Jenny Klinge slår i dag eit slag for mangfaldet i distrikta. Biletet er frå gay pride i Paris i 2008. Foto: Philippe Leroyer (CC BY-NC-ND 2.0)

Kvinnekrøll og homosurr

Vi kvinner er gjenstand for ein del bekymring. Ei av bekymringane er at det er for få kvinner i fruktbar alder som vil bu i distrikta.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Dette vil føre til at det ikkje blir fødd nok ungar til at vi kan oppretthalde innbyggjartalet. Det er jo synd, så eg kritiserer ikkje at dette temaet blir teke på alvor og diskutert. Eg skal likevel driste meg til å kritisere måten kvinnene blir forsøkt lokka tilbake på. Og eg vil påpeike eit anna problem som distrikts-Noreg har, som også burde skapt bekymring, nemleg at bygdene blir drenerte for menneske med ei homofil legning.

Kva kommune er det som, etter å ha innsett at homofile flyttar i hopetal til byane og aldri kjem att, opnar armane sine og seier: «Velkomen heimatt, her er det like stort rom for dykk som for fruktbare kvinner og barnefamiliar!» Ingen, så vidt eg har fått med meg.

Altså, eg forventar jo ikkje at dei skal seie det så direkte. Likevel trur eg inntrykket mange kan få av tilflyttingskampanjar, brosjyrer og velkomstbrev er dette: «Den aller største verdien du som tilflyttar kan tilføre kommunen, er reproduksjonsevnen din. Men obs, denne er lite verdt viss du ikkje har deg med nokon av motsett kjønn og droppar prevensjon tilstrekkeleg mange gongar til at det blir nokre ungar av det.»

Eg bur sjølv i Surnadal no, men vekependlar til Oslo store delar av året i og med at eg sit på Stortinget. Sidan eg etter å ha studert nokre år flytta tilbake til Nordmøre i 1998 og kom inn i kommunestyre og formannskap i Surnadal kommune i 1999, har eg meint mykje og mangt om dette temaet. Eg har ofte uttalt at eg misliker sterkt om det er evnen og viljen til å få ungar som skal avgjera kor velkomen vi kvinner skal kjenne oss viss vi skal bu utanfor byane.

Ei anna dame som har tenkt i dei same banar, er Maria Dyrhol Sandvik, som i januar i år skreiv teksten «Men livmora mi får du aldri» i Røyst. Ho oppsummerer tematikken så fint med spørsmålet: «Kvifor skal utflytta bygdejenter flytte heim, på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken?» Det er jo flott at vi verdset kvar einaste ny verdsborgar, men viss målet er å auke innbyggjartalet i distrikts-Noreg, kan resultatet bli det motsette viss vi kvinner oppfattar det som at livmora vår blir meir verdsett enn hjernen vår.

I år 2000 fekk eg ein son sjølv, eit lite nurk med masse mørkt hår og oppvakte auger som sjølvsagt vart uendeleg mykje verdt for meg. Eg har nyleg sett han stå på scena i Surnadal kulturhus i førestellinga «Milleniumsbarna», der han og dei andre tiandeklassingane i kommunen har presentert artige sketsjar og filmsnuttar, samt mykje fin dans og song. Av ulike grunnar har eg aldri fått fleire ungar, men gjett om det har vore ein del mas om at eg burde få det!

Dei første åra etter årtusenskiftet kom det kommentarar om at eg burde få minst ein til, og nokre presterte til å med å seie at det var egoistisk å få berre éin unge. Eg visste jo sjølv at eg nesten hadde stroke med av den mest alvorlege forma for svangerskapsforgiftning og måtte få akutt keisarsnitt. Ein relativt stor andel av dei som opplever dette, får ikkje fleire barn. Synd, men sant.

Noko som er sant, men ikkje synd, er at det finst mange både eitbarnsmødre og kvinner utan barn i samfunnet vårt. Til liks med andre kvinner, er begge desse typane utstyrte med kompetanse, ressursar, engasjement, kreativitet, arbeidskapasitet og sosiale evner som kan vera svært nyttige for lokalsamfunnet, næringslivet og kulturlivet i den kommunen dei bur i. Det er ikkje uvanleg at folk utan ungar gjer særleg stor innsats innanfor enkelte felt, i alt frå bygdebokskriving, skjøtsel av utmark, kunst eller idrett.

Eg slår såleis eit slag for mangfaldet i distrikta. I tillegg til det opplagte, at vi må inkludere våre nye landsmenn og ta varmt imot folk med beskyttelsesbehov som får opphald her, må mangfald i distrikts-Noreg også inkludere kvinner og menn utan forplantningsevne eller –ønske, i tillegg til folk med ei anna seksuell legning enn fleirtalet.

Heldigvis har toleransen for homofile og lesbiske vorte svært mykje betre dei siste tiåra, både i by og land, men eg trur likevel det er uforhaldsmessig mange av desse som vel å bu i by i staden for på bygda. Det kan det vera fleire grunnar til, men ein av grunnane bør ikkje få vera at dei ikkje kjenner seg velkomne.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.

3 kommentarer til “Kvinnekrøll og homosurr”

  1. Dette handler kun om to ting. Interessante arbeidsplasser og en et miljø man ønsker å leve i. Når kommunene skjønner det og endringene kommer, kommer også folk tilbake.

  2. Men en ting jeg lurer på, om det som er manko på er unger, hvorfor skal ikke det verdsettes mest? Det er flott med masse andre egenskaper også, og evner og ressurser osv osv. Men det hjelper ikke på fødselstallene, eller helsen på bygda om det ikke blir nok unger…

Det er stengt for kommentarer.