Eg meiner desse også lukkast: Gode snekkarar, resepsjonistar, kulturskulelærarar, langtransportsjåførar, bønder og mange, mange andre som utfører viktige jobbar, og som i arbeidslivet og privat kjenner at dei trivst og har gode liv, skriv Jenny Klinge. Illustrasjonsfoto: Fairy Heart (CC BY-SA 2.0)

Kva er suksess?

Vi menneske har alltid målt oss mot kvarandre. Kven er sterk nok til å vinne slåsskampen, kven har finast hus eller finast dame, kven er best i sjakk og kven veit mest i Geni – slik kan vi halde fram med å ramse opp.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Kva som blir rekna som suksess, endrar seg gjennom tidene sjølv om nokre suksesskriterium går att. Som å ha nok betalingsmiddel, helst meir enn nok. Det er interessant å sjå vinklinga på suksess når innvandring og integrering blir diskutert. Desse tilfella blir trekte fram som prov på at integreringa lukkast: Barn av innvandrarar som er blant dei beste på den vidaregåande skulen og i høgare utdanning.

Det er verdt å framheve alle som lukkast på trass av bestemte faktorar som blir sett som hindringar. Såleis er det fint å løfte fram ungdom med innvandrarbakgrunn som gjer det bra på skulen. Viss ein ikkje er norsk i fleire generasjonar attover, kan det vera vanskelegare å meistre skulegang og høgare utdanning, til dømes viss foreldra ikkje kan godt nok norsk for å hjelpe til med leksene.

Samstundes kan vi spørje oss kva signal vi gir til unge menneske – både etnisk norske og dei med innvandrarbakgrunn – når måleparametrane for suksess er karakternivå og talet på år med høgare utdanning.

Dette er ikkje eit anslag mot at unge menneske tek høgare utdanning. I eit høgkostland som Noreg må vi sjølvsagt satse på høgt kvalifiserte folk som kan gjera oss konkurransedyktige i verdsmarknaden. Eg vil likevel understreke at det er mange andre måtar å lukkast på i livet enn å fullføre eit masterstudium eller ein doktorgrad.

Eg meiner desse også lukkast: Gode snekkarar, resepsjonistar, kulturskulelærarar, langtransportsjåførar, bønder og mange, mange andre som utfører viktige jobbar, og som i arbeidslivet og privat kjenner at dei trivst og har gode liv. Uføre menneske som, trass i at dei ikkje kan jobbe, klarer å gjera det beste utav situasjonen og er til glede for nær familie og vener.

Spreier vi haldningar som fører til at mange ikkje vil nedverdige seg til å ta ein del av dei jobbane som er nødvendige for å få samfunnet til å fungere? Utdannar somme seg for lenge i fag som dei knapt får bruk for seinare fordi høgare utdanning har vorte synonymt med suksess? Eg skal ikkje svare på dette, men meiner det er verdt å stille spørsmåla.

Det er i alle fall heilt sikkert at det norske folk må bestå av menneske som gjer allslags jobbar i åra som kjem. Eg har stor respekt for arbeidstakarar frå til dømes Polen, som kjem hit og gjer ein solid arbeidsinnsats i byggjebransjen, men det er særs viktig at det finst nok nordmenn i denne bransjen òg. Det handlar om språk og kommunikasjon, og om at vi bør sikre anstendige arbeidsvilkår. Og det er noko grunnleggjande viktig i å ha «sjølvforsyning» på viktige varer og tenester, også byggjetenester.

Mange ungdommar finn aldri ut kor givande det kan vera å byggje eller måle hus, kor fint arbeidsdagen går når ein har praktiske oppgåver  og kor artig det er å sjå dette huset etterpå og kunne peike og seie: Sjå, det huset har eg gjort det meste av målararbeidet i.

Nyleg las eg at byggje- og anleggsnæringa kvart år framover kjem til å trenge 8500 nye medarbeidarar. Då er det viktig at vi som er meir eller mindre vaksne klarer å formidle at yrkesfag er flotte greier. Det er ikkje berre mastergradar som skal skrytast av. Kreativitet, grundigheit og  samarbeidsevne er viktig, og gjerne evna til å kombinere praktisk vett med teoretisk kunnskap. Ungdommar med høge karakterar frå ungdomsskulen må også vera særs velkomne i yrkesfaga.

Skuleflinke elevar og studentar skal vi setje pris på for den innsatsen dei gjer og dei resultata dei får. Og så får vi passe på at vi i tillegg veit å verdsetje andre måtar å lukkast på – uansett om det handlar om nokon som er etnisk norsk eller ikkje.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.

Én kommentar til “Kva er suksess?”

  1. “An excellent plumber is infinitely more admirable than an incompetent philosopher. The society which scorns excellence in plumbing because plumbing is a humble activity, and tolerates shoddiness in philosophy because it is an exalted activity, will have neither good plumbing nor good philosophy. Neither its pipes nor its theories will hold water.”
    ― John W. Gardner (1912-2002)

Det er stengt for kommentarer.