Dugnaden lever i beste velgåande i norsk idrett, og på Facebook. I dei seinare åra har i alle fall feeden min formelig flytt over av foreldre som på vegne av poden og fellesskapet prøver å bli kvitt overprisa dopapir, søte kaker, lodd og ullsokkar. Sist ute var kransekaker til 300 kroner som er leveringsklare til konfirmasjonen i mai.
Det er bra at idretten viser kreativitet på dugnadssida, og å selge dopapir er kanskje lett. For nokon. Men ikkje for alle. For om du ikkje har råd, kjøper du ikkje overprisa kaker som du ikkje treng. Og har du ikkje råd, er det ofte slik at du kjenner mange andre som også ikkje har råd. Og dei du kjenner skal jo kanskje også selje kaker dei ikkje treng.
Er det slik at dugnad kan vere med å ekskludere barn og unge frå idretten?
I følgje tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) veks over 100 000 barn i Noreg (det vil seie ein av ti) opp i husstandar med vedvarande lav inntekt. Fattigdomen blant barn er høgare og veks raskare enn fattigdomen blant vaksne. Vidare veit vi at fattigdom betyr å mangle muligheiter for å delta sosialt, på lik linje med resten av samfunnet, og at barn i familiar med lav inntekt i mindre grad deltek i organiserte aktivitetar enn andre barn. Dermed går dei glipp av ein viktig arena der dei kan treffe jamnaldrande, og muligheit til å utvikle ferdigheiter. Konsekvensane av barnefattigdom vedgår ikkje berre barnet og barnets familie, men omgangskretsen, lokalmiljøet og storsamfunnet som heilskap.
I løpet av dei siste åra har det vore stort fokus i og utanfor idretten på det aukande kostnadsnivået i norsk barneidrett. Norges idrettsforbund (NIF) er bekymra over at ein er i ferd med å få eit klasseskilje i idretten der meir profesjonalisering driv kostnadane oppover. NIF ønskjer å gjere noko med dette gjennom ulike kampanjar.
Det er også eit uttalt mål i Norges Fotballforbunds (NFF) handlingsplan å arbeide for at barn og unge i lavinntektsfamiliar skal sikrast muligheiter for deltaking i organisert fotball.
Ved Høgskolen i Molde har vi derfor på oppdrag av nettopp NFF og i samarbeid med Møreforsking Molde nylig avslutta eit forskingsprosjekt som omhandla inkludering av barn og unge i lavinntektsfamiliar i norske fotballklubbar. Gjennom intervju med og spørjeskjema til ei rekkje norske fotballklubbar forsøkte vi å kartleggje barrierar og muligheiter for inkludering av denne målgruppa. På bakgrunn av dette utarbeida vi vidare ein veileder for norske fotballklubbar som ynskjer å jobbe for inkludering av barn og unge i lavinntektsfamiliar.
Klubbane rapporterer at hovedutfordringa for inkludering av denne målgruppa er kostnader knytt til medlemskap, treningsavgift og, ja nettopp, dugnad.
Dugnadstradisjonen i Noreg har røter heilt tilbake til middelalderen, der gardsdugnaden stod sterkt i bygdesamfunna. Gardsdugnaden innebar at bønder i ganske lik livssituasjon kom til unnsetning for kvarandre når oppgåver som kravde meir enn det folket på ein enkelt gard kunne gjere, skulle løysast. Etter 1840 vart folkerørsler etablerte i Noreg. Folkerørslene danna foreiningar som oftast var oppatt av nasjonale saker (t.d. fråhaldssak, politikk, folkeopplysning, misjon og idrett), men engasjementet fann ein lokalt. Og lokalsamfunna tok med seg gardsdugnadstradisjonen inn i organisasjonslivet, der foreiningsdugnaden oppstod. Foreiningsdugnaden skulle fremje «den gode saka» foreininga jobba for, og så lenge ein hadde kompetent arbeidskraft i den enkelte foreining kunne ein skape nødvendig infrastruktur slik at foreininga kunne vekse.
Ifølgje forskaren Håkon Lorentzen utvikla foreiningsdugnaden seg etter kvart til å verte ein generell medlemsforpliktelse. Altså, skal du vere med her, må du rekne med å bidra for fellesskapet. Samtidig utvikla pengedugnaden seg. Dugnad var dermed ikkje berre å byggje infrastruktur som klubbhus og hoppbakkar, men å skaffe pengar til drift og aktivitet i foreininga.
Lorenzen trekkjer i denne samanhengen fram eit viktig poeng: «Dugnaden formidler altså et sentralt trekk ved sivile fellesskap: Her er vi alle like. Er du med oss, har du nøyaktig de same forpliktelsene som andre medlemmer. Din status avhenger av hva du gjør for foreningen, ikke av hvem du er i alle andre sammenhenger. Her skal du ikke flagge dine statussymboler eller dine bekjentskaper, kun din vilje til å gjøre en innsats.» (2007, 26).
I dag er nordmenn på topp i Europa på dugnad, altså antal frivillige arbeidstimar i forhold til foketal. Og i idretten ser ein, at når drifta aukar, aukar behovet for dugnaden for å halde kostnadane nede for medlemmene.
Gjennom vårt studie fann vi at mange klubbar tek grep for å møte utfordringa med høge kostnader i barneidretten. For eksempel har mange klubbar interne støtteordningar, maksprisar for medlemskap, familiemedlemskap, betalingsreduksjon eller betalingsfritak og ulike former for dugnad som alternativ til andre avgifter.
Men det er verd å minne klubbar og idrettslag om å tenke seg godt om når ein initierer dugnadstiltak. Korleis kan dei legger til rette for dugnader som byggjer fellesskap og er inkluderande.
Å selge dopapir eller kransekaker er kanskje effektivt, men om en verken har pengar eller kontaktnett er det ei tilleggsbelastning som kan gjere vondt verre. Den dugnaden som skulle fremje likskap forsterkar kanskje fort det motsette: at her er ikkje alle like.
Referanse:
Lorentzen, Håkon (2007): Moraldannende kretsløp. Abstrakt forlag
*************************************
Associate professor Solveig Straume:
For as long as I can remember, sport has been a central part of my life and identity. Through different sports, I have experienced the extreme joy when reaching goals, and the great disappointments when not. I have made many friends (and some enemies) with whom I have shared valuable moments on and off the court. I feel privileged to have had the chance to study, work with and orient my research towards sport.