelm frå Labradorkysten kan sikre han overherredømme både over desse polare strøka og over heile Nord-Amerika.
Og no er det altså ein ny, eksentrisk Donald som tek til orde om det same! Om påtroppande amerikansk president Donald Trump har sett seg blind på Mercator-projeksjonen av Grønland på dei vanlegaste verdskarta (Grønland er som kjent veldig overdimensjonert der!), eller om det er for å sikre amerikanske militærbasar og å halde kinesarane vekke, er uvisst.
Det som likevel er visst, er at Trump sin sedvanleg noko røffe og uhøflege ordbruk og gjentekne argumentasjon om å overta øya om det så blir med okkupasjon, har fått danskane til å skjelve både over ølglasa på sine vertshus og i maktens korridorar på Christiansborg. Statsminister Mette Frederiksen må kalle inn til krisemøte, og me er meir eller mindre tilbake til den oppheita situasjonen frå tidleg på 1930-talet!
Frontier-mentalitet
Og kan hende er det amerikanaranes gamle frontier-mentalitet som slår inn hjå Trump? Det er jo trass alt meir eller mindre på dette viset USA både vart bygd og kontinuerleg utvida. Me må hugse på at store delar av dagens USA vart erobra eller kjøpt frå Spania og Frankrike på første halvdel av 1800-talet, og ikkje minst at Alaska vart kjøpt av Russland så seint som i 1867! Så eigentleg er jo tanken om å overta Grønland sett frå Trump si side berre «business as usual»!
Så skal me eigentleg vere så sikre på at Grønland framleis er dansk om 10 år? Tja, historia har jo vist at dette området har vore både under skiftande kongekroner og sterkt omdiskutert før.
Om ikkje fangstfolk, fiskarar og norskdomsnasjonalistar frå Noreg melder seg på i kampen att som for hundre år sidan, kan det jo godt hende at Donald går frå ord til handling i sitt forsøk på å utvide riket sitt?
Eller kanskje me i ei postkolonial tid rett og slett skulle spurt grønlendarane sjølve kva dei vil?
–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriv fast i Panorama.