Forelesning i idrettsfag på Molde campus. Arkivfoto: Arild J. Waagbø

Stå opp mot gubbeveldet, jenter!

Dei kvinnene som klarer å stå i det og utfordre mannsdominansen  har sterk støtte på heimebane, men også i mannlege kollegaer som viser tillit og respekt, og som dei difor kan samarbeide med.

Av OSKAR SOLENES og SOLVEIG STRAUME

«Eg er ikkje interessert i å jobbe med fotball». Dette var svaret vi fekk da vi spurte ei jente om ho ville studere Sport Management hos oss. Jenta hadde lese kandidatundersøkelsen som viser at mange som har studert hos oss endar opp i jobbar tilknytt fotballen. Vi prøvde forsiktig å antyde at mange av studentane var interesserte i nettopp fotball, og at det av den grunn kanskje ikkje var så rart at dei av den grunn hamna i fotballen etter studia.

Men det er jo  eit hav av stillingar i idretten, også utanom fotballen, som treng kompetent og kvalifisert arbeidskraft.

Det som likevel fekk oss til å tenkje var at denne unge målbevisste jenta gav uttrykk for ei forståing av at det ikkje er så mange andre interessante jobbar for ei jente som har studert Sport Management. Kvar fekk ho det frå? Er det programmet vårt som appellerer meir til gutar? Trur jentene at dei ikkje får jobb etter studia? Er jenter rett og slett ikkje så interesserte i Sport Management? Eller er det idrettssystemet det er noko gale med?

Idretten blir i mange fora omtala som eit gammaldags gubbevelde som reproduserer seg sjølv. Tidlegare kulturminister Linda Helleland uttalte til dømes at den internasjonale idrettsrørsla har “glastak i betong som framstår umulig å sprenge” for kvinner. I følge Norges Idrettsforbund (NIF) sitt ferske kjønnsbarometer er det framleis ei overvekt av menn som leiar norsk idrett, men det skjer gradvis ei betring , og år for år blir det nokre fleire kvinnelege leiarar i idretten. Utviklinga går sakte, men den går i rett retning. Det er idrettskretsane som i dag har den høgaste delen kvinnelege leiarar (32 %) samanlikna med særforbund (24 %) og idrettslag (23 %).

Jorid Hovden ved NTNU har i mange år forska på kvinner og leiarskap i norsk idrett. Ho hevdar at i rekrutteringsprosessane til sentrale leiarroller i idretten, er dei «tunge» og mest kompetente kandidatane nesten alltid rekruttert frå nettverket av likemenn rundt dei som nominerer. Med andre ord rekrutterer gubbane andre gubbar. Vidare viser ho at “dei forklaringane som oftast gis på vedvarande mannsdominans av dei som sit på toppleiarposisjonane, er at mannsdominansen er eit resultat av at kvinner anten ikkje blir funnen tilstrekkeleg kompetente eller at kvinner av personlege grunnar ikkje ønsker seg slike posisjonar (…) det er ikkje organisasjonen det er noko galt med, men dei kvinnene som ønsker innflytelse” (Universitetsavisa 14 mars 2019).

Så korleis skal ein då greie å trenge gjennom betongtaket? Dersom haldninga er at det er du sjølv som er problemet?

Hovden viser vidare at det som særmerker dei kvinnene som klarer å stå i det og utfordre mannsdominansen for det første er at dei har sterk støtte på heimebane (ikkje TV-seien altså), men også at dei har støtte i mannlege kollegaer som viser tillit og respekt, og som dei difor kan samarbeide med. Desse mennene kjempar også mot gubbeveldet, fordi dei har forstått at dei og organisasjonen tener på kjønnsmangfald og demokrati.

Saman med kollegaer frå seks andre europeiske partnarinstitusjonar, jobbar vi for tida med forskingsprosjektet GETZ. GETZ (Gender Equality Toolkit for generation Z) har som mål å utvikle, gjennomføre og evaluere eit nettbasert undervisningsopplegg (MOOC) som omhandlar kjønn og likestilling i idretten, og som særleg rettar seg inn mot generasjon Z (ungdom født tidleg på 2000-talet). Gjennom tematikkar som ‘kultur og samfunn’,  ‘media’, ‘deltaking’, ‘kommersialisering’, ‘arrangement’ og ‘styring og leiing’ ønsker vi å nå ut til generasjon Z over heile Europa, og bidra til at dei reflekterer over kjønnsstereotypiar og arbeider for demokrati, større likestilling og kjønnsmangfald i idretten.

Som vi viste innleiingsvis skjer det gradvis ei forbetring i talet kvinnelege leiarar i norsk idrett. Det er på tide. Allereie midt på 1980-talet var det oppretta kvinneutval i NIF med mål om full kjønnsintegrasjon i idretten (Fasting 2005), kjønnskvotering[1] til idrettens styrer, råd og utval har vore vedtatt sidan tinget i 1990. Framleis er kjønnsbalanse på dagsorden i NIF, og fleire utval og tiltak er sett i verk for å auke kvinneandelen blant leiarane. For likestilling kan ikkje berre vedtakast, det må haldast i live, snakkast om, kjempast for og forsvarast.

Derfor treng vi både kvinner og menn som vil studere Sport Management, og som i neste omgang går ut og endrar idretten, som viser kvarandre tillit og respekt og som forstår at det ikkje er kjønnet ditt som avgjer kor kompetent du er til å ta leiarroller i idretten.

Så, oppfordringa er klar: stå opp mot gubbeveldet, jenter (og gutar)!

PS: I forbindelse med dette blogginnlegget gjorde vi ei kartlegging av kvinnene som har tatt bachelorgraden i Sport Management hos oss. Kvar enda dei opp etter at bacheloroppgåva var bestått og arbeidslivet venta? Arbeider dei i idretten i dag? Svaret på det er heldigvis ja, i stor grad. Nokon arbeider rett nok  som lærarar, som rådgjevarar i kommunar og som konsulentar i det private nærlingslivet, men mange ser vi igjen i idrettens lag og organisasjonar, i ulike særforbund, i fotballakademi, i klubbar, kretsar og som sin eigen sjef i treningssenterbransjen.

Referansar:

Fasting, Kari (2005) ‘Idrettspolitikk og kvinnepolitikk’. I Hanstad, D.V., og Goksøyr, M., Fred er ei det beste: Festskrift til Hans B Skaset 70 år. 209-218. Oslo: Gyldendal undervisning

[1] At idrettens styresamansetting skal spegle medlemsmassen har vore vedtatt sidan tinget i 1990, og dette betyr at ved oppnemning av meir enn tre personar til eit styre, råd eller komité tilslutta NIF skal det være minst to personar av kvart kjønn.

********************************************

Associate professor Oskar Solenes:

I grew up in a family where sport was part of family life. Through my childhood and youth, I tried out different sports without ever making it to more than recreational level, but it was an important part of my social life. Today, I am interested in sport as a social and cultural phenomena, and try to understand the role sport plays in society.

Associate professor Solveig Straume:

For as long as I can remember, sport has been a central part of my life and identity. Through different sports, I have experienced the extreme joy when reaching goals, and the great disappointments when not. I have made many friends (and some enemies) with whom I have shared valuable moments on and off the court. I feel privileged to have had the chance to study, work with and orient my research towards sport.