Annonse frå Romsdals Budstikke, november 1938.

Farefulle fjell og dynamitt

Nordvestlandet er kjent for bratte og farefulle fjell. På Otrøya var til og med eit av dei så skremmande for gardane nedanfor, at ein valte å sprenge det med dynamitt!

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Dei brattlendte fjella på Nordvestlandet har gjort at ei rekkje naturkatastrofar har råka området gjennom historia, og framleis vil gjere det i framtida. I våre dagar er eit rasfarleg fjell som Mannen i Romsdalen ein gjengangar i nyhetssendingane, medan Åkneset på Sunnmøre er kjent frå filmen Bølgen. Sprekkene på desse fjella veks i aukande tempo, og fører med det både til frykt hjå lokalbefolkninga som støtt og stadig må evakuerast, og til høge sjåartal for media som dekker desse dramatiske sakene.

Det er likevel uvisst akkurat når desse rasa vil kome, og trass i avansert geologisk overvaking, veit ein ikkje om rasa kjem om månadar eller hundreår. Då var det annleis på Otrøya, der ein sette ein eksakt dato og tok fram dynamitten på 1930-talet!

Kløvhaugen 

Kløvhaugen var ei stor fjellblokk i nakken ovanfor garden Ræstad på Otrøya i Romsdal. Ja, var, for den finst ikkje meir.

Kløvhaugen var ei ovstor fjellblokk som låg og truga kring 400 meter ovanfor gardane, som ein ustabil og farleg granne. Dei som budde nedanom denne fjellformasjonen var nok fullstendig  klar over at den ville komme ramlande ein gong. Men når? Det var sjølvsagt spørsmålet, for bøndene som såg at kløfta hadde auka med nokre tommar for kvar haust dei gjekk forbi på saueleit.

Kløvhaugen på Otrøya , kort tid før den forsvann både frå romsdalskartet og som overhengande fare for gardane på Otrøya. Kjelde: Birkeland/Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Journalisten, forfattaren og målmannen Anton Beinset, kjent for sine «naustloftbrev» frå Otrøya, var fødd i 1894. «Beinset’n», som han vart kalla, kunne fortelje at då han var smågut, då kunne dei lett skreve over kløfta. Men 30-40 år seinare, var den visstnok fleire meter brei. Og med dei titals omkomne frå Tafjordulukka i 1934 og Loenulukka eit par år seinare i minne, var det ikkje rart at folket på Otrøya ville setje i gang eit arbeid for å få vekk denne faren. Nedanfor låg jo gardar og hus, og ikkje minst så gjekk jo skuleborna til og frå skulen langs fylkesvegen under fjellet.

Statsgeologen

På grunn av frykta for ras, vart statsgeolog Bugge tilkalla for å granske saka. Og som det heiter seg i ein rapport frå synfaringa:

«Efter henstilling fra distriktet foretok statsgeolog Bugge den 10. september 1936 en undersøkelse av Kløvhaugen på Otterøya i Romsdal, som man mente ville rase ut og forårsake skade.

Kløvhaugen er et fjell som ligger ca. 400 meter over havet. Det er meget steilt og utilgjengelig fra forsiden. Det springer noe frem fra den øvrige fjellside og det var bakenfor to tydelige, vertikale sprekker i fjellet parallelt med fjellsiden. Den bakre av disse sprekker var 120 meter lang og den fremre var ca. 33 meter lang. I begge disse sprekker blev det ved statsgeologen nedsatt merkebolter. Det var særlig den fremre som han mente var farlig. Sprekken var ca. 1 meter bred, 33 meter lang og åpen så man kunne fire sig ned til en dypde av 25 meter og gå på bunnen i hele sprekkens lengde. Blokken har en lengde av 33 meter, tykkelse ca. 18-20 meter og sprekken er synlig utenpå til en dypde av ca. 45 meter – altså en ganske anseelig mengde steinmasse. Noen bunnsleppe var ikke synlig, men det var tydelig at foten av blokken var upålitelig. Fjellarten er gneisgranitt med tydelig lagdeling parallell med sprekken som har et lite fall utover.

Statsgeologens konklusjon var at blokkens forholdsvis smale fotstø vilde klemmes istykker og at det derfor var fare for at blokken vilde ramle ut.»

Etter at statsgeologen hadde granska saka og tilrådd at fjellet måtte sprengast, vart dette utrekna til å koste heile 12 000 kroner. Både Naturskadefondet, det lokale kommunestyret og private gjekk snøgt inn med midlar, slik at det i alle fall ikkje skulle stå på pengane om noko måtte gjerast raskt. I tillegg lova lokalbefolkninga å stille opp med hjelp til å frakte meislar og borar, sprengstoff og anna tungt utstyr til det ulendte fjellet, trass i at dette vart sagt å vere eit særs farefullt arbeid med fare for liv og helse.

Innlegg frå Romsdals Budstikke, november 1938.

Mediesak

Ikkje minst ser me at det var oppslaga i lokalavisene som hausa opp stemninga på denne tida, der ein mellom anna kunne lese at fjellet var i stadig rørsle og at sprekkene visstnok auka med fleire cm i veka. Andre, som kontrollerte rørsla på privat initiativ, var derimot noko meir tvilande til dette.

Fagfolk og lokale hovdingar vart likevel samde om å prøve å sprenge vekk heile den, bokstaveleg talt, overhangande fara. Datoen for storhendet vart sett til måndag 14. november 1938. Og som det heiter seg i lokalavisa Romsdals Budstikke, var dette eit storhende der «… fylkets autoriteter med fylkesmannen i spissen blir til stede», og heile storhendet skulle både filmast og kringkastast. Ja, det vart til og med sett opp fleire rutebåtar frå så vel Molde som bygdene langs romsdalsfjordane til dette planlagde fjellfallet, til ein felles pris på kr. 1,50. I tillegg veit me at ein gjekk ut med ei oppmoding til alle nabokommunar om å gje skulelevane i storskulen fri, slik at ungdomane også skulle få med seg at aviskjendisen Kløvhaguen gjekk i sjøen.

Dynamitt

Då dagen kom, var veret diverre så surt at ein mest ikkje såg noko som helst, og fylkesmann Utheim vart visstnok så våt at han knapt nok visste om han skulle halde seg i bilen eller stå ute. Presis kl. 12.00 vart det likevel trykt på knappen som løyste ut ei sprengladning på om lag 1000 kg dynamitt. Og som det heiter seg i ein omtale av denne storhendinga:

«Efter all den avisreklame som var gått foran denne begivenhet var jo folk forberedt på en forestilling utenom det vanlige. Det møtte frem reportasjebil fra kringkasting, filmfotograf, pressefolk og fotografer. Fylkesmann, overingeniør, ildsfarlighetsinspektøren og flere representanter fra sprengstoffabrikkene var også tilstede. Dessuten var det møtt frem et par dampskib og en rekke motorbåter fullastet med folk. Det var derfor ikke fritt for at jeg var noe spent på hvordan det vilde gå. Det var jo som å holde en større forestilling uten generalprøve».

Trass i at raset på langt nær vart så spektakulært som planlagt, forsvann likevel fjellformasjonen Kløvhaugen til fordel for ei ur av småstein og støv. Dei 600 frammøtte var nok skuffa over at smellet var lite, og at korkje hus eller naust vart knuste, men bøndene under fjellet var nok godt nøgde. Og som Romsdals Budstikke skreiv, var det slik at: «Kløvhaugen går nu inn i Romsdalshistorien som eg sagnfjell, som i flere menneskealdre har truet folk derute, men som nu heldigvis er fosvunnet for alle tider.»

Les meir: Romsdalsmuseet årbok 2016.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.