Lovbrot kostar. Ikkje berre skal ein rydde opp i rot og tragediar som blir skapt. Ein skal etterforske, føre rettssaker og gjennomføre straff også. Ei kvar regjering vil ha problem med å løyse dette godt nok. Ulike regjeringar vil likevel leite etter ulike løysingar.
Den sitjande regjeringa, som består av Høgre og Frp, har fått med seg det kristelege folkepartiet på ei nyvinnande løysing på siste problem – soninga. Denne løysinga får vi andre meir og meir trong til å riste på hovudet av. For kva gjer regjeringa når dei etter å ha lova at ting kom til å ordne seg berre dei kom i regjering opplever at køane stadig veks? Jo, dei får ein lys idé, sikkert med alle dei nederlandske innvandrarane som kjem til norske bygder i minne, om at vi i staden kan sende fangar dit. Til Nederland. Ei bytteordning så å seie. Problemet er berre at desse nederlendarane, uvisst av kva slags grunn, kjem hit til det kalde og hustrige nord heilt frivillig. Dei fangane som blir sendte til Norgerhaven (det fengselet i Nederland der fangar frå Noreg no sonar straffa si) reiser derimot ikkje alle frivillig.
I strid med den norske grunnlova, som slår fast at ingen norske borgarar skal forvisast frå landet, blir nettopp også norske borgarar tvangssendte til soning i Nederland. Ein kan gjerne harselere med dette, kanskje kriminelle svin berre kan ta straffa si og halde kjeft. Men på den andre sida kan jo nesten kven som helst av oss under uheldige omstende ende opp som kriminelle. Og på den tredje sida er vi jo menneske alle mann, uansett om vi stort sett er lovlydige eller ikkje. Menneske har kjensler og kontaktbehov. Den tredje sida er såleis innsida vår. Og på innsida kan vi også ha det vondt, og vi kan sakne familie og vener.
Di større avstandar og dyrare reiser, di mindre kontakt vil det bli mellom familiemedlemmar og dei innsette, har også foreininga For fangers pårørende peikt på. Dette igjen får konsekvensar for rehabilitering – sjansen dei innsette har til å fungere best mogleg når dei kjem tilbake til samfunnet igjen.
Bergens Tidene skreiv 1. oktober i år at 172 innsette i norske fengsel skulle bli overførte til soning i Nederland. Avisa meldte at 72 av desse skulle bli utsendte mot deira vilje. Vi kunne også lesa at ein av dei innsette, etter å ha fått beskjed om at han skulle bli overført til Nederland, forsøkte å ta sitt eige liv. Det vart for uuthaldeleg å tenkje på å sone i utlandet med omsyn til familien i Noreg. Eit anna sjølvmordsforsøk meldte NRK om den 12. august, etter at ein innsett i Oslo fengsel hadde vorte særs fortvilt over å ha fått brev om at han kom til å bli overført til Nederland.
Så skal vi då berre sende dei ut av landet? Etter mi meining nei. Det er alltid vanskeleg å prioritere nok pengar til kriminalomsorga, men dei pengane vi bruker må i alle fall brukast best mogleg. Det inneber ikkje å opprette 242 lukka fengselsplassar i Nederland medan vi har fengsel her i Noreg der ein heller kunne utvide talet på lukka fengselsplassar. Nye fengselsbygg trengst i Agder, Ålesund og Mosjøen, og utvidingar andre stader vil kunne bidra raskt til å redusere køen. Dessutan er det mogleg å bruke alternative soningsformer for enkelte grupper dømte, noko som gjer det mogleg å omdisponere midlar i kriminalomsorga.
Så ja, lovbrot kostar. Men det er ikkje i Nederland kostnadene skal påløpe. Og norske borgarar og personar med omsorgsansvar for barn og familie i Noreg burde strengt tatt kunne få sone straffa si utan å bli forvist frå landet.
–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.
Det er bare menn Jenny Klinge! Ingen bryr seg.